Som ein nagle på ein sikker stad

I desse valtider høyrer me gjerne ivrige politikarar som ynskjer å vinne debattar. Og frå tid til annan vil dei sei: «Lat oss slå fast at….» og så kjem det ei lekse om oljeboring eller fellesdusj eller meir eller mindre skattelette. Utan at ein nødvendigvis vert så mykje meir letta av det… Å slå noko fast gjer likevel alt litt meir leseleg og forståeleg.

Når me i dagens lesing frå romarbrevet høyrer Paulus stille djuptgåande spørsmål om Gud, er det i same stund eit retorisk grep for å slå fast noko, som når han spør: «Kven kjende Herrens sinn, eller kven var rådgjevaren hans?» (Rom 11, 34) Og når Peter svarar Jesus i dagens evangelium er det ikkje noko han har frå seg sjølv, han talar eit sanningsord i Anden og slår fast det som for alltid sidan vert kyrkja si vedkjenning: «Du er Messias, Son av den levande Gud!»

Vår tru byggjer på denne vedkjenninga, på dette som kjem til oss utanfrå, det som Herren sjølv openberrar for oss. Dette er noko som er gjeven oss, og som me ikkje kan gripe av eiga kraft, av eiga makt.

Og slik er det også med profeten Jesaja tek også i mot, og gjev vidare det som ikkje er hans, men som han er blitt satt til å formidle., og slik vert han eit talerør for Gud. Han legg fram for folket av si tid ein profeti om kongestatus og kva som skal hende med folket, og det han sa skulle kome skjedde då faktisk også. (Kriteriet for å vite om ein profeti er sann er jo nettopp at profetien vert oppfylt. Difor vil sanninga om ein profeti alltid berre kunne verte stadfest etter at han er verkeleggjort.) Jesaja talar om si samtid, men orda hans har langt meir vidtrekkande perspektiv. Dei ber i seg ein Kristus-profeti som på gåtefult vis seier oss kven Kristus er, og korleis han skal frelsa oss. Jesaia seier om Eljakim, som tyder «Gud reiser opp», at han skal verte den nye leiaren:

«Eg legg nøkkelen til Davids hus på skuldra hans.» «Eg slår han inn som ein nagle på ein sikker stad. Han skal bli eit æresete for farshuset sitt.» (Jes 22, 22a-23)

Profetien er retta mot Eljakim, men i røynda er det Kristus som har nøkkelen til Davids hus, det er Herren som er æressete for farshuset. Og kven vil gjere alt dette? Eg slår han inn som ein nagle på ein sikker stad, seier profeten. Dette bilete sprenger grensene for kva mennesket kan førestille seg. Det er openberringsspråket som lyder. For det er Faderen sjølv som handlar her. Gud har ein plan, Faderen sender sin Son, og slår han inn som ein nagle på ein sikker stad.

Det er eit dramatisk bilete. Jesus er skildra som ein nagle slått inn på ein sikker stad. Kva tyder eigentlig dette? Kvar er den sikre staden?

Eg trur me kan sjå dette metaforiske uttrykket på minst tre forskjellige måtar. Kristus er naglen som sprenger seg like inn i våre menneskelege kår, i det han gjer seg sjølv til menneske. Inkarnasjonen er irreversibel. Når Gud har vald å ta opp i seg den menneskelege natur kan det ikkje gjerast om. Gud gjer seg til ein av oss, og vil alltid vedstå seg det.

Og Kristus er også naglen som kyrkja er fest til, og som held alt saman. Utan Kristus, kva er vel kyrkja. Kva er vel kyrkjerommet utan Kristi nærvær i ord og sakrament, i ande og i lekam og blod? Då vert kyrkjeromet som ei kvitkalka grav, ein stad utan meining, utan logos, utan Kristus sjølv. Han er festepunktet for alt me trur på.

Og Kristus er naglen som er slått inn på ein sikker stad i kvar og ein av oss, for me ber Herren sjølv i djupet av våre hjarta. Der har Gud sin budstad.

Ingenting kan truge Kristi plass, og han vil for alltid vere oss nær, som menneske blant oss menneske, som feste for kyrkja, og i djupet av hjarta, der han trufast står oss nær, kvar og ein av oss.

Men biletet ber også i seg eit sting av smerte.  Kristus veit kva ein nagle er, det er forsoningsverket i eit enkelt symbol, Frelsaren som legg seg inn under krossnaglane for å forløyse oss og utfri oss og femne oss med sin kjærleik.

Apostlane veit kva ein nagle er. Alle så nær som Johannes døyr martyrdøden, og undervegs kjempar dei alle saman både ytre og indre kampar. Paulus ramsar opp alle sine ytre og indre prøvingar. Slik deler dei smerta som vår Frelsar fekk bere, og slik vert dei eitt med han i livet og gjennom døden. Kristi nagle er også kyrkja sin nagle.

Og me ber også i oss vår smerte, me kjenner stinga som rammar, sorgene som tynger, uroa og mørkret som trugar. Og midt i alt dette har Gud slått inn ein nagle, på ein sikker stad, og frå denne staden strålar det livgivande ljoset som fyller skapnaden med håp og forløysing. Gud slår inn en nagle, og forankrar seg til oss. Men dette går begge veier. For Kristus er fest til oss, og me som truande er fest til Kristus.

Peter uttrykker dette på vegne av oss alle, når Jesus konfronterer disiplane og spør: «Vil de òg gå bort?» Simon Peter svarar: «Herre, kven skulle vi gå til?» (Joh. 6, 67-68)

Forankra i Gud kan me difor glede oss og ta til oss Guds eigen fred. Gud held fram for oss sin truskap, han står ved oss gjennom alle slag, alle prøvingar, heilt fram til me møtest i farshuset. Lat oss difor frimodig vedkjenne oss vår tru, og halde fast ved dei rike gåver Gud skjenker oss.