«Før jeg ble født, har han nevnt mitt navn.»(Jesaja 49,1b)

På festdagen for Johannes døyparen er det Jesaja sin profeti som lyder. Johannes er kalla og utvald. Gud sjølv har gjeve han namnet, som Sakarja får høyre under tempeltenesta då Gud talar til han og seier: «Elisabet, kona di, skal føda deg ein son, og du skal gje han namnet Johannes.» (Luk 1,13b) Johannes er utpeikt til å gå i ferdiglagde gjerningar, og når han står fram og tek til på si underlege oppgåve undrar folket seg på kven denne asketen er. Kan det vere Messias? Er han Elia som skal kome att? Er det profeten? Nei, svarar Johannes sjølv. «Eg er ei røyst som ropar i øydemarka: Gjer Herrens veg bein, som profeten Jesaja har sagt.»

Ei røyst. Så langt kan Johannes strekke seg i å omtale seg sjølv. Han trer alltid tilbake, han lever sitt liv på kne. Det er Jesus som fyller Johannes sitt liv, lenge før Johannes eigentleg veit kven Herren er. Han er fylt av audmjuk tru, og forkynner bot og omvending for folket som søkjer han: «Midt imellom dykk står ein som de ikkje kjenner, han som kjem etter meg, han som eg ikkje er verdig å løysa skoreima til.» Det er den uverdige helgenen som talar.

Det må ha gått eit sukk gjennom Johannes den dagen Herren kom han i møte. Han ser Guds Ånd senke seg over Jesus og bli verande. Dette er det forløysande teiknet han har vorte lova, og når det står klart fram for han utbryt han: «Eg har sett det, og eg har vitna: Han er Guds Son.» (Joh 1,34) Det han har bore i sitt indre er endeleg stadfesta. Gud er nær, Gud er her! Herrens nærvær fyller ikkje berre den lengten til det Johannes har stått og forkynt i øydemarka i månader og år. Det stadfestar også Johannes sitt livskall. Han har venta, han har lengta, han har bedt og kjent smerta i dei seine nattetimar over uvissa, over ikkje fullt ut å vite, kva dag, kva time Herren skal kome. Når Jesus openberrar seg vert også Johannes heil.

Det er denne fullendinga som gjer at me betre kan forstå teksten frå Jesaja. Guds røyst talar gjennom Jesaja og seier: «Du er min tenar, Israel, på deg vil eg syna min herlegdom.» (Jesaja 49,3) Og: «Eg gjer deg til lys for folkeslag så mi frelse kan nå til enden av jorda.» (Jesaja 49,6) Vanlegvis les me desse orda frå Jesaja som ein Kristus-profeti. Og dei vert stadfesta hjå Evangelistane, der Kristus er verdas ljos, og der Guds herlegdom er openberra i Sonen. Men desse orda finn også sin gjenklang i Johannes døyparen. Ei røyst i øydemarka. Eit vitnesbyrd om Guds herlegdom. Ein vegvisar som legg til rette og peikar på kongsvegen som breier seg ut, slik Jesaja så kraftfullt skildrar:
Ei røyst ropar:
Rydd Herrens veg i ørkenen, jamn ut i øydemarka ein veg for vår Gud!
Kvar dal skal hevast, kvart fjell og kvar haug skal senkast.
Bakkete land skal bli til slette og kollane til flat mark.
Herrens herlegdom skal openberra seg, alle menneske skal saman sjå det.
For Herrens munn har tala.»
(Jesaja 40,3-5)

Det er menneskets indre Jesaja snakkar om. Kongsvegen, Guds rike, som breier seg ut i dykk og mellom dykk.
Og så kling plutseleg alle stemmene saman. Det er Guds røyst, det er Jesu røyst, det er Jesaja si røyst. Det er Johannes si røyst. Dette er inkarnasjonsmysteriet som me får del i ved Jesus, Guds Son, som vert til ein av oss. I Jesus møter me ein Gud som talar til oss med openberra kjærleik, og som seier: «Før du ble født, har jeg nevnt deg ved navn.» (Jesaja 49,1b) Utan nettopp deg vert skapnaden ein litt fattigare stad. Utan deg er det noko som manglar. Me er ikkje tilfeldige utfall av evolusjonshistoria. Me er langt meir enn ‘skapnader’. Kvar og ein av oss er elska fram av Guds kjærleik, for å leve i venskap med Gud og kvarandre, og teneste i denne verda.

Men kven er eg, spør me oss kanskje. Og tenkjer som Johannes, eg er ikkje eingong verdig til å løyse sandalreima for Herren. Men Herren svarar, som han la orda i munnen på Sakarja:
«Også du barn, skal kalles profet for den Høyeste. Du skal gå forut for Herren og rydde hans veier.» (frå katolsk tidebønsbok) Ser me storleiken Gud har skapt oss til? Når Gud gjer seg til menneske set Gud også ein ny standard for kva det vil seie å vere menneske. I Sonen vert me lyft til guddommeleg rang. Det krev både mot og audmjuke å ta i mot ein slik bodskap. Kanskje må du sette av tid til dette i det stille og i bøn, slik at desse orda får synke inn i djupna av deg. Lat oss oppmuntre kvarandre og sjå kvarandre slik Gud ser oss. Fatt mot, lyft blikket, for no er det vår tur til å gjere Johannes sine ord til våre:
Før jeg ble født, har han nevnt mitt navn.