Levande vitne

Då eg ein gong skulle halde ein retrett på ein ungdomsskule hadde me som tema Sakkeus i treet, – denne vesle mannen som så plutseleg vart midtpunkt i forsamlinga. Herren hadde sett Sakkeus, og livet hans vart omvendt. Etter ei økt med Lectio divina skulle ungdomane svare på eit spørjeskjema, og eit av spørsmåla var: «Korleis vil du bli sett?» Etter at heile retretten var over las eg gjennom alle svara frå rundt 150 elevar, og på dette eine spørsmålet hadde over halvparten av elevane svart det same: «Eg vil bli sett som den eg er.» Dette er den djupe, eksistensielle stemma som alltid kling frå vårt indre. Lengta etter paradisets uskuld, nærleik og openheit ligg djupt nedfelt i menneskets sjel, det er trass normaltilstanden slik den var tenkt i Guds plan. Men synda gjer livet utrygt, frykt får oss til å skjerme oss, og det å sjå og bli sett er blitt mangelvare. Online-livsstilen og støyreduserande øyrepluggar gjer det heller ikkje enklare.

Dei to hellenarane som kjem til Jerusalem for å tilbe ber i seg eit ynskje om å møte Jesus. Dei vil sjå Herren, noko som også inneber å la seg bli sett. Dei vil kome nær han som endrar liva til menneske og som gjev retning i tilværet. Men det vert ikkje noko treff. I staden for å kome dei i møte, legg Jesus fram nokre bodskap som kan verke framand og utan relevans for hellenarane. Han seier fyrst: «Fell ikkje kveitekornet i jorda og døyr, blir det verande berre eitt korn. Men døyr det, gjev det stor grøde.» (Joh 12,22) Og sidan, etter at røysta frå himmelen har stadfesta frelsesplanen som ventar Sonen, seier han: «når eg blir lyft opp frå jorda, skal eg dra alle til meg.» (Joh. 12,32)

Hellenarane går med uforretta sak, men det er ikkje fordi Jesus ikkje vil. Men han veit at om dei verkeleg skal få sjå Jesus slik han er, då må dei sjå hans frelsesgjerning – offerdøden på krossen, erfare grava og oppstoda frå dei døde, dei må sjå mysteriet med eigne auge. Jesus skal kome dei i møte på langt djupare vis. Han skal openberre seg som det store Logos, som avdekker den djupe meininga i tilværet, og som smir saman dei brotne banda mellom Gud og menneske. Kristi offer er såkornet som sprenger seg veg djupt inn i hjartets jordsmonn, som let Gudsordet vekse i menneskets indre, som gjev von i myrkret, ljos i fortvilinga, liv der øydemark rår. Hellenarane kjem til å møte Jesus, han skal kome dei i møte innanfrå, med tilgjeving og miskunn. No kan endeleg mennesket uthalde å sjå seg sjølv som den syndaren det er utan fordøming, slik Gud sjølv ser oss. Kristus set oss fri. Gud vert Gud slik det var meint i opphavet. Tilliten vert gjenreist. Guds lov er ikkje lengre ukjent. Me skal ikkje lengre vere framande for Gud eller kvarandre.

Når dette Gudsriket veks fram innanfrå, når mysteriet sprenger seg veg i sjela, då vert også alt lagt for dagen. Når me opnar oss for Guds nærvær og gjev oss til kjenne for Herren, då er ingenting skjult. Det er både skremmande og forløysande, og Jesus seier då om og om att, frykt ikkje, ver ikkje redde! Det er ikkje du som skal gå under, men synda og alt ureint du har i deg.

Det er ikkje til å undrast over at salmisten ber om Guds miskunn. Reins meg for mi synd. Skap eit reint hjarte i meg Herre. Gje meg ei ny og trufast Ånd. Desse utsegna spring ikkje ut av frykt, men av Gudsfrykt. Frykt får mennesket til å gøyme seg. Gudsfrykt opnar for bøn om lutring og stadig djupare einskap med Herren. Frykt får oss til å flykte frå smerte. Gudsfrykt og tillit til at Gud ber oss gjennom prøvingane gjer oss i stand til å omfamne lidinga. Den som viser oss veg er Herren sjølv, då han står i sin djupe indre strid i Getsemane, med sjela fylt med gru, men med hjarte vendt mot Faderen. Ikkje som eg vil, men som du vil…

Me er kalla til å leve det Gudvendte livet. Frelsa gjev oss mot oss til å opne oss for Guds miskunn, og la tilgjevinga gjelde meg sjølv i mitt konkrete levde liv. Guds nåde gjev oss vilje til å bli sett for den eg er. Utan unnskyldning eller atterhald, men nakent og ærleg. Kva held du tilbake? Kva fryktar du frå? Kva er du redd for, og kvifor? Gå det i møte. Driv det ut gjennom bøn og ransaking. Då opnar me for Gudsriket som sprenger på innanfrå, og som gjennom oss søkjer å nå andre.

Dette er det Gudsriket som er oss tiltrudd, og som me er kalla til å gje vidare. Kyrkja er Kristi lekam, og Herren formanar oss til å vere levande vitne, og til å verkeleggjere hans lekam – ei kyrkje med voksekraft og sanning. Det er denne pakta Gud lar oss ta del i, og som me har fått i oppdrag å forkynne ved våre levde liv, i Ånd og sanning.

Eg vil sei det med pater Ellert sine ord i boka som kjem no på vårparten, «Det levende treet», der han i kapittelet «Ånden bygger Kirken» held fram den vitaliten som me alle er kalla til å vitne om:

Ånden gjør levende, og den tunge kroppen som heter Kirken, burde være – ikke bare oppegående, men spenstig – som de store dyr der ute i naturen, skjønne, lettbevegelige, og med et brøl av og til.