Johannes døypar stig fram i Israel midt i ei tid full av uro, full av forventing: Skal ikkje Messias kome og utfri Guds folk, skal ikkje Gud gripe inn, går ikkje denne verda mot sin slutt, skal ikkje noko nytt bryte fram?

Johannes står fram i ørkenen, i Jordanlandet, i grenselandet, i overgangen sitt land. Der Josva eingong førde Israel over elva etter den lange vandringa frå Egypt og sette folket på val: -Vel i dag kven de vil tena! Eg og mi ætt, vi vil tena Herren!

Slik sette også Johannes folket på val og kalle det til omvending og livsfornying. Som teikn på si omvending vart dei døypte i Jordan. Og det dannar seg ei forsamling, ein dispippelkrins, rundt Johannes. Nokre av Jesu fyrste læresveinar, som apostelen Andreas, kom frå denne flokken.

Men Johannes var ikkje Messias, han var berre forløparen, han var ikkje brudgomen, berre brudgomens ven. Han var ikkje Ljoset, han skulle berre vitne om ljoset. Han var ikkje den store profeten, berre den siste profeten i det gamle Gudsfolket, han var berre Røysta som ropar i ørkenen: -Rydd veg for Herren! No skulle han kome som Johannes ikkje var verdig å løysa skoreima til. –Han skal veksa, eg skal minka – sa Johannes. Og ein vakker dag, kom den unge mannen, Johannes sin yngre slektning, Jesus ben Josef, frå Nasaret, av Davids ætt, og går forbi der Johannes står og forkynner, og Johannes peikar på han og seier: -Ecce AgnusDei; Sjå, der Guds Lam, han som tek bort verda sine synder!

Dei fyrste som tok mot Jesus som Messias, som Kristus,var altså førebudde av Johannes. Det var to dimensjonar ved Johannes si gjerning som gjorde at dei kunne opne seg for Jesu bodskap og bli hans etterfylgjarar:

Dei hadde lært seg å vente på Messias. Dei hadde forventingar om at Gud skulle gripe inn, at Guds rike var av ein annan orden enn menenskeriket, at det var noko gjennomgripande som skulle skje midt i historia, noko som går ut over menneskelege planar og tiltak. Og dei hadde lært seg å speide etter Guds utsending, etter Den Eine, han som Guds røyst lydde over: -Dette er Son’ min, han som eg elskar, han som eg har hugnad i; høyr han! Han som seinare sa: -Eg er vegen, sanninga og livet.

Og dei hadde teke mot bodskapen om omvending, om bot.Livet måtte forandrast: -Den som har to kjortlar, skal dela med den som ingen har og den spom har mat, skal gjera det same. Og til dei som hadde med pengar å gjere: -Krev ikkje meir enn de har rett til.! Vend om no, ver klare når Messias kjem: -øksa ligg alt inn ved rota av treet, det treet som skal bere frukter i eit nytt liv, ein ny livsførsel.

Vi veit og at Johannes var så modig og tydeleg at då han preika for kong Herodes og sa: -Du har ikkje lov til å ha kona åt bror din”, vart han halshogd, fyrst og fremst fordi kona blei irritert og kravde og hovudet hans servert på eit fat. Det var kongens fortenestemedalje for Johannes.

Brør og systre! Vi treng også å ta imot Døyparen Johannes sin bodskap for å kunne ta i mot Messias, Kristus. Vi må forstå at Guds rike er noko anna enn ein slags allmenn humanisme. Det dreiar seg om eit nytt rike, som tar til her i tida, mens om sprengjer tida og historia sine grenser. For ”himmel og jord skal forgå, men mine ord skal aldri forgå”, seier Kristus. Det er fyrst når vi har denne vona, at vi også kan motså den kynismen som så lett pregar politikk og samfunnstilhøve i dag.

Og vi treng å bli minna om at det kristne livet er ei liv i bot, i omveding, i meatnoia –sinnsforvandling – i ein stadig konversjon. Som rører ved djupet i livet vårt og samtidig viser seg i det heilt konkrete, særleg på dei punkta der vi er svakast og mest sårbare – og har lettast for å lure oss unna…

Dette skjer kanskje best i skriftemålet, i forsoninga sitt sakrament. Der, i den mørke skriftestolen, på det harde knefallet, skal du kanskje få oppleve at Sakarias’ profeti, hans lovsong då Johannes vart fødd, skal gå i oppfylling: At – Soloppgang frå det høge skal gjeste deg og at dine føter vert styrde inn på freds veg!

Legg igjen en kommentar