Ein pilegrimsskare mot Gud

I O Lumen, Kirkens lys, syng me «Sannhetens lærer, be for oss som ennå går på pilgrimsvei mot troens mål». Den dominikanske familien er ein skare som går i fylgje gjennom hundreåra og i eit verdsomspennande nettverk. Men kva er det som bind oss saman? Kva er ankerfestet for den dominikanske einskapen?

Eg er freista til å nytte ein episode frå pilegrimsturen som Noregs unge katolikkar (NUK) arrangerte i sommar. Me var ein skare på 21 personar som starta i Otta (altså staden, ikkje timen), og som gjekk via Dovre, over til Hjerkinn før me toga inn til Heimdal femte dagen og gjekk siste etappen inn til Nidaros over Feginsbrekka.

Me starta friskt ut, men på tredje dagen vart ganglaget liksom litt tyngre og seigare. Dette var også dagen då me skulle gå opp på fjellet frå Toftemo turiststasjon over til Fokkstugu. Me vart einige om å gå i samla fylgje, slik at me kunne halde felles matpause og be non saman når me nærma oss toppen. Ved Budsjord pilegrimsgard ba me laudes før me i samla flokk bad rosenkransen medan me snirkla oss opp over tregrensa. Ein av leiarane skulle gå fyrst for å halde att fylgjet, og han fortalde meg etterpå korleis det hadde gått. Då han kom opp på snaufjellet vandra tankane fritt, og han hadde gløymd heile fylgjet han skulle gå i front for. Det var heilt stille rundt han, og han fekk for seg at han no hadde kome i skade for å ha gått frå heile gjengen. Han snudde seg, og støkk da han såg at heile gjengen var rett oppi ryggen på han! Laudes og rosenkrans hadde sidan tatt form av stille bøn, av ordlaus kontemplasjon i ein taus, men metta fellesskap.

Ein kan somme tider erfare noko liknande i vår orden. Ein går der med sitt i kvardagen, ikkje alltid like merksam på våre medsysken, ikkje alltid like fylt av Anden, kanskje heller berre andpusten etter mykje og mangt som skal gjerast. Men plutseleg ser me det, om og om att, at me står side om side, me går på ei felles pilegrimsvandring med blikket fest på det same målet.

Dette er også det som ber vår orden, -kontemplasjonen som fylgjer vår orden gjennom alt sitt virke. Det er ein slags ordlaus dimensjon av vårt ordensliv som, når alt kjem til stykket, ber oss og bind oss saman, og som gjev den dominikanske familien den levekrafta og forkynnarkrafta som ho held fram med å vitne om. Me kontemplerar i vårt virke, om me virkar ut frå vår kontemplasjon. Kanskje er det denne djupna i vår orden som samlar oss, og som skapar den underliggande einskapen. Det er forresten kanskje passeleg å minne om pater Ellert sine ord under avslutninga av 800-årsjubileet vårt. Om kontemplasjonen sa han:

«Man tror at kontemplasjonen er en slags forberedelse for forkynnelsen. Kontemplasjonen er etter min mening ikke en forberedelse på noe annet enn på kontemplasjonen. … Vi kontemplerer (…) men aldri for å gjøre noe. Det er i seg selv en sluttet handling og en fordypende handling.»

I ei hastig tid treng me å minne kvarandre på denne andre rytmen som kjem kristendomen og ikkje minst vår eigen orden til del. For me er kalla til å vidareføre vår far Dominikus sitt prosjekt, å leie menneske til Gud. Det gjer me ikkje som eit prosjekt eller eit program. Det gjer me gjennom våre kvardagslege liv. Slik sett ligg det ei særleg vekt på våre daglege prioriteringar. I O Lumen står det blant anna:

«Hellige fader, du nådens forkynner, når vi tviler på Guds nåde, kom oss til hjelp. Tålmodighetens lærer, hjelp oss å vise veien til Gud.»

Tvil, uvisse, prøvingar. Det er ein del av den vegen me går i vårt trusliv, på same vis som gnagsår og småstein i skoen, og somme tider ein forstua ankel er del av pilegrimsvandringa. Men me held fram på Dominikus sin forbøn. Men det står ikkje at Dominikus skal vise oss vegen til Gud. Det er me som skal vise andre vegen til Gud. Då må me frå tid til annan må me hugse å løfte blikket, og stadig på nytt oppdage styrken i den einskapen som knytter oss saman over tid og stad.

Eg er framand, eg er ein pilgrim,
Berr’ ei kveldstund, berr’ ei kveldstund er eg her.
Steng ikkje vegen, for eg vil fylgja
Guds folk til strid over berg og bylgja!
Eg er framand, eg er ein pilgrim,
Berr’ ei kveldstund, berr’ ei kveldstund er eg her.