Lesningar for festen for Maria Guds mor 1. januar

I dag gjev Herren Moses det som vert kalla den aronittiske velsigninga. Dei orda kling godt i møte med denne festdagen, då me feirar Guds mor, Maria, også kalla Theotokos, Gudfødersken. For Herren har lyft sitt åsyn på Maria, og gjeve henne fylden av nåde.

Maria er frå byrjinga forma til si gjerning. Ho er jomfrua, den reine, ho som ikkje er merkt av arvesynda, men som i heilag einfald tek i mot livet, slik Gud skjenker henne det. Me kan då spørje oss om dette gjer Maria til noko anna enn oss. Vert Maria i hennar reinskap fjern frå våre eigne liv? Beatrice Bruteau, ein filosof, lærar og mystikar som døydde i 2014, drøftar dette i ein artikkel der ho held Maria opp mot våre eigne liv. For kva skil eigentleg Maria frå oss? Arvesynda vil me spontant svare. Maria vert budd for sitt livskall heilt frå byrjinga. Likevel finst der ein likskap, noko me deler som ligg djupare i menneskesjela. For kva er utgangspunktet for kvart menneske? Kvar kjem me frå? Skapar Gud små, forkomne syndige menneske? Nei, eit kvart menneske er eit kjærleiksborn, ikkje skapt, det vert eit altfor livsfjernt språk for ei så stor hending som eit menneskeliv er. Nei, me er elska fram av Gud inn til dette jordelivet, forma i vår grunnform som reine, syndfrie, fullkomne, heilage.

Sidan vert me ramma av synd og manglar, vond vilje og fråvær av Gud, dette som med eit ord kallar arvesynda. Det betyr ikkje at me ikkje er i kontakt med vårt opphavelege vesen. For under all synd og alle manglar, når me ser innover mot oss sjølv, kan me ane det Beatrice Bruteau kallar det opphavelege andletet, det sanne andletet av kven eg er. Kor ofte har me ikkje tenkt på dette? Når me er eitt med oss sjølve, når me har den djupe Gudsfreden i hjarta, når kjærleiken strøymer fritt. Då tenkjer me, ja, slik er eg, no er eg eitt med mitt indre. Eller motsett, når me krenker og gjer feil, syndar og sårar oss sjølve og andre. Då vrir me oss i smerte, og vedstår at dette er ikkje meg, det er ikkje slik eg vil vere, eg vedgår at eg krenker mitt opphavelege andlet, mitt eigentlege eg. For både Maria og vi alle kan dele erkjenninga av den djupe sanninga som bur i djupet av kvart menneskes hjarte. Men der eg feilar og gjer urett og stadig må erkjenne mi skuld, der lever Maria sitt liv med eit evig djup-blikk mot sitt opphav og sitt sanne vesen, mot Gud og hans veg for henne. Betyr det at Maria vert guddommeleg? Nei, då ville ho vel ikkje spurt Gabriel om korleis frelsesverket skulle finne stad i hennar morsliv? Då ville ho ikkje kritisert Jesus som tolvåring i tempelet, då ho sa: Korleis kunne du gjere dette mot oss, me har vore så redde!?

Hadde Maria visst alt hadde ho visst at Guds Son høyrer heime i sin Fars hus. Men Maria er eit menneske som lever eit liv med store prøvingar, undring, uro, som sidan eskalerer i angst, fortviling og sorg, før ho ved Guds nåde vert lyft inn til Himmelriket, der den aronittiske velsigninga fyller alt og alle.

Maria har fått den gåva frå byrjinga som me i våre trusliv strekkjer oss mot gjennom eit langt liv  der me let oss forme gjennom erkjenning av oss sjølve på godt og vondt, gjennom audmjuking og stadig omvending. Slik vert Maria ikkje overmenneskeleg, men eit førebilete, eit menneske som viser veg for oss, som ved sin reinskap kallar oss mot det same målet, å formast til det mennesket Gud i opphavet forma oss til. Det vil i røynda innebere at også vi vert theotokos, som skal gjere Gud nerverande i denne verda.

Slik sett ligg 2017 programfesta for ein kvar kristen. Gjennom å strekke oss mot trua og mot sanninga, mot vårt opphavelege andlet, vert me forma og forklara, betre skikka til å vere bustad for Den Heilage Ande, og meir eitt med oss sjølve. Denne grunnretninga i kristenlivet har pave Frans stadig lyft fram, noko som også kom til uttrykk då han heldt si årlege julehelsing til kurien den 22. desember. Der varsla han at reforma av Kurien held fram, og han presenterte ei tolvpunkts liste for at reforma skulle lukkast. Det er eit lesverdig dokument som de kan finne på brørne si heimeside, men her og no skal eg berre lyfte fram det aller fyrste punktet som paven kallar «Individuelt ansvar (personleg omvending)»! Me treng eit fornya personell, seier paven, ikkje nytt personell. Denne påstanden gjeld ikkje berre kurien, men heile kyrkja. Skal kyrkja halde fram med å vere eit sanningsvitne om Guds kjærleik til alle menneske i denne verda treng me ei stadig indre omvending, der kvar enkelt av oss lever ut kallet til å vere Kristusberarar i vår tid. Maria er Theotokos, og me tek del i Maria si oppgåve ved gjennom våre liv gjere Gud nerverande i denne verda.

Så lat oss gå inn i det nye året med ei bøn om at me veks som bustad for Herren, og må Herren sjølv lyfte sitt åsyn på oss alle og gje oss fred!