Lesninger 26. søndag i det alminnelige kirkeår år A

Bli den du er

Ein kan verte freista til å tenke at Evangeliet i dag handlar om dei som gjorde feil og vende seg frå oppdraget dei fekk , og dei som til sjuande og sist gjorde rett og lydde sin far. Og sjølvsagt er det slik. Den uoppdregne angrar og vert lydig og gjer som far hans byd. Den andre sonen trassar farens vilje og ender opp med å vende seg frå han. Det er trass alt verre. Men det er like fullt noko gale med begge sonene.

Fornektinga hjå den eine som seier han skal gå, men som let vere er ei direkte avvising av Gud. Jesus manar oss til sjølvransaking, til å prøve våre motiv, og til å tenkje over våre val og prioriteringar. Lyder me når Gud utfordrar oss? Eller set me oss sjølve fremst? Kva gjeld den andre sonen gjer han nok til slutt som faren byd, men ikkje utan fyrst å ha trassa mot han. Slik finn me spor av synd i begge sonene, den eine i spontanitet, den andre i varig trass. Begge tilfelle kan me bruke som eit moralsk kompass, ei rettesnor for våre liv og for våre val.

Under eller mellom linjene i denne forteljinga finn me også skjulte spor av den fullkomne sonen. For der desse to sønene på kvar sitt vis sviktar, der står Herren fram som den sonen som både lyer og gjer det han vert beden om. «Eg og Faderen er eitt», seier Jesus til disiplane i Johannes-evangeliet, og Jesu sjølvoppofrande offer ber prov om dette. Han ber i seg ei kraft, ein autoritet som strålar av han.

Markus skriv i innleiinga om Jesu virke at når han underviste «lærte dei med myndig tale og ikkje som dei skriftlærde.» Pave Frans drøftar spørsmålet om Jesu mynde og autoritet i eit ope brev til journalisten Eugenio Scalfari i avisa La Repubblica på trykk i september 2013. Det greske ordet som vert brukt for mynde eller autoritet er exousia. Det er ikkje eit ord som skildrar autoritet som er gjeven utanfrå, eller i kraft av si stilling, Nei, Jesu autoritet, exousia, tyder eigentleg «det som kjem frå å vere». Jesu autoritet er ikkje noko tiltvunge eller påtatt, men tvert i mot noko som spring ut frå hans person, frå hans indre vesen.

Evangelistane viser korleis denne indre autoriteten får menneske som møter han til å spørje seg, «Kven er han?» Kor kjem denne krafta frå? Dei kjenner Kristi kraft, men forstår ikkje kven han er. Jesus sjølv kallar Gud for «Abba». Slik uttrykker han sitt sonekår og dermed også sin djupe relasjon til Faderen. Jesu sanne autoritet veller fram som ei kraft, og han utøver si makt ved å lækje dei sjuke, reinse sjeler, forkynne håp, og i alle ting tene dei som søkjer han.

Trufast står han ved sin Far, gjennom einsemd, brotne venskap (som han sidan lækjer), manglande forståing, svik og fornekting, som til sist leier han til den siste lidingsvegen og utandinga på krossen.

Som døypte og truande har me fått del i Jesu autoritet og mynde, og med Kristus i vårt indre er skal me vekse i truskap, uthaldning, tolmod og alle gode dyder. Me har starta på ein omdanningsveg, der me er kalla til å sjå vår nye veren, den me har fått del i ved Guds frelse. Me er kalla til å fordjupe oss i den realiteten me allereie står i: at me er Guds soner i Kristus, at me er ektefødde born, ikkje berre i namnet, slik ein hevdar i andre tradisjonar der ein til dømes seier «simul justus et peccator», samtidig rettferdig og syndar. Nei, vår identitet som Guds born er levande røyndom. Me er verkeleg eitt med han som trossa dødsriket og oppstod, han som viser oss Guds miskunn og kjærleik for oss. Ein kjærleik me sjølv tar del i, og er eitt med, og som me i våre liv skal forkynne ved våre tankar ord og gjerningar. Slik skal me bli det me i Kristus allereie er, gjennom våre kvardagsval og dei store avgjerdene, for stadig meir å verkeleggjere Kristus i oss sjølve, han som gjorde seg til eitt med oss, for at me skulle bli eitt med han.