Kva er det eigentleg med denne synda i vårt tilvære? Me trivst best med å sjå oss sjølv som moralsk rettskafne, og likar ikkje når me får riper i lakken i vårt eige sjølvbilete. Og samstundes ligg det noko litt sprelsk og tiltrekkande i det som ikkje er heilt bra. Tenk berre på teateret: Det blir ikkje skikkeleg livleg før han der slemme kjem inn på scena? Det må liksom ein satan til før spelet og spenninga kjem riktig i gang!

Kanskje er det slik fordi det speglar noko djupt i våre eigne liv. Me lever i ein åndeleg og moralsk ambivalens som gjer seg utslag i våre konkrete val og handlingar. Med tunga som ror styrer me litt hit og litt dit, og me kan aldri være heilt trygge på kor ferda går. Slik sett er teaterscena berre ein måte å spegle våre eigne liv, med då på trygg avstand…

Det grunnleggande perspektivet på den ibuande synda i menneskets eksistens kjem også fram i dagens tekstar. Skapnadshistoria vitnar om korleis Gud formar menneske. Ved Guds eigen ande får me liv, og alt er såre godt. Ved det uforståelege fallet kjem synda inn i verda, og menneskets augo vert opna, og med det vert det seglet som skilde menneske frå synda reven bort. Frå no av kjem også døden inn i verda, og menneskeslekta ber i seg skuldkjensla og ur-skamma over kva det har gjort, samstundes som vi lid under dei kåra me no er sett til.

Til sist sender Gud forløysing og forsoning. Der den fyrste Adam leier menneske inn i synda, der vert ein manns rettferdige gjerningar til vår frelse. Jesus er den salva kongen som opnar vegen til paradis, til Guds rike som byrjar her og no.

Det krevst ikkje meir enn i overkant av hundre ord for å teikne opp denne røyndomen av skapnad, synd og frelse. Det tek diverre langt meir å gjere den same røyndomen til vår eigen. Det er difor me lever vårt tilvære i fellesskap alltid med blikket retta mot Kristus. Me går til messe, me ber våre bøner, me ransakar vårt samvit og søker å legge liva våre i Guds hender. Alt leier oss nærare vårt kall til å la Kristus fylle oss med sitt nærvær og sin nåde.

I tillegg til dette har kristenfolket utvikla eit rikt andaktsliv som skal styrke oss i denne overgjevinga. Dominikanarane sjølv har forplikta seg på ei av desse formene, eg tenkjer sjølvsagt på rosenkransen. Denne bønelenka har som formål å leie ein kvar kristen, og for vår del, ein kvar dominikanar, djupare inn i Gudsmysteriet openberra i Kristus. Ikkje berre ved å henge til pynt, men ved å be regelmessig, slik me gjer kvar fredag før messe i fastetida.

Ved å nærlese Jesu liv gjennom Maria sitt nærvær og hennar blikk opnar det seg nye horisontar også i kvar enkelt truande sitt liv, nye innsikter og fornya kjærleik til vår frelsar.

Me mediterer Jesu liv gjennom dei fire mysteria som kvar består av fem refleksjonar; gledas, ljosets, smertas og herlegdomens mysterium. Gjennom Jesu liv, forkynnargjerning, hans liding og kross vert me leid heilt fram til oppstoda, himmelferda og Maria si kroning i himmelen.

Av alle desse tjuge stasjonane er det likevel to som skil seg litt ut. I det smertefulle mysteriet fylgjer me vår Herre frå Getsemane hage gjennom hans liding og død. Men to stasjonar rettar merksemda ikkje berre mot kva Jesus må uthalde, men også kva menneskeslekta ber i seg. Hudstrykinga og tornekroninga avdekker den valden og forakta som bur i menneskehjarta, og som stadig på nytt manifesterer seg i historia og i våre eigne liv. Me har så lett for å fylgje hatets veg. Og våre torturreiskap er finurleg utforma, godt polstra av offermentalitet og sjølvrettferdiggjering, heilag vreide og aktiv motvilje mot å sjå vår neste. Vår eiga kyrkje er ikkje noko unntak, men tvert om tidvis ein arena som ikkje-truande berre vil kalle popcorn-time. Len dykk tilbake og nyt showet. Det er diverre litt som i teateret…

Det er denne røyndomen rosenkransen dveler ved i dei to stasjonane i det smertefulle mysteriet. Valden som veltar over Kristus når han vert piska er eit vitnesbyrd om kor skakkøyrd verda vår har blitt. Så skeivt er alt blitt at me ikkje klarar å tenkje oss ei verd utan. Det demoniske er ikkje berre ein nytestamentleg røyndom, den lurar også på mange hald i vår eiga tid og i vårt eige hjarte. Kvar impuls, kvart sting av hat som me avdekker i vårt indre skjulte er eit ekko av den demoniske krafta som leier menneske til fall og fortapelse.

Eg veit likevel ikkje kva som er verst. Valden, eller forakta som fylgjer. For menneskeslekta er ikkje ferdig med Jesus etter at han er torturert. Han skal også hånast. Tornekrona er det absolutte uttrykket for avvising, der han som skulle vorte hylla vert fornedra. Denne handlinga vitnar om det motsette av det audmjuke hjartelag, vilje til det godt og miskunn for kvarandre. I djupet av forakta ulmar menneskets eige sjølvforakt, næra av eigne sår og tvil på eige verd.

Fastetida er ei tid for omvending. Og me må sjå i kvitauge kva me treng å vende oss bort frå, og kva me treng å vende oss til. Me er kalla til å sjå sant om oss sjølve, og starte nettopp der, i vårt eige indre, slik at me kan opne oss for Kristi lækjedom der me treng det mest. Fastetid er forsoningstid. Det er tid til å ta grep, ikkje minst i brotne relasjonar og indre sår. Slik vert fastetida sannings og miskunns tid, ei tid for konfrontasjon men også utfriing og fred.

Den amerikanske skodespelaren Mark Wahlberg, sa i ei helsing til sine fans at alle snakkar om at det skal vere mindre av alt. Men viktigare, sa Mark, er det med meir! Meir kjærleik, meir toleranse, meir varme, meir vilje til det gode. Det er eit fasteforsett eg stiller meg bak. Og kanskje er det også det sikraste forsett som stiller oss på rett side på scenegolvet i våre liv, og som gjer at me kan ynskje oss ei verkeleg god fastetid!