Grensesprengande Ljos

Lesingar Kyndelsmesse

Kyndelsmesse i Noreg vert feira på dagen, det vil sei den 2. februar, og soleis finn festdagen vanlegvis stad  på kveldstid. For nokre år sidan skulle me til å byrje feiringa i St Dominikus kloster, og presten rakk akkurat å seie innleiingsorda før sikringen plutseleg rauk. Men sidan det var kyndelsmesse sto folk med (og som) tente lys, og det heile likna mykje på ei påskemidnattsmesse. Presten lot det stå til, og messa held fram med to lesingar og evangeliet, og med ministrantar som held prosesjonslysa på kvar side vart det verkeleg ei vakker kyndelsmesse!

Men då preika var over skulle eukaristien byrje, og alt vart med eitt meir komplisert. Då, som et mirakel, kom lyset att! Det kan sjølvsagt også ha noko å gjere med at broder Gerard endeleg fann fram til rette sikringsskap og sikring, og fekk skrudd i ein ny i rette ttid. Men det forhindrar ikkje karakteren av mirakel, eller i det minste av guddommelig timing!

Festen i dag er Guddommelig timing. Det er Herren som stig inn i vår verd. Stjerna som lyste der over stallen her no kome til vår jord, og det evige ljoset strålar mot oss innenfrå, frå Herren sjølv, og frå vår dåp der me er blitt eitt med dette ljoset. Denne guddommelege timinga er i røynda Guds eige tid. Det er den vitale tid som breier seg nett i denne stund, i liturgien. Denne stunda, og denne staden, er det vitale romet, den vitale tida. Her trer me ut av tida, ut av romet, og inn i Guds eigen tid og Guds rom. Me vert omslutta av Guds egen tid, Guds eige rom, fyld med Guds eige nærvær. Hele verda verte teken inn i denne guddommelige vitaliteten; ikkje berre me som er samla her i dag, men også alle dei som slit, dei utstøtte, dei som fortvilar, ja sjølv dei som synest fortapte! For Kristi ljos strålar no for alle mennsker.

Me syng i dag Symeons lovsang, den kjende lovprisinga av Kristi ljos som er kome til vår jord, den me syng i kvar kveldsbøn, completorium. «Herre, no let du din tenar fare… » syng Simeon, men kva fred er det som fyller Simeons sjel? Det er den freden som gjer at Symeon kan leggje seg ned i dødens rike viss på at han ikkje vert etterlaten der. Han veit at bornet han no held i sine hender, og som han lyfter i lovprising, det er Livet sjølv. Det livet som ikkje noko eller nokon kan forbli uberørt av.

Dette strålande nærværet skriv den heilage Epifanios av Salamis om i ei av sine homilier. Her skildrar han korleis stilla og einsemda senkjer seg over jorda, i det den store kongen er sovna inn. Han som var er ikkje meir. Men Kristus lever. Han stig ned i dødsriket, for der å forløyse Adam og Eva, far sin  og mor si.
Og den heilage Sabbat held fram:

«Han går inn til dem med korsets seierrike våpen i hånden, og Adam, den første skapning, vår første far, det første dødelige menneske og den første som ble holdt fangen av døden, hørte Herrens trinn. Han gjenkjente hans stemme og ropte ut: «Jeg hører fottrinn av en som kommer!» Og mens han talte, trådte Herren inn. Da vår første far, Adam, så ham, ble han rystet, slo seg for sitt bryst og ropte: «Min Herre er med oss alle!»

Da grep Herren Adams hånd og sa: «Reis deg opp, du som sov, reis deg opp fra de døde, og jeg vil glede deg med mitt lys. Jeg er din Gud, og for din skyld er jeg blitt din sønn.

Stå opp, du som sov, for jeg skapte deg ikke for at du skulle være her, lenket i dødsriket. Reis deg opp fra de dødes midte, for jeg er de dødes liv. Reis deg, du mine henders verk, du som ble skapt i mitt bilde. Reis deg og la oss gå herfra, for du er i meg og jeg er i deg; nå er vi ett.»

Det er dette Symeon ser som i ein profetisk glimt i det vesle barnet han held i sine hender. Det er livskrafta sjølv han har fått røre ved. Men det gjeld ikke berre Simeon. Ljoset me held i hendene i dag er det same, det er Kristi ljos som sprenger grensene for tid og rom, og som frir oss ut, forløyser oss og gjev oss heilag fridom!

Dette ljoset som me har fått i hendene har me ikkje fått for å sette under ei skjeppe, men i ein stake. Me har fått det for å la Kristi ljos skine for vår neste. Katarina av Siena snakkar forresten om vår neste, og ho sier at vår næraste neste, det er jo oss sjølve. Me skal la ljoset som skin mellom oss her i dag lyse for vår neste, og inn i vårt indre. Me skal la dette heilage skinet få fylle dei myrkaste krokane, ikkje berre det me sjølv likar å sjå, men heile vår sjel, der det ikkje er gjort reint, der myrkret får råde, der dødskreftene og demonane gøymer seg. For det finst ikkje noko i oss som vår Herre ikkje toler å sjå. Han sier tvert om: eg er livets ljos. Eg er ditt livs ljos. Lat auge ditt bli gjennomlyst, så du på fullkoment vis kan lyse for denne verda.

Denne kristne fridomen er ein viktig bodskap i denne kyndelsmessa. Det er fridomen som er meint å vekse i oss, ta bolig i oss, slik at vårt liv og virke gradvis vert fyld av Kristus som handlar gjennom oss. Eg avsluttar med nokre linjer forma som ei bøn, eit enkelt uttrykk for livet me søkjer i Kristus.

Eg legg deg og alle på altar i dag,
så lyftest me upp i dei himmelske lag.
Der held kristenskaren i Anden ein fest
medan englane omgjev kvar einaste gjest.
Og når me vert sende til hjelp for vår bror,
vår neste, våre sysken og all naud på jord,
då kjenner me gløden av flammande ild,
som lyfter, som bærer, som seier «Eg vil».
Ja Herre, gje kraft for vår gjerning i dag,
gje styrke og tolmod i all livets slag.
Men skjenk framfor alt den krafta me får
av kjærleikens kjelde som gjev evig vår.
Gud signe din dag og Gud signe dei kjære
som du ber i ditt hjarta, dei fjerne, dei nære.
Eg ynskjer deg fred og Guds varmande tru,
som leier deg varsamt til himmelens bu.
Må Herren få vekse i sjel og i sinn
til ein gong me lyftest i himmelen inn.