Kristus er oppstanden


Det går eit definitivt skilje mellom i går og i dag. I går låg Jesus i grava. All von var ute, disiplane var motlause og desillusjonerte. I dag møter Maria frå Magdala den tomme grava. Peter og Johannes kjem til, og gradvis demrar det. Det er no dei vert verkeleg des-illusjonerte. Ein ny røyndom vert openberra, slik me høyrer i Evangeliet i dag: «Hittil hadde de nemlig ikke forstått dette som Skriften sa, at han skulle oppstå fra de døde.» Alt det disiplane har vore med på gjennom Jesu misjonstid, alt dei har høyrd og sett står plutseleg fram i lys av oppstoda. Døden har fått sitt banesår. Trua har fått sitt ankerfeste. Men kva slags tru veks ut av erkjenninga om den oppstandne Kristus? Ein kan sjå det på tre måtar.

For det fyrste er det trua på Gud som vert fødd på ny. Moses og profetane, lova og forskriftene, heile den jødiske kulten har hatt som mål å rette blikket mot den Gud som ein ikkje ein gong kan uttale namnet på. Ein sa Adonai (Herre) eller Elohim (Gud), eller berre hashem – namnet. Men ved Kristi oppstode forstår dei fyrste truande at i, ved og med alle skriftene skjuler Herren Jesus Kristus seg, som ein slags ghost writer for historia. Dei truande har høyrd den eine Gud si røyst, men Kristus er skjult til stades heile vegen. «Lat oss skape mennesket i Guds bilete» les me i Fyrste Mosebok. Og me stemmer i når me lyfter fram vårt Credo: Ved ham er alt blitt skapt! Han syner seg i Det store Exodus frå Egypt. Han er vatnet som spring frå klippa i ørkenen. Han er offerlammet. Han er Isak. Han er Herren sjølv. Skriftene peikar ikkje lengre oppover. Dei peikar framover, mot ein Gud som er komen heilt nær. Ein Gud som openberrar med kva kjærleik han elskar sin skapnad, og kor intenst han vil gjenreise banda mellom seg sjølv og sitt spegelbilete.

Kristi oppstode formar også trua på ein annan måte. Trua på den oppstandne Kristus gjev fridom frå synda og dødens makt. Israelsfolket var grunna på offerkulten. Heilt frå den gongen Abram høyrde Guds stemme og reiste eit altar har Guds utvalde folk ofra til Herren: Grødeoffer, slaktoffer og brennoffer, syndebukken som vart sendt ut i øydemarka for å gjere bot for folkets synder. Men no har Gud sendt eit offerlam som gjer ende på all ofring. Den audmjuke tenaren er han som evnar å bere fram det offeret som Israels Gud krev i salme 51:

«I slaktoffer finner du ingen glede, brennoffer bryr du deg ikke om. En sønderbrutt ånd er mitt offer, det knuste hjertet vil du ikke forsmå.» (Salme 51,18f)

Syndene som knugar menneskets sjel vinn sin fridom i Jesu offer, for Jesu offer tek det vonde ved rota. Djevelens makt er broten. Døden har ikkje siste ord! Jesus tek oss ved handa og leier oss ut av banda som bind, og lyfter oss like inn i barnekårets stand, der me i Kristus får kalle Gud vår Far.

Slik vert trua på den oppstandne Jesus prega på ein tredje måte, og det på svært konkret vis. Paulus seier det så klårt: dere har vært gjennom døden, og deres liv er skjult med Kristus i Gud (Kol 3,3). Kristentru er ikkje berre noko me ber i namnet. Trua ber kraft i seg til å overstige oss sjølve, og uthalde prøvingane som kjem i livet, også når det kostar, slik det vert skildra i 2. korinterbrevet:
Vi er alltid presset, men ikke knekket, vi er rådville, men ikke rådløse, forfulgt, men ikke forlatt, slått ned, men ikke slått i hjel. Vi bærer alltid Jesu død med oss i vår egen kropp, for at også Jesu liv skal bli synlig i den. (2. Kor 4,8-10)

Mi tru er trua på Kristus verksam i meg. Trua på Kristus er ikkje stempla med resignasjon og motløyse, som om me skal går rundt og sei ja ja, det går nok bra til slutt. I sluttscenen i ein film kalla Ostrow, The Island, Øya, innser den unge munken sitt stolte hovmod, og vender seg i sjelenaud til den gamle vise munken som snart skal døy. Han spør bedande: «Kva skal eg gjere for å leve eit rett kristenliv?» Den gamle svarar kort: «Åh. Gjer så godt du kan. Prøv å ikkje synde så mykje. Men nok av det no.» Svaret er like genialt som det er kort. Gjer så godt du kan! Gjer alt du kan! Stem tanke og sinn etter Kristus! Fylg boda. Ikkje lyg. Ver ærleg. Strev etter å leve eit autentisk liv, det vil sei; lev det livet som Gud kalla deg til frå den dagen han forma deg i sin tanke, eit liv i sanning som svarar til nåden me har fått del i. Kristus er stått opp frå dei døde. Lat oss reise oss av støvet med han som har fridd oss ut, og leve vår eigen oppstode.