Særeigen signatur

Då Henri Matisse sette seg føre å byggje eit kapell for dei dominikanske systrene i Vence i sør-Frankrike hadde han undervegs i prosessen eit bibelvers som stadig kom til han, eit slags mantra som motiverte han i arbeidet, og han ynskte at desse orda skulle skine gjennom hans verk: «Kom til meg, alle de som slit og har tungt å bera; eg vil gje dykk kvile!» (Matteus 11,30).

Då han hadde avslutta arbeidet som omfatta alle sider av kapellet – arkitekturen, møbleringa, måleria, messehaglene, ja, absolutt alle detaljar i dette bønehuset – då sa Matisse sjølv at dette kapellet var krona på verket over heile sin karriere. Og somme tider, då det elles var stilt i kapellet, kunne systrene fortelje at Matisse kom inn og sette seg på ein av stolane under biletet av Maria og Jesusbarnet, med augo fylt med tårer. Han døydde to år etter at arbeidet med kapellet var avslutta.

Eg trur Matisse sjølv fekk erfare djupna i Jesu ord, og eg trur han møtte Jesu milde invitasjon i dette kapellet. I dag er det vi som er invitert inn i Kristi nærvær i det han kallar oss inn til hans store miskunn og varmande omsorg. Kom til meg, seier han. Kvil, og lær av meg. Ta mitt åk på dykk, det er godt å bære.

Midt i all menneskeleg smerte og tung livserfaring skjer Jesu ord gjennom, kompromisslaust og tidvis mest provoserande. Det finst ei frihamn for vår liding og uforskyldte smerte, frå synda som tynger oss i smått og stort, og frå våre sjølvsentrerte liv. Kristus kallar oss til å ta del i hans audmjuke sinnelag, til å late oss forme av han, og få del i den kvila som berre han kan gje. Men kvar skal me gå for å kome dit? Korleis kan me fylgje Jesus dit han vil?

Jesus sjølv seier: «Eg er ikkje komen ned frå himmelen for å gjera det eg sjølv vil, men det han vil, han som sende meg» (Joh. 6,38). Herren kallar oss til einskap med han, i lydnad og overgjeving. Jesus lever med denne lette livsinnstillinga, alltid med blikket fest mot Faderen. Kristi «byrde» er likesom fråvær av eigenvekt, i stadig søken mot å gjere Faderens vilje.

Dette er visdom som dei store mystikarane i kyrkja si tradisjon har grunna på mange forskjellige vis. Ein av dei er vår dominikanske medbror Meister Eckhart. Når Meister Eckhart skal gje råd for korleis me skal kunne skjelne og finne sunn dømekraft, startar han med nettopp dette ordet, lydnad. Lydnad, seier mystikaren, er dyden over alle dyder. Å leve ut lydnad er å gje avkall på sitt eige, på mine ynskjer og eigne behov. Det er å legge seg over i Guds vilje, og sei med Jesus, -ikkje som eg vil, men som du vil. (jfr Lukas 22,42) «Lydnad skapar alltid det beste av alt i alle ting» seier Meister Eckhart, for sann lydnad vil alltid ha som opphav og mål den same kjelda, nemlig sanning. Og sanninga set fri. Då kan me sjå oss sjølv i kvitauge, og tole røyndomen om kven me er på godt og vondt. Då kan me be om tilgjeving for urett, og forsone oss med Gud, vår neste og oss sjølve.

Men kva så med dei mange såra i vår sjel som nok ligg bak oss, men som likevel merkar oss, som kanskje ligg der som skuggar av skam og sorg?

For å få svar på det kan me faktisk ty til Facebook! Eg vart i alle fall djupt inspirert då eg ein dag kom over ein artikkel om eit japansk handverk kalla «kintsugi».

Då ein japansk «shogun», herskaren i det japanske riket, ein gong på 1500-talet kom i skade for å knuse ein stor vase, sende han dei knuste bitane til Kina for å få sett saman vasen att. Etter ei tid fekk han vasen tilbake, med store skjemmande metallnaglar i alle skjøtar. Han sette seg som mål å skulle gjere det betre enn dette, og japanske handverkarar utvekla ein teknikk der alle skjøtar i vasen vart sveisa saman med gull eller andre edle metall. Slik vart dei mange brota i vasen ikkje forsøkt dekte til, men framheva ved det vakre metallet. Ikkje berre vart vasen særeigen og vakker. Han fekk sin eigen signatur, sitt unike uttrykk, og han vart endåtil sterkare!

Om me tenkjer oss liva våre som ein slik vase, og alle brota som våre synder, misstak og djupe sår, så kan me sjå Guds miskunn, tilgjeving og omsorg som lækjedom som gjer oss heilare, sterkare og vakrare. Me vert heilstøypte og unike, med vår heilt eigenarta signatur. Då kan me også erfare at våre indre sår vert omskapte, og at noko nytt veks fram med sin heilt eigne venleik. Me er kalla til å leve opne og frie liv, uredde liv der skam vert snudd til vitnesbyrd om Guds tilgjeving, der det tyngande åket vert lett å bere, og der våre sorger kan finne kvile.

Gud tek gjerne imot oss som brotne kar, så hans miskunn skal kunne få skine for alle.