Miskunnsvegen


Forteljinga om ´den barmhjertige samaritan´ er ei av dei slitesterke likningane som held fram med å nære oss, ei levande kjelde av ein kjent bodskap. Kven er så min neste, spør Jesu tilhøyrarar, og me stemmer liksom i med det same, ja, kven er eigentleg min neste? Som om me treng å verte minna på svaret enno ein gong, som om gamle Adam framleis helst vil halde fast ved sitt…

Det var Gustavo Gutiérrez som opna denne likninga for meg for alvor fyrste gong. Under ein foredragsserie under studietida i Lille mala han opp for oss bilete av presten og levitten, gjenkjennelege og om me vel å sjå det frå deira side, kanskje også med haldbare motiv for ikkje å hjelpe; det ville gjere dei rituelt ureine om dei greip inn.

Men hovudpersonen, hamra Gustavo inn, låg der utan klede. Det vil sei: Han er den anonyme, han er «mennesket» i rein form, umogleg å døme ut frå sosiale eller kulturelle kriterium. Og, sa han, kva er det Jesus ynskjer å sei? Kven er min neste? Og så gjekk han nedover langs pultrekkene og spurte oss: Er du min neste? Er du min neste? Inntil me såg Jesu inverterte bodskap i Gustavo sin demonstrasjon: Jesus peikar ikkje utover. Han peikar innover. Min neste er han eg vel å gjere meg til neste for!

Å leve kristent er å omsette tru til gjerning, det er å leve ut nestekjærleik, ikkje minst til dei som står oss nær. Men omsorg for nesten vil alltid ha høgste prioritet i møte med dei som treng det mest, fjern eller nær, familie eller framand. I møte med den konkrete situasjonen fell orsakingane, og me står att med skuld saman med presten og levitten, eller me gjer det eine naudsynte rette. Då hjelper det ikkje å gøyme seg bak sin eigen travle agenda. Det får heller være at eg må bære ubehag. Kanskje blir det eit økonomisk tap. Eller kanskje må eg også berre sette av tid og mot til å vise menneskeleg varme og nærvær.

Men eg kan ikkje hjelpe denne verda med all verdas lidingar, seier me kanskje. Til det er det freistande å minne om Franz Kafka, som hevda at menneske er berre ansvarleg for det arealet som fotbladet dekker. Det er der du set ditt konkrete fotavtrykk at du faktisk også kan gjere størst skilnad.

«So far so good» kan ein kanskje sei.

I botn av denne likninga ligg det eit prinsipp til grunn, ein føresetnad som me kanskje i dag må stille spørsmål ved, nemleg det å elske sin neste som seg sjølv. Me vil kanskje gjerne kunne sei korleis Guds nærvær og kjærleik fyller livet mitt. Me vil kanskje kunne sei at me i alle fall har ein intensjon om å hjelpe dei som treng ei hand. Men når det kjem til relasjonen til oss sjølv, har me det rette hjartelaget der? Viser eg sann omsorg for mitt eige liv?

«Ingen har noensinne hatet sin egen kropp» skriv Paulus i Efesarbrevet når han legg ut om samlivet mellom mann og kvinne. «Nei, man gir kroppen næring og pleier den på samme måte som Kristus gjør med kirken.» (Ef. 4,29)

I vår tid er det mange teikn som peikar i ei dystrare retning. Og det syner seg ikkje berre i dei meir ekstreme uttrykka blant dei unge. Når me blir eldre får symptoma merkelappen livsstilssjukdommar. Einsemd. Kynisme. Eit avstengd tilvære. Likesæle. Ein stad på vegen låg me kanskje att, og fekk kanskje ikkje hjelp av nokon miskunnsam samaritan, verken i skikkelse av dei rundt oss eller av oss sjølve.

Kanskje er det dagen i dag for å sjå med eit meir ærleg blikk på vårt eige tilvære, og blottstille våre skavankar og skader for Gud, for oss sjølve, og kanskje for nokre heilt fortrulege vener…

Orkar eg å sjå mine eigne sår, eller avviser eg mine eigne skuggesider? Visar eg overdriven omsorg mot andre for å dekke over manglande omsorg for meg sjølv? Dekker eg over eiga avmakt ved eit overdrive behov for kontroll? Slit eg med hissig temperament for å dekke over min eigne, nakne sårbarhet? Kvar er det eg treng lækjedom?

Når det kjem til stykket vil me ikkje vekse som miskunnsame samaritanarar i denne verda, om me ikkje fyrst har opna oss for hjelpa frå vår neste. Og den neste som står oss aller nærast, og som på mest inderlege vis ynskjer å kome oss til hjelp, det er Herren sjølv som kjem gåande langs vår veg. Han står der med vin og olje, lækjedom og nærande kost. I dag er det Kristus me slepp til i vårt tilkortkomne og miskunnshungrande liv. I morgon er me hans hender og føter, og hans stemme som fyller vår falne jord med medynk, miskunn og glede.