Juledagspreike

Inkarnasjonsmysteriet kjem til oss på ein høgst menneskeleg måte. Stallen med julekrybba, stjerna og dyra som står der i taus undring er noko me kan kjenne liksom frå innsida av oss sjølv. Maria og Josef lyser av audmjuk fred, og barnet sjølv, ja, kva kan me sei om det?

I vårt kloster startar ikkje julehøgtida med midnattsmessa. Tradisjonen tru var det dei aller minste som fekk opne høgtida ved barnegudstenesta klokka 15 i går. Me tente lys, me song julesongar, og til slutt kom høgdepunktet då Jesusbarnet (som forresten vart borte like før liturgien skulle starte, berre for å bli funnen att her på alteret – er det ikkje slik Herren sjølv så ofte står fram?…) – til slutt kom altså høgdepunktet då Jesusbarnet skulle bli lagt i krubba. Han vart forsiktig lyft ned frå alteret medan alle ungane stimla saman i midtgangen. Før prosesjonen starta måtte alle fram og sjå på den vesle som kviler så stille. Små undrande barneblikk såg med stort alvor på han som dei sjølv kan spegle seg i.

Me gjekk ned midtgangen, opp langs sida og til slutt vart Jesus lagt i krubba medan me sto rundt og song «Mitt hjerte alltid vanker i Jesu føderom.» I slike augneblink er det ikkje berre årets julefeiring som trer fram for oss, det er liksom summen av alle juler som fløymer, minner frå eigen barndom, frå song og glede. Og likevel. Midt i alt det familiære og djupt menneskelege møter me mysteriet, eit mysterium som også speglar seg i andleta til dei små som sto rundt krubba i går: «Kva er det?» undra dei seg, saman med oss. Eit lite barn lagt på staden der dyra vert fora? Er dette himmelbrødet som skal nære vår jord?

Jesus er den nye manna seier teologane, men korleis kan me forstå det? Den fyrste mannaen kom som Guds svar på Israelsfolkets klage etter at Moses førte dei ut frå Egypt. «Om vi berre hadde fått døy for Herrens hand i Egypt då vi sat rundt kjøtgrytene og åt oss mette!» (2. mos 16,3) Men Gud sa til Moses: «Sjå, eg vil la det regna brød ned til dykk frå himmelen.» (2. mos 16,4). Og ganske rett, om kvelden regna det vaktlar over leiren, og morgonen etter låg det eit slags rimlag på marka, og folket spurte seg «Kva er det?» (2. mos 16,15) – på hebraisk sa dei: man hu? – og slik fekk altså himmelmaten namnet sitt, manna.

Om dette brødet les i me i Visdommens bok: «Til gjengjeld mettet du ditt folk med englenes mat, du sendte dem brød fra himmelen, fullt ferdig brød som de ikke behøvde tilberede. Det var en nytelse å spise og svarte til enhvers smak.»
Er det ikkje fantastisk? Eit brød som svarte til ein kvar sin smak? Folket skulle ikkje berre bli mette. Dei skulle nyte kvar bit av skiva som smakte av koreander og honning – ein forsmak på det lova landet!

I den gamle jødiske lovboka, mishnaen, hevda dei gamle rabbinarane at manna var blant dei ti tinga som vart skapt allereie om kvelden på den sjuande dagen, saman med blant anna Arons stav og dei to lovtavlene som Herren gav Moses på fjellet Sinai. Manna var altså der frå tidenes opphav, som noko bestandig som Gud hadde førebudd som førebilete for ein større plan. Men den nye manna, den var endå eldre, ja, den var evig, for den var Gud sjølv. I opphavet var Ordet, Ordet var hos Gud, og Ordet var Gud.…

Man hu – det var det som lyste av augene på borna når dei sto rundt krubba i går. Kva er det? Det er han som gjev seg som føde for denne verda, dette er det sanne himmelbrødet «som kjem ned frå himmelen og gjev verda liv.» (Joh. 6,33). Dette er brødet me ber om i Fader Vår, som både tyder det daglege brødet, men også det overnaturlege brødet, mat til frelse som kyrkjefaderen Kyprian av Kartago seier det. Det er det sanne brødet, seier Jesus sjølv, som verda treng for å få del i det evige liv. Me hugsar kva C. S. Lewis sa om dette: Nokon som hevdar noko slikt må enten vere ein løgnar, ein galning eller Herren sjølv!

I dag skodar me byrjinga på Guds frelsesplan, som vert fullenda ved Jesu død og oppstode til evig liv. Det er den herleggjorte lekamen Herren deler med oss, slik at me skal bli til det me et. Og slik går det til at kvar gong me går til alteret og nyt av Herrens festmåltid vert orda i Johannesprologen verkeleggjort i vår falne verd: Og Ordet blev kjød og tok bolig iblandt oss, og vi så hans herlighet – en herlighet som den en enbåren sønn har fra sin far – full av nåde og sannhet. (Joh. 1,14)