Brør og systre!

Like før den evangelieteksten vi nettopp har høyrt, seier Jesus: ”Sæle er dei augo som ser det de ser! For eg seie dykk: Mange profetar og kongar ville gjerne sett det som de ser, men fekk ikkje sjå, og høyre det som de høyrer, men fekk ikkje høyra” (10, 1-22).

Det viser oss at likninga om den miskunnsame samaritanen handlar om Kristus som den som openberrar Gud og Guds vilje for oss. Det var difor den lovkyndige nærma seg Jesus; fordi han ville utfordre han, finne ut kven han var, kva han lærte. Å spørje:-Meister, korleis skal eg erva evig liv? er det same som å spørje: -Korleis skal eg finne vegen til Gud, bli kjend med Gud?

Så Jesus viser seg som den som openberrar Lova (Thoraen), Riket – og seg sjølv som Messias. Han utvidar perspektiva, han opnar den avgjerande fasen i Guds frelseshistorie med folket sitt og med verda.

Han viser for det fyrste kven som er den verkeleg lovkyndige. Det er den som tek i mot den naudlidande nesten, som oppfyller Lova, som skjønar kva Lova siktar mot. ”Nesten”, det er ikkje berre din landsmann, dine vener, dine familemedlemer og slektningar, dei du likar: -nei, det er eit kvart menneske som gjer krav på deg, som du ikkje kan gå forbi utan at du svikta, både han og deg sjølv. Når det står om presten og levitten at dei ”gjekk forbi” han som låg i vegrøfta, ja, så står det eigentleg at ”dei gjekk over på den andre sida av gata”, dei gjekk utanom, dei såg bort..Dei omgjekk utfordringa.

Nesten er – som den jødiske filosofen Levinas særleg har minna oss om – den som har eit andlet som ser oss, som fangar blikket vårt, som påkallar oss i si naud, i sine ’behov’.

Djupast sett viser Jesus oss at den miskunnsame samaritanen, den framande, eigentleg er han sjølv. Det er han, Jesus Kristus, som oppfyller Lova, som ikkje berre lærer Lova, men som praktiserer henne, som lever det han lærer. Han er Lova, Ordet – inkarnert, i kjøt og blod. Det er Kristus som tek seg av mennesket, av oss alle; han lækjer det, han lyfter det opp, han fører det inn i herberget sitt som er kyrkja, han betalar for oss, ikkje berre med to dagløner, to denarar, men med sitt liv og sitt blod..

Brør og systre. Dei to store boda (du skal elska Herren Gud/du skal elska nesten din som deg sjølv) i Lova høyrer saman, kjærleiken til Gud og kjærleiken til nesten, til mennesket. For mennesket er skapt i Guds bilete. Og Kristus er både Gud og menneske. I han ser vi Gud i mennesket og mennesket i Gud! Dette har prega vår kultur djupt. Menneskeverdet kviler i Gud, ja, djupast sett i Jesus Kristus. Det er ikkje noko som har kome av seg sjølv, rekande på ei fjøl. Vi har lært det gjennom Evangeliet. Vi har lært at vi ikkje kan gå utanom det naudstadde mennesket – og alle menneske har ei naud og ein smerte i seg, med sår og merke etter røvarslag, jamvel her på beste Oslo Vest, uansett kor godt tildekt og overpudra det er – og vi kan ikkje gå utanom, fordi vi ser Gud i mennesket.

Det er for mennesket si skuld vi forkynner Kristus. Han gjev seg til oss her på altaret. Han møter oss på gata utanfor. Ja, på alle gater og vegar der mennesket dreg forbi.. ”Ordet er deg nær”, høyrde vi. Her – og der!

I namnet åt Faderen og Sonen og Den Heilage Ande.

Legg igjen en kommentar