Det tause kjærleiksspråket

Fastetida som me no byrjar på er skildra på mange vis; som ei ørkenvandring, ei ventetid, ei botstid, ei pilegrimsferd, ei tid for tilbaketrekking og bøn. Fastetida er ei lang førebuing på det store mysteriet som stadig på nytt openberrar seg for oss i påskehøgtida, og felles for alle desse bileta er ei grunnhaldning der me trekk oss tilbake for å opne oss for Gud og hans frelseverk. Me ryddar veg for Herren gjennom bøn, faste og almisser, og me ryddar i vårt indre for å gje rom for Guds stemme og vegleiing i liva våre.

Då eg for mange år sidan flytta inn i St. Dominikus kloster som student tok det ikkje mange vekene før stilla som eg fyrst opplevde som saliggjerande fredfull snart vart overveldande plagsam. Ein dag sa eg spontant i affekt til ein av brørne: «Eg skjønar ikkje korleis de kan halde ut denne stilla!» Den sindige pateren svara: «Å, du vet, alt utgår frå stillheten.»

Denne utsegna har fylgd meg sidan. For det er sant at alt spring ut frå stilla. Tidvis møter me dei gode tankane, dei varme åndelege kjenslene eller freden som somme tider senkar seg over oss. Men i stilla kjem også mangt og mykje anna opp, også av skuggesidene i tilværet vårt: sorg, sinne, tungsinn, skuldkjensle, uro og angst. I det ordlause kjem vårt djupare språk til overflata, og der møtest kreftene som pregar vårt indre. Fastetid er sanningstid, og sanninga kan vere ei krevjande bør å bere.

I tida som ventar oss er me kalla til å gå både Gud og oss sjølv i møte, og våge å stå i vår indre stille. Skal me orke det treng me å rette blikket mot Gud, og be om visdom og krefter til å bere kvardagen. Det var slik kong Salomo vann sin visdom då han fekk kongsmakta etter far sin David. Herren kom til han i ein draum og baud han ynskje seg kva han enn ville ha. Audmjukt svara Salomo: «Så gjev då tenaren din eit hjarte som kan høyra, så eg kan styra folket ditt og skilja mellom godt og vondt.» (1. kongebok 3,9). Det er dette me også treng i den store stilla som pregar fastetida: eit hjarte som kan høyre, som kan lyde etter Guds stemme, og som kan kjenne att Guds signing gjennom dei bod og den kjærleiken som Han ynskjer å skjenke oss. Kanskje er det nett i dette at me finn skjeringspunktet mellom askeonsdag og Valentins dag?!

For dagen i dag er ein kjærleg invitasjon, der me er kalla til å la Gud tale til oss og med oss. Stilla er ikkje utan retning, men kallar oss til å bli eitt med Kristi sinnelag, slik at me blir eitt med han som er eitt med Faderen. Fastetid er det skulte kjærleiksspråkets tid, som stadig meir skal opne våre hjarte for den gåva Gud vil gje oss, nemleg seg sjølv, til lov og ære for sitt namn, og til hele verdens frelse.