26. søndag i det alminnelige kirkeår år C
 

Krevande tru

Nyleg kom det ut ei bok på Humanist forlag kalla «Å sette verden i brann». Ho er skreve av Bjørn Stærk, ein ateist med bakgrunn i frikyrkja. Heilt i byrjinga av boka skildrar han Noreg som eit land «hvor mange er småsultne på Gud, men få vil ofre noe for ham.» Dette gjeld både utanfor og innanfor kristne konfesjonar. Korleis er det med appetitten vår i dag?

Lesingane i dag er ei påminning om vår forankring i trua, ei påminning om vårt kall som kristne. Orda til profeten og soga om Lasarus kan virke urovekkande. Dei minner oss på vår umåtelege velstand, og utfordrar vårt samvit. Me bur godt, me et godt, me er godt kledd. Me har i grunn mykje til felles med dei velståande som profeten Amos skildrar, me skriv oss inn i selskapet til den rike mannen. Det er ikkje velstanden i seg sjølv som plagar profeten, men kor blinde dei er for omverda. Han åtvarar og går i rette med dei som har fått dei største gåvene. Dette er eit engasjement som me finn att hjå pave Frans, som mange gonger har formana oss alle til å ta inn over oss og dele smerta med alle dei lidande i vår verd. Skal me sjå ei endring i verda må det medkjensle til, ei rørsle innanfrå som får oss til å prioritere annleis.

Når paven engasjerer seg i sosial rettferd er det i seg sjølv viktig. Vår veremåte i denne verda handlar om korleis me nærmar oss vår neste. Og dermed korleis me ser på oss sjølv og vår rolle i denne verda. Dette grip inn i vår Gudsrelasjon, fundamentet i våre liv. Difor vil det i røynda handle om mykje meir enn berre vår veremåte. Djupast sett handlar lesingane i dag om identitet.

I soga om Lasarus er den rike mannen namnlaus. Rollene er snudd. Lasarus, den ubetydelege, har fått eit namn, venskap med Abraham, ein identitet. Medan den rike mannen, han som før var kjent, er no ein ukjent. Han er den anonyme, som vaknar opp langt borte frå Guds rike, og skodar over mot Lasarus som ligg i Abrahams fang. Han er avskild, utestengd, utan tilgang på anten lindring eller hjelp. Høyrer me likninga om den stengde bryllaupsdøra her? «Eg veit ikkje kven de er» (Matteus 25,12). Den rike mannen har skrive seg ut av relasjonen til Gud. Gjennom eit sjølvsentrert liv har han mist evna til å sjå sin neste. Han har kome bort frå den han er kalla til å vere, ein Guds medhjelpar, ein ven for dei som treng det mest. Namnet Lasarus tyder då faktisk også «Guds hjelpar». Den rike mannen har ikkje vore der for dei som treng han. Han kunne ha vore ein som hjelper dei undertrykte, gjev mat til dei som svelt, som reiser dei nedbøygde og vernar dei svakaste. Han har mist appetitten på rettferd, gudsfrykt, tru, kjærleik, tolmod og eit audmjukt sinn. Det kjem med ein pris.

Dette alvoret er det naudsynt å stadig halde fram i kristenlivet. Vala våre er ikkje likegyldige. Gud er ikkje ein Gud som klappar oss snilt på hovudet frå vogge til grav. Gud møter oss slik han har skapt oss. Med fri vilje, med evne til å nytte vårt samvit, og med sans for det gode, det vakre og det sanne. Han kallar oss til å vekse i kjærleik, og til å sette ut i livet det me trur på. Han vil me skal spegle han i våre liv. Følgje buda. Vere plettfrie. Strekke oss lengre. Vere heilage.

Du, Guds mann, seier Paulus. Ja, du Guds mann og kvinne. Kjemp troens gode strid. Grip det evige liv. Når me kjem saman til messe og høgtid er det for å få næring og kraft, til å sette mot i oss, slik at me får styrke til å leve ut vårt kall.

Paulus snakkar om å halde fast løfta og gripe det evige liv som dei truande stadfesta i den store vedkjenninga. Når me saman seier ut vårt Credo er det vår felles, store vedkjenning me forpliktar oss på, forankringa som gjev retning og minner oss på kven me er.

Me er ikkje kalla til å vere småsultne på Gud. Me er kalla til å hungre! Me er ikkje kalla til å føre reiknskap over kva me gjev. Me er kalla til å ofre. Me er kalla til å strekke oss stadig lengre, til å la oss forme av striden for det gode, og slik verte heile menneske. Må Gud styrke oss i tru og liv slik at me lever ut vårt kall og lar Gud vere Gud i våre liv.

Pater Haavar Simon Nilsen, St. Dominikus kirke