«Upp, gledjest alle, gledjest no» syng Odd nordstoga i ein av sine julesongar. Kvar gong eg høyrer den songen vert eg liksom smitta av jolegleda. «Upp, gledjest alle, gledjest no Med Fagnad, Fred og heilag Ro I Herren, dykkar Gleda». Eg trur folket i Judea land må ha kjent det litt slik når Jesaja forkynte at Herrens glede er nær.

Jesaja profeterer og heldt ikkje att: Herrens ånd er over meg, Herren Gud har salva meg for å forkynne! Det er ikkje ei lett å stå fram som Guds sendebod på Jesaja si tid. Profeten står i ei samtid i krise, med trugsmål om krig frå både nord og sør. Israel sjølv er splitta, og borgarkrig trugar. I tillegg er Israel prega av ei truskrise, og treng omvending og fornying. Jesaja har heimstad i Jerusalem, staden som Gud har knytt så mange løfte til, løfte som no synest så fjerne og så uoppnåelege. Men Jesaja si stemme kan ingen døyve. Han er utvald, kalla, han har hatt visjonar, og han har opna seg for Guds røyst. No er tida komen for å bringe den glade bodskapen til sine medborgarar.

Men kva for bodskap er det eigentleg? Herren har sendt meg for å forkynne ein gledesbodskap seier profeten. Ja. Men for kven? For dei fattige. Han har kome for å lækje, ja, men ikkje kva som helst og kven som helst, men dei som har eit knust hjarte. Han skal rope ut fridom, ikkje i øst og vest, men for fangar og for dei som sit i lenkjer.

Dette er kunngjeringa me skal juble over denne gledessøndagen. Om me då er rette adressat. Er eigentleg denne bodskapen til meg? Er eg fattig, med eit knust hjarte, eller i lenker? Talar Jesaja til dei få, eller til dei mange?

Jesaja har noko til felles med døyparen Johannes. Orda deira har ei dragning, dei tirrar menneskets djupe lengsel, sjølv før tilhøyrarane veit kva dei lengtar etter. Dei vekkjer håp, og dei konfronterer. Dei ber løfte om ein miskunns veg med glede, lækjedom og fridom, men dei krev òg at dei som tek imot bodskapen innser at dei treng det. Profetens sanningsord ropar på sanning og omvending. Difor vekkjer profetorda både hjå Jesaja og Johannes både fascinasjon og motstand, lovord og forvirring.

Det er denne ambivalensen som pregar tilhøyrarane til Johannes når dei spør: Kven er du? Er du Elija? Er du profeten? Kven er du? Dei vil vite kven han er, og kor han har sin autoritet frå, og dei forstår ikkje at for å få svar må dei vere villige til å fylgje Johannes når han manar til vedkjenning av syndene og fornya tillit til Gud. Dei formanande profetorda hans som kallar på omvending og reinsing frå sine synder har den same effekten på tilhøyrarane no som den gong: dei leier oss mot vårt sanne indre, og vil ha fram i ljoset det som bur i oss, på godt og på vondt.

Skal Gud fylle oss med glede må me innsjå at me er fattige. Om Gud skal gje lækjedom må me innsjå at me lid av ein kjærleikens mangelsjukdom. Skal me ta i mot Guds fridom må me innsjå at me treng indre frigjering frå usunne band som bind oss.

Me er kalla til å gå ein sanningsveg som leier oss mot Gud og mot oss sjølv. Me er kalla til å sjå sant på oss sjølv, og ta oppgjer med alt som held oss tilbake frå gleda. Me lid under mismot og indre mørke,  for Gud har ikkje fått fylle oss fullt og heilt, og me ber i oss myrke krikar og krokar som treng reinsande ljos. Me kvir oss for smerta det medfører å sjå seg sjølv i kvitauge, men profetorda lokkar og dreg i oss: Kom! No ventar lækjedom og fridom. Kristus står ved vår indre dør, ver ikkje redde, lat opp, lat inn, gje slipp på alt som tyngjer.

Då vert det i sanning ein gaudete-søndag, ein gledens dag, og då kan me også stemme i saman med Odd Nordstoga når han oppmuntrar oss i jolesongen: Burt Sorg og Saknad or vårt Sinn! Guds Gleda lata me no inn, At me kann Jesus fagna.