Foredre-ansvar for eiga tru


Det er mange måtar å sjå den heilage familien på. Eg kjem ihug ein visjon eg høyrde om, som så fint illustrerer det. Det seiest at ein fransiskanar, dominikanar og ein jesuitt gjekk langs ein veg då dei plutseleg såg Den heilage familie i eit syn. Fransiskanaren fall straks på kne og priste Gud for dette velsigna bilete på audmjuk fattigdom som strålte frå dei tre. Dominikanaren fall òg på kne, -han priste Gud for korleis familien på fullkomen måte spegla den trefoldige Gud. Jesuitten derimot, vart ståande litt før han gjekk bort til Josef, la handa om skuldra hans og spurte: «Så, Josef, kor har du tenkte å sende guten på skule?»

Som den praktisk-orienterte jesuitten er det kanskje like greit å starte med det konkrete. Når Gud gjer seg til ein av oss gjer han det på ein slik måte at han stadfestar den skaparordninga han ein gong forma verda etter. I byrjinga var Ordet, les me i Johannes-prologen, og Ordet vart kjød kling den eleverte ordlydnaden. I praksis trer Gud inn i kjernefamilien, der Sonen lever med sin mamma og pappa.

Ser me tilbake til den bibelske skildringa av skapnaden står det om vårt grunnleggande opphav at «Gud skapte mennesket i sitt bilete, i Guds bilete skapte han det, som mann og kvinne skapte han dei.» Dette er utspringet, den livgjevande kjelda som på underfullt vis gjev oss menneske unik likskap med Gud. Og frå det punktet vert bilete komplett. Som mann og kvinne vart me skapte, og som døtrer og soner med ei mor og ein far sette den menneskelege historia fart. Den fekk sin kurs, sin indre logikk, med eit grunnleggande premiss for kva menneske er, og korleis det vert forma gjennom livet.

Kanskje er det også rett å presisere nettopp dette grunnleggande familietrekket i møte med vår kultur som består av så mange forskjellige samlivsformer. Kyrkja har uttrykt omsorg for menneske med homofile og andre legningar, slik det til dømes er å lese i katekismen, der kyrkja formanar til å møte menneske med homofil legning med «respekt, medfølelse og finfølelse» (DKKK 2358). I møte med spørsmål om familieliv vil barnets rett og behov for ei mor og ein far stå som eit grunnpremiss for kva familiestruktur kyrkja vil kunne anerkjenne. Nettopp difor vert orda i katekismen ekstra relevante.

Alle lesingane i dag kretsar om forholdet mellom barn og foreldre. Me skal ære våre fedrar, og heidre våre mødrer. Når opphavet går inn i alderdomen er det borna som får ei form for foreldreansvar for dei tilårskomne som treng dei yngre si hjelp.

Men den same dynamikken gjer seg gjeldande på mange fleire vis. I eit tillitsfullt kjærleiksforhold mellom to menneske møter ein kvarandre som både elskar og ven. Og tidvis ber ein kvarandre på ein slik måte at det ligg noko av mor eller fars omsorg i relasjonen. Og sjå på yrkeslivet, der ein får opplæring og vegleiing, inntil dagen då det er me sjølv som vert vegleiarar for neste generasjon.

Eg kunne sikkert nemnd fleire eksempel. Men det viser i alle høve at me går gjennom livet i stadig veksling mellom å vere trengande, barnets side, og det å gje pleie og omsorg, og slik ha foreldreansvaret. Og eg har med kvart tenkt at dette også er eit forhold som gjeld vår eiga tru. Grunnleggande er me Guds born som ber til vår Far i himmelen, me strekkjer oss tillitsfullt mot vår Skapar, me gret våre oppriktige tårer, me gler oss saman med vår frelsar. Me finn vår barnlege fridom i den stadige forsikringa om Guds nåde, miskunn og omsorg som me alle treng så sårt.

Samstundes har me ei foreldre-rolle å fylle også i truslivet. For me tek ikkje berre i mot. Me tek også ansvar for vårt åndelege liv. Me er kalla til å vake over barnet i oss, gje det rett næring, sette grenser og vegleie slik at trua vert styrkt og grunnfest. Slik Josef og Maria trygga sin eigen son, ofte med stor risiko og krevjande innsats slik me høyrer i dagens evangelium, slik er også me kalla til å ta foreldre-ansvar for vår eiga tru.

Så lat oss gjere det me kan i denne juletida, og i året som står framfor oss, for at trua vår vert næra på best mogleg vis. Lat oss søkje Gud der han er å finne, i sakramentet, i ordet, i stilla, i vår neste. Og lat oss gjere dette konkret! Det er vel og bra å vere som både fransiskanaren og dominikanaren, sjølvsagt skal me falle på kne i lovprising og age for Gud. Men lat det også vere litt jesuitt i oss (ikkje ofte høyrd frå ein dominikanar!) – lat oss vere litt strategiske, litt praktisk-konkrete og lat oss legge nokre planar. Har du ein bibelleseplan? Kva tid las du siste frå 1. Samuelsbok eller om det store Exodus i 2. Mosebok? Set du av tid i kvardagen til bøn? Kva tid drog du sist på retrett? Har du skrive opp nokre dagar med prioritet bøn og kvile i året som kjem? Har du forsømt eit foreldre-ansvar for nokon rundt deg? Og finst det noko i kvardagen din som gjer dagleglivet tyngande? Er det noko eller nokon du bør greie opp med?

«Kvar skal du sende guten på skule?» spør jesuitten. I dag kan me stille oss sjølv dei naudsynte spørsmåla, dei som kan forløyse oss og gjere vegen mot og med Gud lettare. Då vert me eitt med han som la seg i våre hender, sårbar som eit barn, trygg som ein far, trufast som ein bror. Og slik vert også orda frå salmen «Mitt hjerte alltid vanker» verkeleggjort:

Kom, la min sjel dog finne sin rette gledes stund,
at du er født herinne i hjertets dype grunn.