Søndag 13. november 2016 av p. Haavar Simon Nilen

Bibeltekstar: 26. søndag i treenighetstiden

Me er så heldige ha vore vitne til at fire born vart døypte i dag. Og då passar Evangelieteksten i dag eigentleg særs bra. Me høyrer om den arme kvinna som møter Jesus i synagogen, og som heilt uventa vert frisk. Jesus lækjer fordi ho treng det, han legg hendene på henne og seier ho er løyst frå sjukdomen. Det er ei konkret handling, men også ei symbolhandling som peikar utover seg sjølv, og som har med oss alle å gjere.

For kvifor skal Jesus gjere kvinna frisk på den dagen alt og alle skal stå i ro? Me kan på ein måte forstå synagogeforstandaren. Skal du til legen får du finne ein annan dag enn sabbaten. Han reagerer sjølvsagt på dette, og utbryt forarga: ” Det er seks dagar til å arbeide på. Då kan de kome og la dykk lækje, men ikkje på sabbaten!” Men Jesus er ikkje ein doktor. Og det er no eingong ikkje slik at Jesus lækjer sjølv om det er ein sabbat, men nett av den grunn! For betre å forstå kvifor det er slik må me vende oss til opphavet for sabbaten, og sjå på kva sabbat eigentlig tyder.

Me les i 1. Mosebok at Gud skapar verda på seks dagar. Og så kjem den sjuande dagen. Når eg spør folk kva Gud gjorde på den sjuande dagen svarar dei fleste at han kvilte. Men gjorde han eigentleg det? Det sentrale leddet i forteljinga om sabbaten i fyrste Mosebok er ofte oversett eller gløymd (1. Mosebok 2, 1-3). Lat oss høyre kva teksten seier:

Den sjuande dagen fullførte Gud det arbeidet han hadde gjort, og den sjuande dagen kvilte han frå heile det arbeidet han hadde gjort. Gud velsigna den sjuande dagen og helga han. For den dagen kvilte han frå heile sitt arbeid, det som Gud hadde gjort då han skapte.

Å sette opp teksten på ein slik måte kallast ein kiasme (av Chi, gresk for X). Det vil sei at ein gjentek setningsledda før og etter eit midtpunkt. I teksten over ser me korleis hovudpoenget vert ramma inn av linjene før og etter: Gud fullførte arbeidet, han kvilte frå arbeidet, før me kjem fram til det viktigaste, som står i midten:

Gud velsigna den sjuande dagen og helga han.

Så, kvilte Gud den sjuande dagen? Ja, men han velsigna også denne dagen. Gud byr mennesket å kvile denne dagen, men Gud sjølv er høgst aktiv. Dette er dagen då me tek i mot Guds signing. Det vil sei ein dag for restitusjon, ein dag der me vert gjeven det som me sjølv ikkje kan produsere, men som me berre kan ta imot frå Guds hand. Det er ein dag for legedom på kropp og sjel. Me forstår då betre at for Guds Son er det ingen dag som er så passande for å lækje den vanføre kvinna som nettopp sabbaten. Jesus demonstrerer kva Gud meiner med Sabbat, og han viser samstundes at han er Guds Son, som i kraft av å vere Gud gjer det Gud skal gjere på denne dagen.

Ein medbror av meg, ein ekseget i Freibourg i Sveits, Adrian Schenker, kallar sabbaten for ei vital tid, ei livgivande tid, ein heilagdag som er der for menneskets skuld, for at mennesket skal kunne ta imot det som det elles ikkje kan skaffe seg sjølv. Det er difor me skal stoppe opp med jamne mellomrom, og late Gud får virke i oss og styrke oss i djupet.

I kristendomen vert Sabbaten fullenda og openberra ved at Jesus står opp frå dei døde. Slik openberrar Gud krafta i si velsigning. Sjølv ikkje døden maktar å halde livet tilbake. Den sakramentale inngangen til dette evige livet er dåpen, og det er denne livskrafta desse små i dag er vorte fylt med. Dei har blitt merkt med Kristi innsegl, og er blitt eitt med Jesus som skjenker menneskeslekta evig liv, og evig venskap med Gud. Me vert, som Paulus seier det, lemmer på den eine Kristi lekam, der Kristus sjølv er hovudet, og me vert fylt med Den Heilage Ande, som gjer at me ropar Abba, Far!

Alt dette er gåver me tek i mot, Guds rike signing som me vert fylde med og styrkte av. Men det ein ting til, som me skal lyfte fram nett i dag. Å verte eitt med Kristus i hans død og oppstode, og å verte innpoda på hans lekam, det gjev oss samstundes eit oppdrag.

Som kristne er me ikkje berre mottakarar av Guds nåde. Me får også ei oppgåve. Me skal vere Kristi hender og føter, blikk og munn, og me er kalla til å gje vidare av den signinga som me sjølv har fått del i. Den gongen Jesus metta 5000 menneske sa disiplane til Jesus at han måtte sende folket avstad for å at dei kunne få kjøpt seg mat. Men Herren svara: «De skal gje dei mat.» Dei sette seg i grupper, Jesus bad takkebøna, og ut av fem brød og to fisk vart alle mette. Og displane sprang til og frå, og delte ut av dette overstrøymande sabbatsmåltidet som Herren gav folket der ute på slettene.

Dette er også vårt oppdrag i dag. Me skal gje mat. Klede. All Guds signing, der me kan. Me går no inn i den Globale veka mot moderne slaveri. Norges kristne råd har trykt opp eit hefte som mediterer over Josef som vart kasta i brønnen og seld som slave, og om korleis mange menneske lid under slaveri også i dag. På globaluke.no kan de finne meir stoff om alt dette, og innspel til kva ein kan gjere i dykkar eigen kyrkjelyd.

Det er mange menneske der ute som treng hjelp til å kome ut av vonde kår og ufridom. Dette er noko me kan hjelpe til med, både heime og i fellesskap i kyrkjelyden. Gud har sans for miskunnsgjerningar. Han ivrar etter at me skal ta del, vere kreative, bruke oss sjølve for å yte det gode. Og sjølv står han klar til å yte det som berre han kan gje.

Men før me set i gong, før me tenkjer ut kloke planar for å hjelpe dei som treng oss, lat oss sjølv stoppe opp litt, og la oss ta i mot dei gåvene som berre Gud kan gje oss. Me kan lytte til visdomen frå Charles de Foucauld, grunnleggaren av munkeordenen Jesu små brødre, som slo seg ned langt ute i ørkenen sør i Algerie, der han levde med meditasjon og stilla. Han kom fram til ein livsregel som også for oss kan vere ein vegvisar for oss, i vår hastige tid:

Ein time om dagen, ein dag i veka, ei veke i året – skal menneske vere i sin ørken…

Journalistane spør alltid: Kan du vere meir konkret? Så for å vere meir konkret vil eg gje eit råd: Set dykk ned heime. Er de fleire, set dykk saman og les høgt frå heftet, forteljinga om Josef og brørne hans, og om korleis ein livsskjebne som slave vert til forløysing for brørne som selde han som slave. Det er ei gripande soge som grip inn i oss og dreg oss inn. Her på talarstolen her eg står er det satt opp ei lita påminning: «Tal langsomt – etterklang». Ja, les historia høgt for kvarandre, les langsamt, og lat Guds ords etterklang fylle våre hjarte.

I Faderens og Sonens og Den Heilage Andes namn.