Tekstar 7. søndag i påsketiden (år B) 

Forma av Kristus

Det nærmar seg pinse, og me tenkjer kanskje lett at pinsefesten er kyrkja sin fødselsdag. Då vert kyrkja utrusta med kraft frå Den Heilage Ande, for slik å kunne utføre sitt misjonsoppdrag i verda. Tida mellom Kristi Himmelfart og pinse kan synest som ei slags ventetid, som om det er stille før stormen, før alt blir omskapt. Men bibelen vitnar om ei anna haldning. Markus fortel at like etter himmelferda gjekk apostlane «og forkynte alle stader. Herren sjølv var hos dei og stadfeste Ordet med dei teikna som følgde med.» (Markus 16,20)

Jesu misjonsoppdrag har direkte verknad på disippelskaren, det er ikkje tid for å vente med oppdraget. Dei gjer som Kristus formanar til, dei går ut og vitnar om sanninga. Dei står fram med den glade bodskapen; Gud har gjort seg til eitt med oss, så me skal få vere eitt med han. Dei er berarar av Ordet, eit Ord som trenger seg ut gjennom disiplane sine ord og gjerningar, sine nestekjærlege handlingar og truverdig forkynning.

Slikt kristent snakk er ikkje alltid like lett å gå ut med, og kulturen me lever i og med synest å stå langt unna Jesu misjonsbefaling. I går via NRK heile kvelden til Melodi Grand Prix, der europeiske nasjonar konkurrerer om å vinne, enten ved den beste musikken eller kanskje også det beste sceneshowet eller den sterkaste karismaen. Eg skal avstå frå å ytre mine meiningar om resultatet (sjølv om eg synst Tsjekkia var ein veldig sterk kandidat), men heile sirkuset fekk meg til å tenkje på eit dikt av Jan Erik Vold, der han på sitt vis får komprimert det essensielle ned til ei linje: «Se på meg, for jeg er bra. Se på meg, for jeg er best. Se på meg, for jeg er bedre enn best!»

Ja, me veit det, Grand prix er grand prix. Det er ikkje mange att i vårt samfunn som vert moralsk indignert over kostymevalet i den europeiske songkonkurransen. Men me sit likevel att med eit underliggande spørsmål: Korleis forkynne Kristus til eit samfunn som ikkje synest å rette sitt djupare blikk mot Gud? Korleis forkynne tru og frelse til ei tid som ikkje spør etter det?

Kristus ber oss om å starte med vår eiga tru, og halde fast ved kor me høyrer heime: «Dei er ikkje av verda, slik eg ikkje er av verda» seier Jesus. (Joh. 17,16) Me lever midt i vår kultur, på godt og vondt, men me er ikkje kalla til å la oss definere av vår tids strøymingar. Forkynninga vår vil verte forma og farga av samfunnet me står i, så me når ut med Gudsordet på ein slik måte at det faktisk når fram. Men vår tru har sitt feste utanfor denne verda, fullt foreint med han som er trua si opphavsmann og fullendar.

Vår identitet som kristne er rotfest i kyrkja sitt fellesskap, både i og utanfor kyrkjerommet. Det er til sjuande og sist ikkje trua vår som skal tilpasse seg oss, men vårt liv forma av ord og handling som skal strekkje seg mot trua på Gud som sanning og kjærleik.

Å leve i sanning er ikkje å leve feilfritt, men å erkjenne kva som er rett og gale både i mitt eige liv og i alt eg ser og opplever rundt meg. Gud kallar oss til å leve ransakande liv, sjå ærleg på tilværet, og å møte omverda med sannferdig miskunn og varme. Ein kan kanskje tenke at for å leve sannferdig må det eit mirakel til. Men mirakelet har allereie manifestert seg. Dei truande held fram med å kome saman, driven av lengten mot Gud og søken etter sanning. Mirakelet har allereie funne stad, for Gud har sendt oss sin Heilage Ande, som på underleg, underfullt vis formar vår tru og viser oss veg, både i kvar enkelt av oss, og som kyrkje.

I dag kallar Jesus oss til å opne oss for storleiken i hans nærvær blant oss, og å la oss definere av hans ord: «De er ikkje av verda, slik eg ikkje er av verda». Er me villige til å bytte ståstad? Slik at me i staden for å sjå himmelen frå eit jordisk perspektiv, ser jorda og heile skapnaden frå eit himmelsk perspektiv? No som det nærmar seg 17. mai passar det godt å minne oss på kva som er vårt sanne fedreland. Me kjenner gjerne varme kjensler for vårt heimland (i vår multinasjonale katolske kyrkje i Noreg omfattar dette faktisk nesten all verdas land), og det har me då på så mange vis også god grunn til. Kor mykje meir skulle me ikkje då kjenne gløden over vårt himmelske heimland, som skjenker oss så rike gåver til ei kvar tid?

Det er det himmelske fedrelandet som kallar oss hit i dag, som gjer at me lyfter blikket mot det høge. Me ser den same vegen. Me har ikkje kome hit for å sei «Sjå på meg!», men for å rette blikket og vårt sinn mot Han, Jesus Kristus, som er vår Herre, vårt offer, vår frelsar og vårt håp.