Kall til Sjelenes frelse


Dominikus Translatio 24. mai 2019 p. Haavar Simon Nilsen OP

Me feirar i dag det som vert kalla «translatio», dagen då etterlevingane av Dominikus vart flytta frå grava utanfor kyrkja i Bologna, til eit meir passande sideskip inne i kyrkja. Sjølv etter sin eigen død er altså Dominikus på farten, eit siste misjonsoppdrag slik at folket kunne heidre hans livsverk og misjon, som i kortform kan summerast med mottoet Sjelenes frelse!

Det er noko ustoppeleg over vår heilage far Dominikus og dei fyrste brørne, ei kraft som gjer at ordenen spreier seg med rekordfart i hans samtid, noko ruinane me står ved i dag vitnar om, og som gjer at me også er samla her i dag, som levande vitne på eit forkynnarprosjekt som har vist seg å halde stand gjennom hundreåra.

Det er lov å spørje, kor kjem eigentleg livskrafta i dominikanarordenen frå? Eg trur me kan peike på nokre kjerneelement som er berande for vårt kall, som me kan summere i orda misjon, sanning, dialog og mot. Då Dominikus og hans biskop Diego byrja sitt virke rundt 1206 var det som respons på eit behov i samtida. Dei gjekk ut med misjonsiver i søken etter å nå desse menneska med Kristi evangelium i ei reinare form enn den tolkinga trua fekk blant katarane. Dei ville korrigere eit fordreia Gudsbilete, og vise veg til den Gud som Jesus vitnar om i sin person og sine handlingar, i det han seier: Eg er vegen, sanninga og livet. Misjon og sanning er to sider av same sak. Dominikus forkynte, og han hadde grep om kva han forkynte. Han vert då også i kunsten skildra med sannings stjerna over hovudet. Men det må ha vore eit vanskeleg prosjekt, og mange spørsmål å ta stilling til.

Under jubileumsavslutninga i 2016 held sr. Agnes D. Lalu frå Katarinahjemmet eit foredrag der ho lyfte fram kor sentral dialogen mellom Dominikus og biskop Diego må ha vore. Vår orden sprang ikkje ut av eit einmanns show, men av felles refleksjon og søken etter rette val. Og eg trur at gjennom dialogen sette dei aller fyrste dominikanarbrørne mot i kvarandre. Kvart medlem av vår orden vart, og vert, oppmuntra til sjølv å søke kjeldene til forkynninga og sitt oppdrag frå sitt eige forråd. Idear vert prøvd ut i fellesskap, og justert utfrå erfaring. Korleis vert forkynninga forstått? På kva vis kan ein gjere det betre? Korleis samstemmer bodskapen med den underliggande visjonen?

Misjon, sanning, dialog og mot. Alt dette ligg som grunnstoff for heile den dominikanske familien. Det er ekstra gledeleg å feire dagen i dag og samstundes ha bror Florentino Bolo til stades med oss. Han er det som på engelsk vert kalla «Promoter General for the Priestly Fraternities of the Order», og som arbeider for å fremme etablering og utvikling av dominikanske prestefraternitetar.

I desse dagar arbeider me for å legge til rette for at også denne greina av den dominikanske familien kan slå rot saman med dei leg-fraterniteten, apostoliske og moniale systrer og oss brørne. Slik kan heile vår familie halde fram med vårt felles forkynnaroppdrag, kvar på sin stad og sitt vis, men med den same elden i hjarta.

Me finn forresten trekk av «translatio» også i vår ikonografiske tradisjon, som blant består av eit bilete av ein springande hund. Den har ikkje eit kjøttbein i kjeften, for han tenkjer ikkje på seg sjølv og sitt eige magemål. Den ber heller ikkje på ein ball eller ein pinne eller eit anna leiketøy, som om den var mest opptatt av leik og moro i sin eigen avgrensa kyrkjelege bakgård. Nei, den ber ein brennande fakkel, ein Herrens hund som spring jorda rundt gjennom alle tider med den brennande bodskapen som har som mål «Sjelenes frelse».

Me ser ikkje tilbake på vår eigen tradisjon i dag. Me feirar Translatio, både historisk og i overført betydning. Me minnest vår ordensgrunnleggar, og me skal føre vidare den misjonsoppgåva som dominikanarordenen bygger på. Me ser framover, med tradisjonen i ryggen som rettesnor og påminning om kva som er vårt kall.