Kyrkja si leserekke er vald med omhug slik at dei forskjellige utdraga skal klinge saman. I dag er denne samklangen særs tydeleg. Det startar med Jeremia som syng sin lovsong over Guds løfte til Israelsfolket. Bryt ut i jubel, Herren har frelst sitt folk, og han skal frelse det igjen. Eg leier og fører dei til bekkar med rennande vatn, eg viser meg som ein far for Israel. Desse lovorda kjem allereie før Israelsfolket vert tekne til fangenskap i Babylon. Israel skal vite at Gud har lagt si hand over sitt folk, sjølv om dei må trosse eksilet og bli forvist frå sitt heimland i lang tid.

Vidare jublar salmisten over tilbakeføringa frå det 70-årige babylonske fangenskapet. Gud har halde sine løfte, slik Jeremia profeterte. «Herren har gjort store ting mot oss, og vi ble fulle av glede.»

Gleda er fullenda i Evangelieteksten, der Guds kraft vert demonstrert i møtet mellom Jesus og Bar-Timeus. Den blinde ber om å få synet att, og Jesus svarar: «Berre gå. Trua di har frelst deg.»

Og midt mellom desse løfterike og gledefylte bodskapa finn me Hebrearbrevet si utlegning om ypperstepresten si rolle, hans oppgåve og plikter. Han representerer folket. Han ber fram offergåver og sonoffer, både for folket og for sine eigne synder. Og oppgåva er noko han har fått i gåve, eit kall frå Herren som han sjølv tar i mot, til glede for både Gud og folket han er satt til å tene. Men kva når det er Jesus sjølv som bærer den yppersteprestelege rolla? Ser folket som lever i Jesu samtid på Messias som ein yppersteprest?

Det kan vere nyttig å sjå nærare på kva forventingar folket hadde til den Messias dei venta på. Me er kjente med Messias-forventinga om ein ny leiar med politisk mynde og gjennomføringskraft, som skulle han vere som ein Knut Arild Hareide i n-te potens. Men var han berre det? Det Gamle Testamentet vitnar om ei messiansk forventning som kan summerast gjennom fire sentrale element:

  • Der skulle kome ein ny Moses, -slik Moses sjølv profeterer like før han døyr på grensa til det lova landet.
  • Ei ny pakt skulle bli slutta mellom Gud og Israelsfolket.
  • Eit nytt tempel skulle byggast.
  • Løfte om eit nytt, lova land.

Alt i Jesu liv og virke er fylt med messianske teikn, teikn som alle ventar på. Dei nytestamentlege skriftene samlar i bokform det som alle allereie snakkar om. Som Moses fastar Jesus i førti dagar før han byrjar sitt virke. Der Moses gjorde vatn til blod som eit av sine fyrste teikn, der gjer Jesus vatn til vin som sitt fyrste mirakel i fylgje Johannes-evangeliet. Når Johannes spør om Jesus er den som skal kome referer Herren til Jesaja som målar opp bilete av den nye Messias: Då skal blinde auge opnast og dauve øyre latast opp. Då skal den lamme springa som ein hjort, og tunga til den stumme skal jubla. (Jesaja 35,5-6). Og litt lengre ned i teksten skriv profeten:

Og der skal det vera ein veg, Den heilage vegen skal han kallast. På den skal ingen urein ferdast. Han skal vera der for dei. (Jes. 35,8)

Alle som fylgjer Jesus ser kva som er i ferd med å skje. Dei går ikkje rundt med ein profet som vitnar om kva som skal kome. Dei fylgjer ein som faktisk utrettar desse profetiane! Det er mest for stort til å vere sant. Men så må det då også tru til å gripe det, slik Jesus seier til Bar-Timeus: Trua di har frelst deg.

Alt ved Jesu person kling saman, og det møter sitt klimaks i det same punktet: Påskemysteriet, utgangen av Exodus som Israelsfolket skulle minnast. Ja, ikkje berre minnast, det vart på liturgisk vis nærværande og aktualisert, ei evig påminning om Guds verjande hand over Israelsfolket då og no.

Jesus og disiplane var vel vant med liturgien og meininga. Dei hadde feira påskemåltid heile sitt liv med sine familiar slik jødisk praksis kravde. Difor er det ei uhøyrd og radikal endring Jesus innfører når han held måltid, ikkje i heimen, men med sine disiplar. Og der påskelammet var middel til frelse i fylgje Guds bod til Moses, der byter Jesus ut lammet med seg sjølv. Dette er min lekam. Dette er mitt blod. Kristus er ypperstepresten som ofrar seg sjølv. Og som vert reist frå dødsriket i ein herleggjort lekam. Menneskesonen openberrar seg som Guds Son, og sprenger grensene for Guds nærvær blant oss. Alt er til stades i Jesu person. Den nye Moses. Den nye pakta. Det nye tempelet og det lova landet. Gud er komen nær.

Det er denne Messias som profetane peiker fram mot, og som evangelisten skildrar i dag. Ein Messias som ved sin openberra kjærleik vekker ein lengsel i oss, slik han vekker håpet i Bar-Timeus. Ein Gud som ser den einskilde og som spør: Kva vil du eg skal gjere for deg?