Kalla til å gje avkall


Jesu ord treff oss hardt. Å bruke verb som å hate når ein snakkar om den nære familie eller til og med seg sjølv er ikkje slik vi tenkjer på trua i det dagelege. Likevel er det nett dette Jesus seier. Og han held fram med å utfordre våre strategiar for våre liv. Tenkjer me over kva me vil? Eller driv me rundt, slike Jokke og Valentinerne syng om Oslo; «En by som alle rømmer til en kirkegård av drømmer Og ingen veit helt hva dem vil eller hvordan dem skal få det til»!

Jesus vil ikkje sjå at livet vert mållaust draumeri. Han vil vekkje oss. Igjen og igjen! Han vil me skal tenke over våre val og prioriteringar, og han vil sjå kor me har feste i tilværet. Siktar me rett? Eller har me switcha til autopilot? Står Guds åsyn som horisont for alt me tenkjer, trur og lever? Eller glir han unna, umerkeleg, uverkeleg? Vert han ein parentes, ein maskot, eller ei vag livsforsikring? Gud vil meir enn å ligge i bakgrunnen som eit backup-system. Gud gjev ikkje avkall på fremste plassen. Det er me som skal sette han fyrst.

Kyrkja har sett Gud fyrst opp gjennom historia på to måtar. For det fyrste gjer Kyrkja Kristus nærverande gjennom sitt eige liv og virke. Ho er Kristi lekam, fellesskapen av dei heilage, Guds tempel som har som kall og mål å halde Kristus fram for verda. Heilt konkret skjer dette på sakramentalt vis gjennom messefeiringa, forvaltinga av sakramenta og kyrkjas store felles bøn, tidebøna. Desse handlingane har til felles at dei lyfter oss ut av oss sjølv, og gjer Gud til det midtpunktet me i dag høyrer Jesus forkynne. I messa er det Jesus som er nær. Det er Herren sjølv som ofrar sin eigen lekam, og som inviterer oss til Guddommeleg gilde. Sakramenta skjenker oss Guds usynlege nåde gjeven gjennom synlege teikn. Tidebøna er Jesu eiga bøn som me tek del i. I alt dette er det Gud som er midtpunkt, og som fyller kyrkja og dei truande med den krafta som med eit samleomgrep kallar tru. Og frå dette liturgiske livet flyt alle andre fromme tradisjonar, -rosenkransen, pilegrimstradisjonen og retrettpraksis, små og store bøner som fyller denne jorda med det heilage.

Men med det seier aldri kyrkja at tru og liturgi er same ting, som om det å gå i kyrkja er einaste mål for trua og nok i seg sjølv. Tru spring ut frå kyrkja sitt sakramentale liturgiske liv, og messa er denne jords høgste mål fordi Kristus her gjer seg nærverande ved sin lekam og sitt blod. Men nett som sakramentsfeiringa er ei levande symbolhandling som peikar mot ein større røyndom, slik må også trua verte verkeleggjort i våre kvardagsliv.

Ein skotsk filosof, John Macmurray, held i 1953 og -54 to foredragsseriar kalla «the Gifford Lectures» ved universitetet i Glasgow. Han ville drøfte kva som gjer menneske til menneske, og hevda at all tankeverksemd menneske gjer tener til handling, og all sann handling tener til venskap. Tanke og handling er som eit fletta tau: Det må ein klar tanke til for å utføre ei handling, men handlinga vil alltid ha prioritet, for det er handlinga som manifesterer seg i denne verda. Tanken flyt rundt, og vil forbli uverkeleg utan handling. Og gjennom handling legg me grunnlaget for å bygge relasjonar, for å leve ut venskap, kjærleik, omsorg.

Det er mogleg å sjå parallellen til forholdet mellom liturgi og levd liv i dette. Liturgien gjev trua næring og styrkjer oss for levd liv. Trua på si side, skal leve i oss og gjennom oss. Ho må strøyme gjennom våre kvardagslege (og nokre gonger ikkje fullt så kvardagslege?) ord og gjerningar, gjennom vår omsorg og vårt ansvar. Det er dette fletta reipet kyrkja alltid held fram, mellom liturgi og røyndom, mellom symbolhandling og levd nestekjærleik.

I denne konteksten skal me regelmessig sette oss ned og tenke gjennom vår tru, våre liv og våre gjerningar. Me skal vere kloke forvaltarar som ikkje let oss herje av det vilkårlege, men som møter straumen av alt det ubereknelege med ein klar tanke og eit mål.

Men kor vanskeleg er likevel ikkje det? «Det som er i himmelen, hvem kan utforske det?» spør forfattaren av Visdommens bok. Difor må det noko meir til. Jesus formanar til avkall, ikkje for å skape eit vakuum, men for at me skal kunne gje plass til den Anden som kan vise oss veg, gje oss retning og feste. Og «Slik var det de ble satt på rett vei, de som bor på jorden,» les me vidare i Visdommens bok «og slik var det menneskene lærte hva som behager deg. Visdommmen ble deres redning» (Visdommen 9,18f).

Det reddar ikkje berre vårt eige liv, det set alle relasjonar i rett kontekst, der alt kviler i Guds hand, og alt me lever vert forstått rett, nemleg som gåve gjeven av nåde og i kjærleik, som me får del i og delar vidare.