Å leve frelsa

Dagens lesningar sitrar av forventningar! Jesaja profeterer om Guds komme, frelsa er nær, Gud sjølv skal fri oss ut. Sorg og sukk må røma, no er det fryd og glede som fyller hjarta. For folket skal få sjå Herrens herlegdom, stråleglansen frå vår Gud.

Desse linjene peikar fram mot Kristus, Messias som skal kome og forløyse Israelsfolket. Men når Jesus står fram blomstrar ikkje ørkenen der Johannes har forkynt. Jubelen slår ikkje i taket. Jesaja sine ord står i kontrast til spørsmåla som Johannes stiller Jesus der han sit tvilrådig i fengslet. «Er du han som skal kome? Eller skal me vente ein annan?» Ein annan. Så usikker er Johannes, den store profetrøysta som har skaka opp heile Judea og trekt til seg skarar frå Jerusalem.

Men Jesus svarar ved å peike på det som skjer rundt han. Frelsa er ikkje transcendent og ullen. Den er konkret, og grip inn i menneskelivet. Når Immanuel kjem, Gud med oss, då er han nett det. Med oss. Han grip aktivt inn, slik me høyrer i salmen:

Herren gjev dei undertrykte til deira rett,
han gjev mat til dei som svelt.
Herren set dei bundne fri.
Herren gjev dei blinde syn.

Det er dette Jesus viser til som svar når Johannes spør. Han er vegen, sanninga og livet, og gjev av seg sjølv, som ei leskande kjelde, som angande eng. Poesien i Jesaja omslutar Jesus, Kristus oppfyller hans ord, og dei som får erfare Herrens verk får ny kraft.

Kvar står så me? Kjenner me Herren i vårt eige liv? Tek me til oss av Herrens kraft? Ja, tidvis kanskje. Men tidvis sit me kanskje litt som Johannes, og spør etter kvar Gud er no.

Gud kallar oss til å snu på det perspektivet. Å fylgje Kristus er ikkje å vere passiv mottakar. Me er ikkje fyrst og fremst kalla til å ta i mot, men til å ta del. Det er det me gjer i kvar einaste messe, og me veit då også at liturgi tyder «Folkets arbeid». Det er ved handling at me vert eitt med Kristus. Katolsk oppfatning av røyndomen er at ho er djupast sett sakramental. Gud fyller verda med sitt nærvær, dei synlege tinga er berarar av Guds nåde, Herren er tilstades i sin skapnad, og alt er teikn på ein høgare røyndom, det guddommelege mysteriet som alt spring ut frå. Når Kristus kjem er også mysteriet kome nær. Og gjennom apostlane og overleveringa frå Herren sjølv held inkarnasjonen fram. Kyrkja er Kristi lekam, eitt med han som er hovudet, og det er i dette mystiske forbandet at me lever og er til. Kyrkja er til gjennom deltaking i Kristus.

Når me ser på trua vår i dette ljoset endrar det vår forståing av tekstane. Når me les salmen om att som me høyrde her over er det ikkje lengre Herren som er den aktivt handlande part. Det er ikkje Herren som gjev mat til dei som svelt. Det er Herren gjennom oss. Gjennom oss set han dei bundne fri. Gjennom oss opnar han synet, reiser dei nedbøygde. Difor slutar denne oppramsinga av Herrens verk med å sei: Herren elskar dei rettferdige.

Herren elskar dei som gjer Herren nærverande på denne jord. For gjennom kvar og ein av oss kan Gud få gje det han lengtar etter. Han vil ikkje fyrst og fremst gje oss sanningar om seg sjølv, eller menneskelivet eller korleis alt heng saman. Han vil fyrst og fremst gje seg sjølv. Den djupe sanninga Gud skjenker oss er seg sjølv. Og me tek del i Gud gjennom våre levde liv: ved sakramenta, skriftemålet, eukaristien, bønene og i stilla, gjennom nestekjærlege handlingar prøva i trua.  Kristus leier oss på denne sanningsvegen når me tek del i han, gjennom dei gjerningane han legg klar for oss i våre liv, både i og utanfor kyrkjeromet. Det er dette som er livets liturgi, folkets verk som vert signa og lyft av nåden i Kristus. Frelse er her. Lat oss leve ho ut!

Og så vil ørken og villmark glede seg, ødemarken jubla og bløma som lilja. Libanons herlegdom har ho fått, Karmels og Sarons glans.
For Herren er her.