Gaudete søndag

Gled dykk! Den bydande formaninga for denne søndagen kan verke noko presserande og påtrengande. Ikkje nok med at me har novemberver til langt ut i desember, eller mørketid som me kompenserer for med dagslyslampe og sterk tru på placeboeffekten, no vert me i tillegg pålagt å stråle, ja så og sei om kapp med sola. Det passar heller kleint med det bleik-trøytte trynet som møter meg i spegelen kvar morgon. Ikkje mykje hurra-meg-rundt der nei, her gjeld det meir om å få litt vatn i fjeset, få satt over kaffien, og finne fram Vårt Land så eg får endå eit spekulativt avisoppslag eg kan okke meg over. Gaudete søndag er i så måte ein kontrast, eit brot med naturen og min indre sinnstilstand i desembermørket, og ein forsmak på dei løfta som Jesus oppfyller med si frelsegjerning, og som kjem alle menneske til del.

Og kanskje skal me merke oss med dette ordet, forsmak. Gaudete søndag er ikkje eit konsept eller ein idé, noko me skal tru fordi Gud seier me skal. Gaudete er ein forsmak av noko me har kjent før, og som me lengtar etter å få i fullt mål. I dag kan me minnest og halde fast ved det me faktisk sjølv har opplevd. Når me les Jesaja sine ord er dei ikkje fyrst og fremst retta mot dei andre, men mot meg sjølv:

«Herren har sendt meg for å forkynna ein god bodskap for hjelpelause, for å forbinda dei som har eit knust hjarte, ropa ut fridom for dei som er i fangenskap, og frigjering for dei som er bundne» (Jes. 61,1)

Har eg kjent Jesu lækjande kraft i livet mitt? Har eg kjent hans milde omsorg for mitt knuste hjarte, har eg opplevd frigjeringa frå mitt indre fangenskap? Denne gledas søndag møter våre erfarte Gudserfaringar, og den styrken som spring ut av å bli halden av ein Gud som ikkje vil overgje oss til vårt indre mørke. Det er desse erfaringane som gjev oss forsmaken på Herrens kome, og som me frimodig skal halde fram i våre omgjevnader.

Likevel kan det jo hende at denne adventstida for somme av oss er prega av eit tomrom. Kan hende let Herren vente på seg, og eg blir ståande einsam med alt eg slit med i min kvardag eller på djupet. Kanskje er adventstida for enkelte av oss ein verkeleg hunger, ei lengt etter å på nytt få erfare Guds lækjande eller styrkande hand. Då er Gaudete søndag ei påminning om at håpet ikkje vil svikte oss. Gud kallar oss til å leggje oss i hans hender, også når mørkret rår og me møter vår indre avmakt. Gud kallar oss til å vere tolsame og gje rom også for mørkret i oss, inntil me kanskje kan erfare at Gud finst også der.

Og i alt dette er me som har sett vår lit til Jesus kalla til nettopp å peike mot Herren i våre liv. Ikkje på krampeaktig vis, som om mi eiga og verdas frelse hang på meg sjølv. Då ville me berre brenne oss ut, og vårt vitnesbyrd ville sjå fattigsleg ut. Me har langt heller eit kall lik Johannes døyparen. Han svarar når han vert spurd, audmjukt og verdig, og vitnar om Jesus med sin livsførsel og veremåte. Han fornekta ikkje sin plass i verda og sitt kall, men såg sitt liv og si gjerning i ljos av noko større som han tok del i. Han forsto kven og kva som var på veg: Herrens kome og hans frelse for alle menneske. Som også inkluderte han sjølv…

Lik Johannes skal også me peike mot Jesus, ikkje påtatt eller insisterande, men gjennom våre val og handlingar i kvardagen. Det tek bort prestasjonskrav og press på kva me skal yte. Med våre liv kan me vitne om han som er større enn oss, som ber oss, og som held heile skapnaden i si hand. Gaudete søndag er gledes-søndag, ein dag med levande ljos og levande varme. Og levande Ande. Så lat oss legge til side alle krava for ei stund. Tenn ljos. Lat kongerøykjelse fylle stova i dag. Og lat Jesus få rom i våre hjarte, slik at dagen i dag kan klinge saman med dei siste linjene frå salmen Mitt hjerte alltid vanker:

Kom, la min sjel dog finne
Sin rette gledes stund,
At du er født herinne
I hjertets dype grunn