Forsvarslaus bøn


Abraham står i harde forhandlingar med Herren i dagens lesning. Han ber for slekta si som bur i byen Herren vil utslette, og naudar Gud til å spare Sodoma og Gomora for dei rettferdige si skuld. Enn om det finnes femti der? Enn om det finnes førti der? Tredve? Tyve? Enn om det bare finnes ti der? Kor langt kan Abraham strekke strikken liksom?

Teksten seier noko grunnleggande om kven Gud er. Gud som er uforanderleg, let seg likevel påverke. Ja, han ynskjer menneskeleg engasjement, og er budd på å lye og kan endre meining. Dette ser me også til dømes i 2. mosebok, då Gud seier han har fått nok av folket, og Moses må gå inn og minne Herren på kor dumt det vil sjå ut dersom han gjer ende på det folket han til no har spart.

Dei gamaltestamentlege skildringane ber i seg eit frampeik mot den fullkomne relasjonen som Gud openberrar i Kristus, det fullkomne mennesket som lever i guddommeleg relasjon til Faderen. Det er denne grensesprengande relasjonen Gud vil at me skal ta del i, og leier oss til denne einskapen ved foreininga med Jesus gjennom dåpens bad. Me er reist opp til eit liv med Kristus, og det tar gjerne eit livs tid å forstå kva slags liv dette er.

Under eit korsvei-stevne i sommar tala Peter Haldorf om inkarnasjonsmysteriet, og han drøfta Jesu menneskelege og Guddommelege side. Han understreka at Jesus var fullt ut menneske i alle aspekt av sin eksistens. Han er som meg og deg. Ein mann av jorda. Det som gjer Jesus guddommeleg viser seg i korleis han handlar. I kva han seier. Gjennom sine gjerningar.

Kanskje er det banalt. Kanskje er det sjølvsagt. Men det fekk meg i alle fall til å grunne på Jesu ord om at himmelriket er midt i blant dykk, eller inne i dykk. Himmelrike, det guddommelege liv, er innanfor rekkevidde her og no. Kristus har vist oss korleis me skal leve våre liv på guddommeleg vis, og i dag gjev han oss det som Charles Peguy i boka «De uskyldige barns mysterium» kallar sjølve hemmelegheita. Den bøna som startar med eit direkte «Far!» Og som før alt påkallar Guds nærvær og seier: «La ditt navn lyse blant oss, og opprett ditt rike!» Han let oss ta del i si eiga indre bøn, den bøna og dei orda som Gud alltid vil lytte til. Peguy legg orda i Faderens munn, som utbryt:

«Og hva skal jeg gjøre for å forsvare meg? Min sønn har røpet alt. Og ikke nok med det. Allerede i tiden har han overlatt ledelsen til dem.»

Ja, Sonen har avslørt løyndomen, og lyft oss like inn i sønekåret som han har til Faderen. Frå no av har Sonen lyft oss like inn i den trieninge relasjon, som aldri vil svikte. Eller som det heiter i salmen: «Aldri redd for mørkets makt! Stjernene vil lyse; med et Fadervår i pakt skal du aldri gyse.»

Gjennom Jesu eige bøn får me del i det guddommelege liv som Jesus openberrar for oss, og så kjem kanskje den vanskelege delen: å leve ut vårt bøneliv i vår eigen kvardag.

Me kan teikne opp to grøfter som me kan falle i: På den eine sida kan det vere at me ikkje vil be om for lite. Me ser kanskje ikkje små, konkrete, daglegdagse ting og hendingar og behov som viktige nok til å legge fram i bøn? Og på den andre sida vegrar me oss kanskje for å be om for mykje. For kan vel Gud rette på dei umoglege trekka i min karakter, eller kan han lækje brotne relasjonar? Han kan då vel ikkje flytte fjell?

Eg trur kanskje eg opplevde begge delar på ein gong: Som nyomvendt truande i dei tidlege 20-åra byrja eg gå i kyrkja, den gongen statskyrkja. Eg kjende ingen, og einsemda gnog meg etter kvart. Ein laurdagskveld bad eg om at Gud måtte sende meg nokre vener. Eg tvilte vel i grunn på at dette var ei bøn verdig for Gud. Han hadde då andre ting å tenke på enn mitt lille liv. Og samstundes tvilte eg kanskje litt på at ei slik bøn faktisk skulle kunne gjere noko forskjell. Einsemda kom innanfrå, og den er ikkje lett å lækje… Dagen etter, då eg kom ut av kyrkja etter gudsteneste sto det ein ungdomsgjeng på kyrkjetrappa, og ein av dei gjekk like opp til meg og spurde om eg ville vere med på strandtur. Tilfeldig, vil ein kanskje hevde. Ikkje for meg. Eg fekk eit fyrste møte med bøna si direkte verknad, og det vart ei erfaring av at bøn ikkje er noko tomt og uvisst, ho kan vere heilt konkret og kome som direkte svar på våre sukk!

No åtvarar riktig nok kyrkja om å be på feil måte, slik me les i Jakobs brev: «Dere har ikke, fordi dere ikke ber. Dere ber, men får ikke, fordi dere ber galt. Dere vil sløse det bort i nytelser.» (Jak 4,2f) Bøna er ikkje der for å føre Gud til oss, men for å føre oss til Gud. Å be er djupast sett å verte delaktig i Kristi bøn. Me er kalla til å be uavlateleg, ikkje som ein evig eigeninnsats, som om me kan be oss til frelse, men som eit vedvarande Gudsnærvær i liva våre. Eit Kristus-nærvær som formar vår identitet, og som stadig gjer oss meir til eitt med han som gjorde seg til eitt med oss.