Guds rike i oss

Då dominikanaren Guido di Pietro da Mugello fekk i oppdrag å utsmykke cellene til sine medbrør, gjorde han det på ganske anna vis enn det som var vanleg for si samtid. Sidan freskene han gjekk i gang med berre skulle tene som meditasjon for kvar enkelt medbror, og sidan utsmykkinga vart gjort langt innanfor klausuren i klosteret, trengte han ikkje fylgje dei vanlege spelereglane for motivet. Dette skapte eit forenkla og fortetta uttrykk som gav bileta eit intenst preg. Renesansekunstnaren Fra Angelico malte ikkje bilete, han malte trua si på veggen.

Av dei mange nytestamentlege motiva han tok for seg er det særleg eitt som samstemmer godt med dagens likning om såkornet. Fresken er kalla «The mocking of Christ», og viser korleis Jesus, sittande på ein stol, vert tornekrona, slått og spytta på. Herren sjølv sit der i fullfigur, verdig og opprett, med septer og rikseple – uttrykk for hans kongeverd, med bind for augo, der ein tydeleg kan sjå dei sorgfulle augo gjennom tekstilet. Fra Angelico er ein sann meister. Det oppsiktsvekkande i biletet kva gjeld symbolbruk er soldatane. Dei er ikkje teikna i fullfigur. Ein ser berre handa som slår, hovudet til han som spyttar, armen til han som held kjeppen som dyttar tornekrona på plass.

Dette minimalistiske uttrykket har eit djupt teologisk poeng. Fra Angelico skildrar gjerne det fullkomment gode mennesket Kristus, men kva gjeld soldatane det er berre dei vonde gjerningane mot han som vert skildra, ikkje heile mennesket. For vondskap vil alltid nære seg av det gode, og vil aldri kunne eksistere i rein form i mennesket. Mennesket som skapnad vil alltid vere grunnleggande godt, trass alle manglar og synder. Det vonde er bunden til det gode, men det gode er ikkje bunden til noko som helst.

På dette gåtefulle viset skildrar Fra Angelico Guds oppgjer med vondskapen. No møter djevelen si overmakt, han misser si makt og kan liksom ikkje få tak på Guds Son. Vondskapen må trass all si gru vike plass for Herren, no kjem Guds rike til jord, og Herren sjølv trår inn i denne verda. Det mangelfulle må vike for det fullkomne.

Slik må me også forstå likningane Jesus brukar for å skildre Guds rike. Guds rike kjem til oss, ikkje i form av ein ny himmel og ei ny jord, det ligg framleis og ventar framom oss, ved dommens dag. Nei, Guds rike kjem til oss ved Kristus sjølv. Jesus er surdeigen, som gjennomsyrar sjelene og leier oss på vegen til det fullkomne. Jesus er frøet som veks i oss, og som til slutt vil overgå alle mål. Og Jesus er såmannen som sår seg sjølv i oss. Han er kveitekornet som må døy for å bere frukt, og korset vert staden det såkornet vert spreidd i våre sjeler.

Denne røyndomen speglar seg også i sakramenta. Ved dåpen tek Herren bustad i oss, me får Andens voksekraft ved konfirmasjonen, me vert næra ved eukaristien, reinsa ved skriftemålet, og styrkte i våre lidingar og prøvelsar ved sjukesalvinga.

På dette viset speglar sakramenta det levde liv. Ved trua får me del i Jesus sjølv, og sakte men sikkert veks Gudsriket til i vårt indre. Heilaganden kjem oss til hjelp med si vegleiing og oppmuntring, og lyfter fram vår bøn som langt overgår våre eigne ord.

Alt dette er ei stor trøyst når det kjem til våre eigne liv. Gudsriket finst, og det er innanfor rekkevidde. Men korleis kan me sjølve virke til best mogleg kår for dette riket som har teke bustad i vårt indre? For det er ikkje berre det gode såkornet som veks i vår sjel, men diverre også ugras av ymse slag, anten me ser for oss skvalderkål eller brennesle, -me veit sikkert godt kva slag me er tynga av. Og kanskje er det forresten like greitt å sette namn på vårt indre ugras, og slik sjå vår indre vondskap i kvitauge. Sanninga set fri, seier Herren sjølv.

Mystikaren Meister Eckhart grunnar på korleis viljen kjem oss til hjelp i møte med oss sjølv og alt som bur der inne. Og han slår fast at me ikkje skal frykte noko, heller ikkje vondskapen me kan avdekke i vår sjel, om me berre held fast ved vår gode vilje. For våre dyder, og alt som er godt, har sitt feste i vår gode vilje. Det du attrår av heile ditt hjarte og all di kraft, det vert også ditt, seier meisteren. Ikkje sei, «Ein dag skulle eg likt å…» eller «berre eg får gjort dette og hint, då…» Når ein talar slik, legg ein si eiga vilje i framtida, og ikkje i notida, og slik skyv ein godvilja frå seg eller framom seg, og omgår den på eit vis. Sei heller: «Eg vil dette, og eg vil det skal bli slik no!» For, som han konkluderar: Om noko er tusen mil unna, og eg ynskjer meg det, då har eg det også – langt meir då enn når du har noko liggande i fanget som du ikkje vil ha.

Så lat oss i vissa om at Gud i sin miskunn er menneskekjær og tolmodig, luke i vår indre hage og yte vår del til Guds rikes vekst der inne, lat oss søke Guds rike som me i Guds store miskunn allereie har fått del i, slik at me på den siste dagen kan stå fram i glede og stråle for Gud og for kvarandre.