Du har all min yndest

Det har ikkje alltid vore like sjølvsagt å feire Herrens dåp. Den tidlege kyrkja streid med spørsmålet om kvifor Herren let seg døype. Ein dåp er jo utfriing frå syndene og frelse for sjela. Vår Herre trengde ikkje noko av dette. Han kjente sitt fedreland, og hadde ei fullkomen rein sjel. Dessutan var Johannes sin dåp ei omvendingsdåp. Men Kristus, den salva, hadde blikket og hjarte sitt vendt mot Faderen ei kvar stund, Jesus trong aldri noko omvending.

Etter kvart finn kyrkjefedrene ord for paradokset at Herren let seg døype. Han som gjer seg til eitt med menneske demonstrerer at no skal gamle Adam gravleggast i vatna, for sidan heilaggjort stå opp att til evig liv i Gud. Gregor av Nazianz fortel oss at Jesus steig ikkje ned i vatna for å verte døypt, men for å velsigne vatnet i Jordan. Slik vert dåpsvatnet innvia for alle slekter. Også for oss.

Og nett slik er det at Guds Son legg ein kongsveg for rett igjennom øydemarka! Himmelen opnar seg, Anden fell som dogg over ei jord som tørstar etter frelse, og Faderen let si røyst høyre: «Du er min Sønn, som jeg har kjær, du har all min yndest!» (Lukas 16,22)

Sjølv om dagens fest, som også rundar av juletida, er kalla «Herrens dåp» kunne me like gjerne, eller vel så gjerne berre sagt Dåpsfesten. For dagen i dag markerar jo ikkje berre Herrens dåp. Det er like mykje vår dåpsfest me prisar! Herren let seg ikkje døype for sin eigen del. Det var for vår skuld at Herren steig ned i vatnet, som er det sakramentale frampeiket på Jesu endegyldige korsoffer på Golgata. Jesus trossa Jordans vatn, det ytre teiknet på daudens vatn som så lenge hadde skild menneske frå samlivet med sin skapar, eit skille som vår Frelsar no braut ned. Jesus gjekk ikkje i døden for seg sjølv, men for oss som trong frelsa.

Fyrst gjorde vår Herre seg til eitt med oss. Og så vart me eitt med han. Og akkurat desse orda glir liksom litt lett forbi så alt for ofte. Han vart eitt med oss og me vart eit med han. I dag er dagen for å minne oss på kor radikale denne utsegna verkeleg er. Då Jesus får sin dåp let røysta frå Himmelen: «Du er min Sønn, som jeg har kjær, du har all min yndest!» Dei var retta til Jesus, som ei openberring, slik at Johannes og folkeskaren som sto der ute i øydemarka skulle kunne erkjenne at Messias endeleg var komen. Men då Maria Magdalena, Peter og Johannes vart gripen av påskemysteriet den fyrste dagen i veka, då gjaldt ikkje desse dåpsorda berre for Herren. Ved den tomme grava vart plutseleg desse orda våre. Du er min son som eg har kjær, du er mi dotter som eg har kjær, seier Herren vår Gud. Du har all min yndest. Ved korsofferet har eg demonstrert min kjærleik for deg. Eg har utøst min kjærleik over denne verda, og dei brotne banda er no smidd saman att. Slik som alven Elrond i Ringanes Herre smir saman det brotne sverdet Andúril som til sist frir folket ut, slik smir Kristus saman brotet mellom Gud og oss, ved seg sjølv, Gudsordet som er skarpare enn noko sverd.

Difor er det er grunn til å feste i dag. Me tek imot vår dåp som set oss inn i eit fornya kjærleiksforhold til Gud. Me er kalla til å leve denne dåpen, opne oss for ein ny livsveg der me ser Kristus i oss, og oss sjølv i Kristus.

Dette er vakkert å sei, men ikkje så lett å leve til ei kvar tid. For Å sjå seg sjølv som ein frelst syndar er noko anna enn berre sjå seg sjølv som ein syndar. «Kristenmenneske, kjenn din verdighet!» seier pave Leo den store i den velkjende julepreika. Og me kan like gjerne seie, Kristenmenneske, kjenn din identitet! For Anden er villig, men gamle Adam er ikkje like lett i vendinga!  Det er tryggast å halde fast ved det gamle, det me kjenner best. Det er lettare å dvele ved våre manglar og det uverdige, enn å sjå ope mot det lyset som Gud i nåde har vald å fylle oss med. Me er som vaktmestern skildra av Trond Viggo Torgersen, som klagar over at han ikkje får måkt snøen i nedkøyringa til garasjen. «Ja», svarar Dan Børge Akerø, «men de har jo lagt varmekabler der nå.» «Jammen det skal da vel ikke gå ut over meg!»

Å leve dåpen er å leve som Kristus, ja, å leve i Kristus. Det er å tru på Guds Ande som ei levande kraft, kraft til å omskape, fornye, ikkje berre i det ytre, men i mitt eige indre. I morgonbøna, Laudes, for sist laurdag song me frå 5. Mosebok den lovsong som Moses sjølv ber over Jakob og Israelsfolket: «Lik ei ørn som får ungane til å flyga frå reiret og svevar over dei, slik breidde han ut sine venger, greip han og bar han på vengene.» Me har ein Gud som ikkje berre leier oss til frelsa, han fører oss like gjennom alle hindringar. Han utrustar oss med styrke og kraft, slik at me, kvar etter sitt mål, skal kunne lette som med ørnevenger, og verte reiskap for Den Heilage Ande som treng oss i sitt virke.

Dette vert verkeleggjort i våre liv gjennom våre konkrete val og prioriteringar. Me skal synleggjere Kristus i familierelasjonane og i venskap, i møte med dei på jobben og alle me møter. Det er ikkje likegyldig kva du gjer og seier. Og nei, du er ikkje berre ein syndar. Du er frelst!

Me skal verkeleggjere frelsa i vårt eige indre. I våre haldningar, i våre prioriteringar. I korleis me tenkjer og i kva me vektlegg. Me er kalla til å bygge vår karakter i Kristus, og la Herren lyse gjennom oss.

Og me verkeleggjer Guds verke i liturgien, folkets arbeid som det eigentleg tyder. Me er kalla til evig fornying i møte med det liturgiske liv. I den vesle perla av ei bok, «Tidebønnene – berekraftig bønneliv» skreve av søstrene på Tautra og Karl Gervin, les me: «Liturgien åpner for intellektuelt umulige ting og ønsker ikke så mye å forklare som å henrykke. I dagens løp skal tidebønnene skape en sitring av lykksalighet og gi et glimt av himmelen. Det opplever vi vel ikke alltid, men utfordringen er kanskje at vi har sluttet å vente at det skal skje.»

Så lat oss vende tilbake til dåpens vatn, og vaske av gamle, dårlege vanar og stivna slagg. I Kristus har me reist oss frå Jordans vatn. Johannes knelar og seier han ikkje er verdig til å knytte sandalreima for Herren. Me står framfor Johannes, ikledd Kristus, og kneler og forstår me ikkje er verdige til å ta i mot den store gåva me har fått, evig liv og Guds kjærleik rett i blodet! Det er jo derfor me kallar det nåde. Vis mot. Ver audmjuk. Ta imot Guds frelse! Han som seier deg så nært at du kan kjenne pusten i øyra: Du er min Son, du er mi dotter, som eg har kjær, du har all min yndest!

Døpefont frå Dalby kyrkje, Skåne, med motiv av Herrens dåp i Jordan. Foto: br Haavar S. Nilsen ©P