Gledesstrålande fornying


No mot slutten av kyrkjeåret møter me på ei forteljing som i mangt og mykje handlar om oppgjer og ein ny start. Det er som eit lite forskjelv, eit frampeik på høgtida me feirar om nokre veker, då Kristus Kongen kjem ridande inn til Jerusalem på eit esel.

Eg har nokre gonger meditert over evangelieteksten saman med ungdomsskule-elevar. Når eg spør dei om kor rik Sakkeus var vert elevane litt famlande. «Hadde han ein million?» spør eg. Tre? Fem. Eller var han meir skikkeleg rik? Kanskje han hadde 20 millionar på bok? Og eit stort hus? Noko slikt må det ha vore. Ok, lat oss sei det. Så gjev han bort 10 millionar til dei fattige. Vipps, så var dei borte. Og har han lura pengar av nokon skal dei få firfaldig att. Korleis var Sakkeus blitt så rik? Ved å lure pengar av nokon. Det var jo difor han hadde så låg status blant folket. Han fiksa og triksa, snuska og lurte, dreiv på med sitt skitne spel og manipulering med tal. Om han skulle gje firfaldig att til dei han hadde lurt pengar frå kan me vere trygge på at når han var ferdig med runden var kassa rimeleg botnskrapa!

Sakkeus vil eit skifte i livet, men han veit ikkje korleis. Han lengtar, men står fast. Det næraste han kjem ei løysing er ved å klatre opp i morbærtreet. Lengre strekker ikkje planen seg for Sakkeus. Men så har han då også gjort det eine naudsynte. Han har gått ein veg med seg sjølv før han kjem så langt. Han har kjent murringa. Samvitet. Skamma. Eit uforløyst liv. Han har alt, men ikkje fred. Han veit kven alle er, men har ingen verkelege vener. Kvifor kan me anta det? Det kan me ut frå det offentlege skriftemålet som me er vitne til i dag.

Når Jesus kjem og får sjå Sakkeus skifter heile dramaturgien. Folkemengda som ikkje vil sleppe Sakkeus til vert vitne til at Sakkeus får fremste plassen av Jesus sjølv. «Sakkeus, skund deg ned. For i dag tek eg inn hjå deg!» Det må ha gått eit lite skjelv gjennom folkemengda ved denne erklæringa frå Jesus. Kva så med Sakkeus? Han grip sjansen. Gledesstrålande kjem han ned. Han ser seg ikkje verken til høgre eller venstre. Han ser ikkje på si eiga fortid, si skam eller si uverdige framferd. Han er ikkje sjølvmedlidande. Han fester blikket på Jesus og vedkjenner sine synder. Han ber ikkje om ei bot for det han har gjort gale. Han bøter sjølv på uretten, gjev avkall på eit liv som fører til død, og vender seg mot Guds son som gjev han liv og sanning.

Det er i røynda Visdomens Ånd som er verksam i dag, slik me høyrer i fyrste lesning i dag: «Du tukter varlig dem som faller i synd, og rettleder dem ved å minne dem om det de har forbrutt, så de kan vende seg fra det onde og tro på deg.»

Sakkeus let seg forme. Han grip sjansen til å gå i rette med seg sjølv. Han audmjukar seg, men han let ikkje skamma halde han att. Han er «gledesstrålande». Kor fantastisk er ikkje det. Kor frigjerande er ikkje det? Han grip gleda. Den gleda som spring ut av sanninga. Han konfronterer seg med sitt liv og let sanninga vinne fram.

I det perspektivet minner Sakkeus meg om ein episode i novisiatet. I novisiatsbibliotektet hadde dei ansvarlege sett fram diverse oppbyggeleg litteratur, slik at me nybyrjarar skulle ha noko å feste tanken til gjennom dei stille dagane. Eit av verka var skildringar om åndeleg fornying frå mellomalderen. Eg er ikkje sikker på om novisemeisteren hadde nærlese nett denne boka, for ei av skildringane gjekk svært i detalj i oppgjer med synda. Det var ein stakkar som alltid under messefeiringa vart så plaga av syndige tankar, og det gjekk ikkje verre enn at han stadig enda opp med ein kroppsleg tilstand som helst berre høyrer heime i ektesenga. Han såg dette som demonanes verk, og ein dag, midt under offertoriet, sprang han opp frå benken, reiv beinkleda av seg og peika på synda sitt verk og ropte ut: No kan de sjå kva Satan har stelt i stand! Snakk om å ta tyren ved horna!

Det er kanskje ikkje eit førebilete i bokstavleg forstand, men prinsippet er klart nok: I kampane me møter gjer det godt kvar gong me kan sei det vart 1-0 til sanninga! Og så kallar Kristus oss til å fylgje Sakkeus. Han ber oss om å gå i oss sjølv og spørje: Kva kan eg le av i mitt liv? Kva slags dumme synder er det eg held fast ved? Kva slags sjølvsentrerande kapital er det eg treng å kvitte meg med? Kva oppgjer er det eg har unnlatt å gjere? Er det ikkje på tide å gå eit steg lenger i møte med sanninga? Kristus kongen har sett seg på eselet. Han er på veg. Er eg klar til å møte han, gledesstrålande og fornya, som Sakkeus?