Lesningar for Kristi Kongefest

Mange av oss har vore og sett filmen «Kongens nei», som handlar om eit folk og ei folkevald regjering som skal ta vanskelege avgjerder i ei krisetid. Kong Haakon hadde ei representativ rolle i det unge kongedømet Noreg, men i den ekstraordinære situasjonen som oppstod i dei kaotiske aprildagane i 1940 vart han ei samlande symbolkraft, og spela ei stor rolle både då og under krigsåra som sidan fylgde.

Filmen «Kongens nei» handlar om meir enn folkets fridom og varme kjensler for vår nasjon. Han peikar ut over seg sjølv, mot eit universelt grunntrekk som har prega Noreg i 1000 år. Allereie då landet vårt vart samla til eit rike, vart martyren Olav kåra til Rex Perpetuus Norvegiae, Noregs evige konge. Ein kvar konge som fylgde i tronrekka ville tene landet som Heilag-Olavs vasall. Men Olav sjølv var Kristi vasall, ein tenar for Kristus som fekk eit livskall som krevde alt, ja, sjølv hans eige liv. Olav vart den audmjuke, offervillige kongen, og spegla soleis den evige Kongen som me feirar i dag.

Opplyst einevelde er den beste styreforma. Det føreset sjølvsagt at eineveldet faktisk er opplyst…

Eit kvart rike, ein kvar stat og kvart styresett, vil i røynda finne sin rettmessige plass underordna den evige kongen som alt er blitt til ved, og som alt er kalla til å rette seg mot. I så måte er opplyst einevelde den beste styreforma. Det føreset sjølvsagt at eineveldet faktisk er opplyst. Eigentleg er all styreform rotfest i opplyst einevelde, fordi all menneskeleg organisering er god i den grad ho samsvarar med den grunnleggande intensjonen som ligg lagt ned i skaparverket. Skapnaden er ikkje vilkårleg. Skapnaden vert til ved ein intensjon, ei retning som peikar tilbake mot skaparen. Vårt samfunn er djupast sett eit kjærleikssamfunn som skal svare på til den treeinige Gud som har elska fram heile kosmos, eit kosmos som er vorten til ved Guds Son, og som all lovprising vert samla ved, slik me vedkjenner i eukaristien, når me konkluderer:

Ved ham og med ham og i ham tilkommer deg, Gud, allmektige Fader,
i Den Hellige Ånds enhet all ære og herlighet fra evighet til evighet.

Ved Kristus er verda skapt, ved Kristus er verda utfridd og menneskeslekta frelst, og ved Kristus skal ein ny skapning stå fram på den siste dag. Han er kongen som alt er underordna, og som alt skal rette seg mot. Skaparordet som verda og eit kvart menneske vert til ved, Frelsar og Forløysar, Fredsfyrste og Forsonar, den Førstefødte av dei døde. Den glade bodskap som strålar som ljoset i myrkret.

Dette og meir til minnest me på denne dagen, og me er kalla til å halde fram for oss denne røyndomen som me er omslutta av. Pave Frans formanar i fleire av sine encyklikaer til fornya iver for dette kerygma, forkynninga av den glade bodskapen, som han kallar «det vakraste, det mest utsøkte og mest tiltrekkande, og på same tid det mest nødvendige» i kristenlivet. Den evangeliske bodskapen må klinge i oss og rundt oss, og liva våre skal bere vitnesbyrd om Han som vår eksistens er tufta på. For ikkje noko er sterkare, djupare, sikrare eller meir meiningsfullt og meir fylt av visdom enn bodskapen om Jesus Kristus og forløysinga han skjenker oss. Den kristne danninga består i stadig å trenge djupare inn i dette kerygma. (Amoris Letitiae 58/ Evangelii Gaudium 35, 164, 165)

Ein ven av meg kallar seg ein «meinings-addict», ein som er avhengig av å leite etter meining i tilværet. Det er då også ein kristen dyd. Me er kalla til å sjå etter meining med våre liv. Kristus inviterer oss til å tenke over våre val, og over korleis me organiserer oss i kvardagen. Kva fyller me kvardagen med? Er livet mitt eit vitnesbyrd om det kerygma eg vedkjenner i trua? Har livet mitt retning?

Kristi kongefest er ei reorientering, ei oppgjerstid med oss sjølve, ikkje streng og fordømande, men med miskunn og tolmod, der me frir oss frå alt det unødvendige for å sentrere oss mot det eine nødvendige. Det er tida for å stille inn kompasset i inngangen til eit nytt kyrkjeår, så me går med stø kurs mot målet. Slik kan me stadig meir opne oss for Herren, vekse i håpet og trua, slik at me ein gong til slutt får høyre dei velsigna orda frå Jesu eiga munn: «I dag skal du vera med meg i paradis».