Pater Haavar Simon, St. Johannes kirke

Kor godt gjer det ikkje å ha ein god ven. Ein som er der. Ein som stiller opp når me ligg nede. Når eg vert alvorleg sjuk, eller kjem ut for ei ulykke. Når samlivet bryt saman, og me treng ei skulder å gråte på. Når nokon som står oss nær vert tekne frå oss. Når mitt indre svartnar, og tungsinnet gjer dagen mørk. Det er i slike stunder verkelege vener viser oss kva det vil sei, å vere der. Min nære ven kan ikkje gjere så mykje for meg. Kan ikkje fjerne sjukdom eller løyse flokane i livet mitt. Men nærværet i seg sjølv er det som ber. Det som held meg oppe, når det røynar på. Les mer…