Sannings Ande for sannings veg

Lesninger 6. søndag i kirkeåret år A

I går vart konfirmantane i St Johannes kyrkjelyd ferma av biskop Gerhard Schwenser. Ettersom eg har vore konfirmantlærar var eg til stades, og i takketalen som ein av konfirmantane heldt beklaga dei at dei somme tider hadde oppført seg som toåringar. Eg tenkte i mitt stille, kven gjer vel ikkje det frå tid til annan. Men trass all menneskeleg mangel på mognad får både konfirmantane, og alle oss som er døypte og konfirmerte, del i Den Heilage Andes gåver: visdom, forstand, råd, styrke, kunnskap, fromhet og gudsfrykt. Når me no nærmar oss pinse kretsar lesingane frå bibelen stadig nærare Anden. For påsketida er ikkje berre feiring av Kristi oppstode frå dei døde. Ho ber også i seg ei forventning om Den Heilage Ande som dei truande tek i mot og vert styrkte ved. Kristus gjev løfte om talsmannen, sannings Ande, som skal kome og gje oss innsikt og leie oss på frelsens veg. Ved Anden tek me i mot trua, ved Anden får me gåva å be rett, og ved Anden lærer me å skilje på kva som er kva i denne verda.

Denne sannings Ande me får del i har ein dobbelt verknad i menneskets sjel. For det fyrste vil Anden alltid kjenne att sanning. Og samstundes vil Anden alltid konfrontere lygna. Det er lett å slutte seg til dette, og ynskje Anden velkomen, slik at me kan få djupare innsikt i våre liv. Men ofte leier det til tøffe konfrontasjonar, noko me kan kjenne att på to plan.

For det fyrste ser me spora av sannings Ande i det offentlege rom, noko som me finn døme på i fleire debattar som no pregar ordskiftet. Det er nok å nemne debatten om menneske med Down’s syndrom og surrogatispørsmålet. Når menneskeverdet vert gradert og like fram fornekta, når strøymingar i samfunnet ynskjer å vende ryggen til dei sårbare sidene i menneskelivet, eller når mennesket vil gjere seg til skapar og vil designe barn nær sagt til kva pris som helst, og utan syn for barnets rettar, då vil Den Heilage Ande rope til samvitet, ikkje berre hjå dei døypte og truande, men til alle menneske av god vilje. Det kviler likevel eit særleg ansvar på oss kristne, om å stå opp for det som er rett, det som er sant, slik me tek i mot sanninga gjennom openberringa i trua. Me skal bremse dei fornektande haldningane som gjer mennesket til objekt utan rettar, og me skal gjere det me kan for å stoppe menneskefiendtlege ideologiar.

Det kan vere vanskeleg å gripe ann desse spørsmåla, for det haglar med argument, og ein vil jo ikkje virke dum når ein fyrst seier noko. Likevel skal me vere frimodige, og stå fram som trusvitne på våre mange forskjellige arenaer, slik me høyrer i 1. Petersbrev. Me skal ganske enkelt stå opp for det som er rett og sant.

Dette leier oss inn mot ei djupare utfordring. For sanning er ikkje berre eit ytre spørsmål, men ligg djupt forankra i vårt indre. Sannings Ande kjenner att sanning, og avdekker lygn. Det gjeld både i det ytre og i det indre. Ofte er det slik i våre liv at det er ikkje alt me ynskjer å sjå i augo. Me ber på sår og merker i vår sjel, og ikkje alle er lækte enno. Me ber kanskje på frykt for nærleik, me kan kjenne den ulmande tvilen både til Gud og kjærleiken, eller me ynskjer å vende oss frå vårt ureine, grumsete indre. Me har så mangt i oss som kan vekke sjølvforakt og fortviling.

Krafta i den kristne trua overgår likevel alt dette. Dei audmjukande erkjenningane som Den Heilage Ande openberrar i oss og om oss, leier oss gradvis til erkjenning av sanninga om oss sjølve og til indre fridom. Me er ikkje foreldrelause born overgjeven til oss sjølve. Me har ein Gud som har oss kjær, og som tek bustad i vårt djupe indre. Slik vert me vert femna av den djupe Gudskjærleiken som gjev mot og som gjev retning. Den heilage Benedikt formanar i prologen til sin regel dei unge søkande om alltid å be Herren fullføre dei gode gjerningane dei siktar mot. Slik øver dei seg i lydnad, for stadig meir å la Gud få plass i sjela, og vekse i heilag tru og von. Me kan ta til oss Benedikt sine trøystande ord, visse på at Gud vil fullføre det i oss som me ikkje sjølv maktar:

«Bli ikke skremt, så du med en gang flykter fra frelsens vei, for den må være smal i begynnelsen. Men når vi i troen fortsetter på denne omvendelsens vei, vil hjertet utvide seg, og så løper vi fylt av den kjærlighetens sødme som ikke kan uttrykkes i ord.»

oznor