Den kortaste preika eg har høyrd nokon gong vart halden på denne dagen, Josef handverkaren sin dag, av ein fransk prest i Lille i Frankrike. Han sa: «Josef var ein tømmermann. Det vil sei at han arbeidde med hendene sine. Det er verdt ein meditasjon.»

På eit vis sa presten i Lille det heile med dei orda. Nok snakka! Josef arbeider med hendene. Han er ein mann av handling. Det er Josef sitt primærspråk i bibelen. Ein finn faktisk ikkje eit einaste sitat av Josef i Bibelen, men ein finn eit samvit som alle ting er retta mot Gud. Josef er ein heilhjarta mann, som i det stille lever etter rådet frå kolossarane, når det står: «Alt arbeid skal de gjera heilhjarta, for det er Herren og ikkje menneske de tener.» (Kol 3,24)

Josef er likevel merkt av å kome frå ein lågstatus-region, både i bibelsk samanheng og i den seinare historia. I Johannes-Evangeliet kranglar folket seg i mellom når dei høyrer Jesu forkynning, og spør: «Messias kjem då vel ikkje frå Galilea?» (Joh. 7,41), og då disiplane kjem til Natanael og seier dei har møtt Herren, svarar han like ut: «Kan det koma noko godt frå Nasaret?» Joh. 1,46. Det er noko som heng ved oss menneske, at me samanliknar og hevdar oss over andre. Og så seier me kanskje, kan det kome noko godt frå Nittedal? Eller Eggedal, eller Nissedal, eller Olderdalen?  Og i vår sjølvsentrerte iver gløymer me det grunnleggande menneskeverdet som er likt for alle, og det særskilde kallet Gud har gjeve kvar einskild av oss, ikkje likt for alle, men unikt for ein kvar…

Josef har også vorten underkjent i kyrkja sin liturgi heilt fram til nyare tid. Han har liksom stått i skuggen, litt ut på sidelinja, i ei taus birolle som ikkje vert nemnd til tross for at ein aldri ville klart seg utan han. For var det ikkje nett Josef som vende om og tok Maria til seg til trass for farskapet han ikkje hadde del i? Var det ikkje Josef som førte Maria til Betlehem slik at profetien om Messias vart oppfylt? Og som sidan berga Jesus frå Herodes sine soldatar ved å flykta til Egypt?

Josef er ein mann av handling, som med trufast kjærleik står fast i tru og tillit til Herren. Han er ein vegvisar for oss, ved sin audmjuke lydnad og handlekraft. Han er ein vegvisar som ved sin livsveg peikar på det vesentlege, nemleg ein frelsesveg i tru – ikkje fyrst og fremst i ord, men i handling.

Frå ei fransk tidebønsbok. Maria les og Josef held Jesus-barnet (1500-talet)