Effata

Tekstar for 23. søndag i det alminnelig kyrkjeåret år B

Dagens tekstar vitnar om ein Gud som er på vår side, og særleg på dei svakaste side. Han gjer ikkje forskjell, og vil fri ut dei som treng det mest. Det er eit håpets og gledas evangelium Herren skjenker oss i dag. «Effata» seier Jesus til den døve og talehemma, medan han rører ved øyrer og munn, og slik løyser han tungebandet og opnar øyrene.

Men dei håpefulle orda kling inn i ei lidande kyrkje i dag, og eit anna «effata» merkar kyrkja desse dagar. Dei omfattande overgrepssakene og den interne striden som fylgjer i kyrkja etterpå veg tungt på våre skuldrer. Lekfolket fortvilar over ei kyrkje som sviktar. Prestestanden står som avmektige vitne ikkje berre til sine kollegaer som har utført overgrepa, men også til ei kyrkjeleiing ute av kurs.

The Grand Jury Report i Philadelphia vart publisert 27. juli i år, der ein kunne dokumentere overgrep mot over tusen barn og unge utført av over tre hundre prestar. Ein antar at mørketala er store. Eg har lest i rapporten, og det er smertefullt å lese. Kanskje er det for krevjande å snakke om desse tinga frå preikestolen, men vi gjer det likevel. For som kristne deler vi Kristi liv, og i dag deler vi hans smerte, og vi trur att sanninga må få rom i oss og ikkje vert heldt tilbake.

To forhold peikar seg ut i rapporten. For det fyrste er det tragisk å sjå korleis dei som skulle vere hyrdar og vegleiarar har mist feste i livet og i kallet, og blitt predatorar i kyrkjelydane. Dei har på graverande vis krenkt uskulda og øydelagt menneskeliv som dei var satt til å leie til frelse. Å lese forteljingane til offera er opprivande, og pressar fram både gråt og sinne. Å sjå korleis vondskapen har merkt dei utsette er ikkje til å halde ut. Som prest er det fortvilande å sjå kor forvilla medprestar har ført seg, og korleis dei ikkje har villa søke lækjedom og hjelp.

Nokre av prestane som har stått for desse handlingane nektar for alt. Andre har angra seg, atter andre har sjølv ropt om hjelp undervegs. Det vil truleg også vere prestar som har klart å søke hjelp før dei har utført ugjerningar. Prestane som vert skildra i The Grand Jury Rapport har vikla seg djupt inn i syndige og fordreia villfaringar. Konsekvensane av deira svik er enorme.

Men rapporten avdekker ei anna form for svik i denne saka som er endå meir opprivande og urovekkande. I det store fleirtal av dei tusen kjende tilfella har med-kollegaer, biskopar og kyrkjeleiinga som er satt til å vake over sine eigne pastorar metodisk og konsekvent beskytta prestane frå skuldingane. For å unngå skandale har ein pressa offera til tausheit, svekka deira vitnesbyrd og lat vere å seie sanninga. Samstundes har dei visst om dei faktiske forholda, og dei har koda sanninga ved eufemismar om prestane det gjeld. Dette er eit strukturelt svik som synest å ha utforma seg med det formål å unngå skandale. «Scandalon» i kyrkjeretten er uttrykk for konflikt i det offentlege rom. Den type offentleg konflikt er noko ein som prinsipp helst ynskjer å unngå ved interne kyrkjestrider så langt det er mogleg. Men dei ansvarlege i desse sakene har prøvd å unngå det som ikkje kan verte unngått i desse sakene. Dei har skjult seg frå eit naudsynt «effata» som kunne reinsa og sett fri. Ein har ikkje ville lyfte fram i dagen uretten som har skjedd blant sine prestar. Men ved å skjule røyndomen har kyrkja si leiing i desse bispedømma skapt den verste skandalen av alle: Kyrkjeleiinga har tapt sin integritet, og har knust dei som prøvde å sei frå. Ho har svikta forpliktinga på å sei sanninga, og ført alle truande bak lyset. For alle menneske står kyrkja fram som ein løgnar.

Jesu ord i dag lyder inn i ei såra kyrkje som treng lækjedom. Det er sjølve ursynda, løgna, som har fått herje i våre kyrkjelydar og kyrkjeleiinga. Me står på avstand og er vitne til kva som har skjedd, men som kyrkje er me ein lekam, og denne lekamen lid kollektivt og i djupet.

Synda som er avdekt kallar kyrkja til trøystande lækjedom, til bot og fornying. I kraft av vårt kall til heilagdom treng me å snakke ope om det som gjer vondt. Me treng bøna og fellesskapen ved Kristi ord og ved vår Herres bord. Me treng bot, eg tenkjer ikkje her fyrst og fremst som straff for eigne synder, men forstått som i verbet å bøte, å søkje lækjedom. Forutan å be er det kanskje ikkje så mykje me kan gjere for situasjonen i Philadelphia. Men i våre eigne liv, og i vår eigen kvardag kan me verte styrkte av skriftordet me høyrde i dag. I Kristus gjev Gud sitt løfte om sanning og rettferd, og no kallar Herren oss til å vere hans hender og føter, hans blikk og hans munn. Me er Herrens lekam som på fornya vis er kalla til å verkeleggjere profetorda til Jesaja.

Sei til dei urolege hjarta: Ver sterke, ikkje redde! Sjå, dykkar Gud! Han kjem med hemn, med gjengjeld frå Gud. Sjølv kjem han og frelser dykk. Då skal blinde auge opnast og dauve øyre latast opp. (Jesaja 35,4-5)

Så lat oss be for vår kyrkje, og for oss sjølv, at Kristus må skine gjennom våre liv og våre handlingar, våre ord og vårt nærvær. Må me opne oss for Guds heilaggjering i eigne liv. Og må Herrens «Effata» fylle kyrkja med sanningsordet og med lengt etter lydnad.