Den sigrande kongen

Då vår kyrkjekunstnarar byrja å skildre vår Frelsar på krossen her i heimlandet vårt for rundt tusen år sidan var det med ei vital kraft som lyste ut av skulpturane. Tenk berre på dei vakre krusifiksa i Røldal eller i Hedalen. I motsetnad til renessansen og seinare tider, då Kristus liksom vart hengande etter naglane i maktesløyse eller menneskeleg avmakt, der sto den tidlege mellomalderens Kvitekrist opprett, med hendene ut til sida. Lidinga og sorga prega andletet til vår Herre, nokre gonger kunne ein sjå fingrar eller tær som vreid seg i smerte.

Men det var likevel den sigrande Kristus som overvann døden som møtte dei truande. Her tronar kongen som fridde oss frå synda, som gjorde slutt på slaveriet og førde sitt folk til fridom. Her møter synda og døden sin overmann, ikkje berre for menneskeslekta generelt, men for deg og for meg. Her heng vårt håp, vår bergingsmann, vår hyrde, vår konge.

No lever me i ei anna tid, der mennesket og alt menneskeleg får mesteparten av merksemda. Trua er på vikande front, over halvparten av befolkninga trur ikkje lengre på Gud, færrast Gudsbekjennande finn me blant den yngre generasjonen. Me går inn i vår sekulære tidsalder, ei tid utan rom for Gud. Når Gud ikkje lengre er til stades vil mennesket måtte bli sin eigen frelsar, evig uforløyst fordi det ikkje kan fri seg sjølv frå verken frå synda som tynger eller frå dødskreftene som bind. Verdisynet vaklar, menneskeverdet vert forringa, frustrasjonen og missnøye aukar sjølv om me lever i umåteleg stor velstand.

Midt i dette står kristentrua fram med ein stor styrke: Ho har eit verdifeste i noko større enn berre menneske: Kristendomen byr på forpliktande Gudstru, eit livsprogram menneske kan innrette seg etter og stå fast ved, der lydnad og fridom finn kvarandre og utfyller kvarandre. Som truande byr me på verdiperspektiv tufta på kyrkja si vedkjenning, og med det ein eksistensiell ståstad som menneske til alle tider aldri vil kunne stille seg heilt likesæl til. Me underordnar oss ein sigrande konge, me set vår lit til eit håp som kan bære menneskets djupaste naud og fortviling. Kristendomen er alvor for dei som trur, og ho er eit teikn for vår tid, ei kraft som folk lengtar etter og som gjev livsrammer å leve i, -det faste og trygge, det forpliktande, gjevne, det ein kan bryne seg mot og kjempe med.

Som truande får me del i ein ny oikonomia, eit nytt hushald, der Kristus er den som nærar og styrker alt og alle. Det er god grunn til å halde fram storleiken i den trua me vedkjenner, og vise dei rundt oss at Kristus verkeleg er vår Konge. Me tek sjølv del i dette kongevelde, ettersom me ved dåpen vert salva til både prest, profet og konge. Me vert eitt med Kristus, og får eit kall til å leve i, ved og med vår Herre i truskap, kjærleik og i sanning.

Korleis gjer ein det? Korleis leve i sanning? Pave Frans formulerte det slik:

«Sanning er ikkje noko lausrive frå relasjon, sanning er relasjon.» Sanning kjem til syne i våre liv, i våre tankar og prioriteringar, vår måte å møte omverda på. Det gjer ikkje sanninga skiftande og subjektiv. Det viser berre at sanning vert gjeven til oss som ein veg, og som levd liv, slik Jesus sjølv viste til då han sa: «Eg er vegen, sanninga og livet.» Det er i dei daglege vala at sanning openberrar seg i våre liv. Det er i våre prioriteringar, våre haldningar, våre ytringar og handlingar. I kvart val me gjer, i kvar medvetne handling, i kvart ord me seier, i kvart steg me tek vil sanning få kunne falde seg ut.

Det er så mykje snakk om livsstil i dag, innanfor helse, psykologi, økologi og så vidare. Som kristne er me kalla til å leve ut ein sannings-livsstil, som speglar seg i miskunn og omsorg, i ei tenande haldning til vår neste, og i lovprising til vår Gud. Det er gjerne her slaget står i våre liv, og det er her me verkeleg treng ein sigrande konge i våre liv, for å stå løpet og vinne sigerkransen som Paulus så friskt seier det. Eller for å sei det med Cassianus, det er ikkje fyrste delen av løpet som er den viktigaste, men den siste.

Held me ut vert me også lova del i eit stort løfte, for vårt kongelege verd som me allereie her får del i skal forløysast og fullendast til slut, slik me høyrer det i prefasjonen til den eukaristiske bøna i dag. For når Kristus ein gong har lagt heile skapnaden under sitt herredømme, skal han overgje et evig og altomfattende rike til Guds uendelige majestet: sannings og livets rike, det heilage og nådens rike, rettferds, kjærleiks og fredens rike. Det er dette som er vårt kongerike, som Kristus allereie på Krossen syner oss, og som me har del i her og no.