Skjult visdom

6. søndag i det alminnelige kyrkjeår år A

Eg vart vigsla til prest i 2012 og feira premissmesse dagen etter. Familien min var invitert til ein felles middag med brørne, og bror min kom i prat med den dåverande provinsialen. Som i eit ordspel spurte provinsialen bror min: Kva er best, å vere vis eller å vere intelligent? Bror min svara: Å vere vis. Då kom det kjapt frå provinsialen: Det er intelligent!

Og kanskje kan det vere innsteget til dagens tekstar: Det er intelligent å vere vis. Gud kallar på vår eigeninnsats i dag, og Sirak utfordrar oss: «Dersom du vil, kan du halde Herrens bud. Det er ditt eige val om du vil vise han truskap … Rekk handa ut. Ta det du vel.» (Sirak visdomens bok 15,15-16). Jesus er ikkje mindre radikal i si forkynning. «Lat eit ja vera ja og eit nei vera nei! Alt som er meir enn det, er av det vonde.» (Matteus 5,37)

Dette er ord som er særleg aktuelle i desse dagar, både på vårt personlege plan, og som kyrkje. For me vert hardt utfordra på begge plan, der relativistiske haldningar i aukande grad utfordrar vår tru, både frå sekulært hald og i møte med andre kyrkjesamfunn. Staten har inga dogme, eller rettare, dei vert bytt ut ettersom tidsånden endrar seg. Relativismen rår.

I kyrkjeleg samanheng ser me korleis subjektive kjensler tek over for eit objektivt læreinnhald. Pastorale omsyn for enkelttilfelle vert normerande for alle, og Gudsbilete vert vagt og overberande, som balsam mot alt som plagar oss. I dette Lutherjubileumsåret er det nok å vise til vedtaka i Den norske kyrkja om kyrkjeleg vigsel for likekjønna par, eller Kirkens Nødhjelp som går ut og støttar «heilskapeleg reproduktiv helse, inkludert retten til trygg abort». Eufemismen «reproduktiv helse» er for øvrig nådelaus mot barnet som misser livet. Ein seier ein meiner vel, og vil ta omsyn til alle. Og omgår samstundes å sjå i augene at dei nye, inkuderande haldningane og vedtaka fører med seg andre offer. Faktisk er det dei aller svakaste det går utover, borna og det ufødte liv.

Opp mot alt dette står Kyrkja trufast i si overlevering, med eit etisk kompass og ein truskap til bibelen som plutseleg står fram som eit forbilde i lutherske, bibeltru kretsar. Mon tru om ikkje Luther sjølv tenkjer at sirkelen snart er slutta? Når St. Olav kyrkjelyd inviterer til «Katolsk grovbrød» er salen full, folk lengtar etter fullkorn, ikkje tome kaloriar. Folk vil få grep på kva ein trur, ein vert lei av å fortape seg i kjensler og relativisme. Dei vil ut av vage vendingar og tru som ikkje forpliktar. For kva interesse  har det i lengda?

Men me står i eit spenningsfelt også kva gjeld det personlege planet. Me vert påverka av strøymingane og brytast med vårt trusliv. Me kvir oss for å ta Jesu ord på alvor: Berre eit blikk er nok til å gjere seg skuldig i ekteskapsbrot. Ein impuls av sinne gjer at du bryt bodet om ikkje å slå i hel. Det er krevjande ord som møter oss i evangeliet i dag. Me vert kanskje freista til å skumme litt hastig forbi, slik at ein kan halde det litt på avstand. Me tenkjer med oss sjølv at her må Gud bere over med meg. Eller som det heiter i pop-låta: ”I’m just a soul who’s intentions are good Oh Lord, please don’t let me be misunderstood”. Og eg seier til meg sjølv, høgt eller stille: Eg er då berre eit menneske.

Mon tru kva Gud vil sei til det? Berre eit menneske? Det er ei kraftig nedskriving av den skapnaden som Gud sette som krone på sitt skaparverk, forma i Guds eige bilete, med krefter og innsikt som speglar noko av Gud sjølv. Når Sirak utfordrar oss, når Salme 119 prisar dei salige som er heil i si ferd, og når Kristus stiller krav til oss, då er det ikkje for å halde oss nede. Då er det for å lyfte fram kor stort det er å vere menneske, og kva gåver me er utrusta med i utgangspunktet. Herren kallar oss til aktiv respons, til å velje det han set fram for oss, til å ta stilling. Han er klar over at me er ufullkomne.

Eg fekk sjølv erfare dette spelet som Gud inviterer til under mitt eige novisiat: Nokre veker inn i novisiatet byrja stilla og eigen uro å gå meg på nervene, og eg gjekk snart på veggen. Eg måtte krype til korset og be novisemeisteren om ei samtale. Han sat godt tilbakelent og såg på meg med eit litt fjernt blikk medan eg la fram kor umogleg ordenslivet var for meg, kor sint eg var på mine medbrør, kor nervøs eg vart og kor lite eg ba. Til slutt sette han seg litt opp i stolen, såg på meg og spurde: Vil du dette? Eg trudde han hadde sitti og dagdrøymd, og byrja å gjenta meg sjølv. Men han berre gjentok: Vil du dette? Eg måtte tenkje meg om, og til  slutt innrøme at, vel, eg får det ikkje til, men jo, eg vil det jo. Javel, sa novisemeisteren med eit fast og venleg blikk. Då er det ikkje noko problem. Då skal Gud gjere resten!

I Kristus vert me rusta til å overgå oss sjølve. Gud er ikkje berre ein som skal kome springande etter å tilgje oss våre feiltrinn. Han er ein som står attmed oss og heiar oss fram. Han ser gjerne at me sprintar fram, side om side med Paulus, der me strir den gode strid for å nå målet og vinne sigerskransen og det evige liv. Me er esla for dette. Me er vaska i dåpens bad og kledd i kvite klede. Me har fått Åndens sju gåver i konfirmasjonen. Me vert vaska reine i skriftemålet, og me vert nærte  av Herren sjølv i eukaristien. Og me har fått Guds eigen Ånd i våre hjarte, til trøyst og kraft, med ord som kviskrar til vår sjel med ord som berre finn meining i mysteriet me er ein del av.

Dette er visdomen som er dårskap for verda, men som er vår høgste skatt. Det er denne gåva Gud skjenke oss, og som han med rund hand skjenkjer oss. Så lat oss ete og drikke, og ta for oss av gåvene, så ikkje vegen vert for lang. Lat oss fylle oss med mysteriet, og slik verte vise i Herrens auge. For

Det auge ikkje såg og øyre ikkje høyrde, det som ikkje kom opp i noko menneskehjarte, alt det Gud har gjort ferdig for dei som elskar han.

Marc Chagall: Moses tek imot steintavlene av Herren