Brør og systre!

Kristus talar til oss i dag om det ufullbyrda livet, det ufullførte livskallet.

Vi har svara Ja til eit kall som kristne, som prestar, som ordensfolk, på ulike måtar – men vi har kanskje ikkje teke høgde for heile distansen, ikkje sett nøye nok på prisen, før vi starta, før vi slo til. Vi må gje oss undervegs. Vi kom ikkje fram. … Det er noko tragisk over dette, over apostasien, det mogelege fråfallet. ”Denne mannen begynte på et byggverk, men han var ikke i stand til å fullføre det”…

Kristus seier at vi må vere budde på at han stiller dei høgste forventingar til oss!

Men kva då med det jordiske livet, dei daglege pliktene som samfunnsmenneske? Familien? Kulturen? Arbeidslivet? Politikken? Skal vi la det fare?

Nei, alt det gode som høyrer dette livet til, er frå Gud, skaparen; det er godt og skal ”takast i mot med takk”, med ”eukaristi”, seier apostelen. Men det er ikkje det endelege, det er noko som er høgare! Sjølvsagt skal vi ikkje forsøme ekteskapet og særleg ikkje borna – dei som Kristus elskar og set så høgt. Nei, men familien, ætta, jorda og nasjonen– alt dette som i så mange religiøse og nasjonale tradisjonar står så sterkt og held oss så fast, alt dette vert på ein måte relativisert av Kristus. Det har sin plass, men det skal ikkje vare alltid. Kyrkja er ein ny familie, på tvers av alle jordiske slektskapsband; Onesimus vert apostelen sin son, høyrde vi, Filemon hans bror. I Kristus.

Kristus kjem med det nye riket, med den nye tida, himmelriket har alt brote fram, det gamle er på tampen: dette var dei fyrste kristne si livskjensle og ho er blitt så framand for oss. Vi er blitt så etablerte.

Livet etter dei evangeliske råda, som klosterlivet med fattigdomen, lydnaden og sølibatet, er teikn på ein ny livsorden, i det riket der ein ikkje skal ”kjøpe og selje, ta til ekte og gje til ekte”. Difor er Kristi ord i dag om å gje avkall på alt, ikkje minst eit ord til dei, til oss, som har gått inn i dette livet: -Angrar vi undervegs? Orkar vi å fullføre det utan å justere oss gradvis bort frå Kristi utfordring, halde fast ved vårt kall utan bortforklaringar?

Alle kristne må i dag leve i ein beredskap, vere klare for dei oppbrota som Kristi kall kan medføre. Øve oss i å vere meir uavhengige av det som ikkje er heilt vesentleg. Brør og systre: Det kan kome ei tid- og alt kan endre seg fort i dag – då du berre har eitt fast punkt: Gud – i Jesus Kristus.

Vi skal ha ansvar for livet vårt, særleg for borna, men vi skal ikkje bruke det jordiske kallet som orsaking for vår eigne sosiale ambisjonar, vår eigen karriere. Ingen av oss veit kva som i ein viss situasjon blir nettopp vår test. Ingen kan diktere det, ingen kan seie det på førehand; du må vite det når tida er der. Då du må svare:

«Han, min frelses faste klippe/kan jeg aldri mere slippe!»

Legg igjen en kommentar