Å satse på Guds miskunn

arbre-lac-du-heron

31. søndag i det alm kirkeår år C

«I dag er frelse kommet til dette hus» Møtet mellom Jesus og Sakkeus er eit miskunns møte. Jesus vemmest ikkje over Sakkeus. Han ber over med han, og viser han nåde. Med det openberrar Herren i sin fylde det Israelsfolket alltid har bekjent: Gud er ein miskunnsrik Gud.

Når Gud vert skildra i Det gamle testamentet finn me eit vokabular som sirklar om ein tematikk, og snart vert repeterande og føreseieleg. Det er ord som sedaqa, amuna, hesed – rettferd, truskap, miskunn.  I tillegg kjem andre uttrykk, om enn noko mindre nytta, så som «rettvise», «frelse», «fred» og  «pakt». Alle desse uttrykka er bunde til kvarandre, grip inn i kvarandre, og dannar eit avgrensa vokabular som Israelsfolket nyttar på vekslande vis. Gud har nokre kjernetrekk i sitt vesen som Israelsfolket stadig vender tilbake til, og som me høyrer både i Visdomens bok og Salmen i dag, der me lærer at Herren er nådig og barmhjertig, langmodig og rik på miskunn (jfr Salme 145).

Det hebraiske ordet som vert nytta for miskunn i denne salmen er «hesed». Ordet har ei vid tyding, og spenner over eit bredt spekter av meining, så som truskap, trufast kjærleik, vensemd, nåde, medkjensle, miskunn. I møte med Israelsfolket står Gud som ei trufast klippe som forbarmar seg og gjev hjelp til dei hjelpelause. Han er Herren som folket og den einskilde kan vende seg til i glede og i naud, fordi Gud i si sjølv-openberring står fast ved kven han er.

Når Gud vert skildra som hesed dreier det seg ikkje berre om kven Gud er, men også kva Gud gjer! Gud er nådig, men Gud skjenker også nåde. Thomas Aquinas seier at eins gjerningar flyt ut frå kven ein er. Guds natur manifesterar seg i hans gjerningar, hans val i møte med Israelsfolket. Han er bunden til sitt vesen, og soleis vert Guds godleik ikkje berre forstått som miskunn, men også rettferd, fordi Gud handlar rett når han handlar ut frå sin eigen natur. Hesed vert slik både ei miskunnshandling og  rettferdig gjerning, ein trufast Gud med rotfest kjærleik i både vesen og handling.

Det er Guds fylde av både rettferd og miskunn som kjem nær Sakkeus i Evangeliet i dag. Ikkje alle vågar dette møte like ope som Sakkeus. Me ser så ofte i bibelen, at når Gud kjem nær veks frykta og angsten, samstundes som skamma sprenger seg fram. Menneske kastar seg til jorda, fortvilt medviten om seg sjølv som uverdig syndar. Guds miskunn trugar menneskeleg hovmod, utfordrar vår skamkjensle og kallar på det audmjuke hjarte, det som er villig til å opne og late seg lækjast i djupet av seg sjølv. Me treng Guds nåde for å smelte alle demoniske krefter som vil halde oss borte frå kjærleiken og den evangeliske fridomen.

Me er kalla til å kjempe mot freistinga til å stenge av for Gud. Som menneske treng me å opne for tilliten, overgjevinga og dei milde tårene. Me treng heilt enkelt Guds nåde.

Det er eit slikt nådefylt møte me er vitne til i dag. Sakkeus let frykta og skamma vike for gleda og tilliten. Han fryktar ikkje, men kastar seg mot Herren og gjer bot. Han forsonar seg med seg sjølv og med fortida si. Han gjev avkall på rikdomen sin, han investerer alt i Jesus. Sakkeus er vårt store føredøme. Ein som tør satse på Guds miskunn.

Då noverande pave Frans i si tid skulle velge sitt motto som biskop vart det: erando atque eligendo – ringe og likevel utvald. Me er alle kalla til å våge å stå i den erkjenninga, og lite på at det held. Me er skapt av miskunn, i Guds bilete, og me er frelst av miskunn. Me er levande miskunnsavtrykk kalla til å realisere dette grunntrekket i Gud sjølv, både innover i vårt indre, og utover mot vår neste. På den eine sida er me kalla til å sjå ope på alt det i oss som skapar avstand til Gud; frykt, fortviling, sinne, hovmod, sjølvforakt… Gud kjenner til alt dette, og spør oss audmjukt om å dele det med han. Vågar me å møte Herren like audmjukt?

På den andre sida skal me sette miskunnsmerket på omverda. Når me opnar oss for Guds miskunn til oss, kan me også lettare våge å gje vidare av denne gåva til vår neste. Gud lengtar etter å dele av seg sjølv gjennom vår medkjensle ovanfor vår neste, for slik å verte eitt med oss alle. Kristus kallar oss til handling, og lyfter fram alvoret i bodskapen. Formaningane står i ljos av ein dommens dag, då me skal stå til rette for våre liv. No er nådens tid, nåden som alltid  går føre dommen, om som i sin tur alltid må sjåast i ljos av Jesus Kristus, den miskunnsame fredsfyrsten. Det er dette alvoret og oppdraget Sakkeus i Anden intuitivt erkjenner. Han gjev vidare av Kristi miskunn, med lett hjarta.

Vår tidsalder er miskunns kairós, seier paven, ei tid for å opne opp, og la Kristi hjartelag ta bustad i vårt indre. Herren inviterer oss til det store hesed som vil ta bustad i oss, og som kallar oss til lovprising og nestekjærleg handling. For «i dag er frelse kommet til dette hus.»