Det var ein fyr som kom til Gud og spurte: , «Gud, kor mykje er ein million år for deg?» Gud svarte: «Eit minutt.» Sidan spurte den same fyren, «Gud, kor mykje er ein million kroner for deg?» «Ein femtiøring.» Etter å ha tenkt seg litt om spurde han: «Gud, kan eg få ein femtiøring?» Og Gud svara: «Ja, om eit minutt!»

Guds logikk er verkeleg av ein annan orden enn våre menneskelege tankar. Det viser seg gong på gong i bibelen. Som når Jesaja bryt ut: «Kom, alle tørste, kom til vatnet! De utan pengar, kom og kjøp korn og et! Kom, kjøp korn utan pengar, vin og mjølk utan betaling!» (Jes 55, 1). For ein provoserande påstand! Me veit alle at me ikkje får det gratis! There’s no such thing as a free lunch! Bortsett frå når det er Gud som er kjøpmann. Då endrar spelereglane seg, og me må innsjå at med alt me har og er, manglar me gangbar valuta i møte med Gud. Me har rett og slett ikkje noko å stille med. Når me erkjenner dette bryt våre system fundert på fortjeneste og eventuell straff saman. Guds nåde er ingen transaksjon.

Slik óg med talenta i dagens evangelium. For me tenkjer så lett: ligg det ikkje eit krav frå Gud i forteljinga? Han som grov ned det han hadde fått å forvalte vart då ettertrykkeleg straffa? Granskar me teksten finn me at Gud eigentleg ikkje straffar. Han peikar berre på konsekvensane som fylgjer av korleis tenaren med den eine talenten har bore seg åt.

For det fyrste har denne tenaren latt redsle fylle sinnet. For det andre har han ikkje verkeleg teke imot gåva han har fått, men grove ned det han fekk å forvalte. Og for det tredje har det han fekk utdelt verken kome Gud eller andre menneske til gode.

Av desse tre trekka hjå denne tenaren er det fyrste det verste. Den redsla tenaren kjenner viser også at denne ulukkelege ikkje verkeleg kjenner Gud. «Eg visste at du er ein hard mann, som haustar der du ikkje sådde, og sankar der du ikkje strødde ut. Difor vart eg redd…» (Matt. 25, 24-25a) Hans bilete av Gud er prega av frykt og avstand. I si redsle skriv han seg sjølv ut av samfunnet med sin Herre, og viser i same stund at han ikkje har gripe den gåva han har fått del i.

Gud driv ikkje med omsetting av avkasting i verdsleg forstand. Gud skjenker sine tenarar, og kvar av oss, sin nåde i fullt mål. Det er som om Herren seier: «Et og drikk, lev på det eg gjev deg, og del med dei rundt deg. Arbeid for meg og med meg, og lat goda du har del i kome dei rundt deg til del. Gje slipp på alt som bind deg, på redsle, sjølvpisking og tvil. Lat frelse fylle livet ditt, og vis andre vegen til meg.» Det var det same livsprogrammet Peter fekk då Jesus baud han kaste garnet på høglys dag. Garna vart fylde så båten var ved å søkke, og Peter ropa ut: «Gå frå meg, Herre, for eg er ein syndig mann!» Men Herren svara: «Ver ikkje redd! Heretter skal du fanga menneske.»

Skal me gje oss ut i eit slikt program, og ta del i ei slik gåve, då må me også ta oppgjer med vår indre frykt. Nåden er jo ikkje minst å våge å sjå våre manglar, synder og avmakt, og femne vårt indre mørker slik Jesus møter Peter.  Vår verd er prega av redsle, og menneskehjarte er så altfor ofte så altfor redd. Og frå denne ibuande redsla fylgjer både forsvar og angrep. Det utrygge mennesket er ein laus kanon på dekk, og svekker vårt gangsyn og handlekraft.

Skal me få bukt med det me er redde for må me få alt fram i dagen. Me må gjere som riddarane ved det runde bordet, som skulle ut for å leite etter den heilage gralen. Alle skulle gå inn i skogen der den synest mørkast for den enkelte. Med andre ord: kvar og ein måtte konfrontere det han frykta mest. Dette gjeld også i våre liv. Me treng å møte det me elles vil omgå. Då vert også nåden og trua på Guds miskunn mest verkeleg for oss.

Men forteljinga om riddarane viser oss ein ting til. Dei hadde ein grunnleggjande tillit som gav dei mot til denne heltereisa. Slik sett gjer me lurt i å sjå på våre eigne livserfaringar, og tenkje over korleis Gud har vore til stades i vår eiga livshistorie. Kjenner eg att dei Gudgjevne talenta av miskunn og glede i mitt eige liv? Har eg latt desse gåvene, Guds nåde, forme meg og mine val? Og har eg skjenkt det Gud har gjeve meg vidare til dei rundt meg?

For når det kjem til stykket står me saman om å realisere Guds nåde. Me klarer ikkje dette åleine. Me treng Gud, og me treng kvarandre. Når me tek imot dei gåvene Gud skjenker oss vil me saman bere fram noko i denne verda som liknar kvinna me høyrer om i ordspråka: «Ho opnar handa for dei som lid naud, retter armane ut til fattigfolk. Der menneske møtest, får ho ros for sine gjerningar.» (Ordsp. 31,20.31) Så lat oss vekse i fryktlaus tru, og lat oss styrke kvarandre i tillit og miskunn, og slik gjere denne verda rikare, mildare og sannare. Slik vert Guds evige rike nærværande blant oss, og slik realiserer me dei gåvene som ein gong skal fylle alt i alle. Og lat oss starte i dag. Lat oss be Gud om hans gåver, om så berre ein femtiøring(!) For hugs: Me har ikkje eit minutt å miste!