Sjå det mennesket

Lesningar påskevigilien

Me feirar vår frelse i natt. Me vert vitne til Guds store plan for å utfri menneska frå synda, gje alle evig liv og evig venskap med seg. Me hyllar vår trefoldige Gud, som i sin store visdom gjev oss fridomen til ikkje berre å fri oss frå døden, men til å leve i venskap og tillit til Herren som gjev oss fridomen ved sin kjærleik og sin lydnad. Guds Son har vore nær oss heile vegen, frå skapnad og fram til no. Ved han, med han og i han er verda forma, og gjennom han er verda utfridd og forløyst frå synda og alle vonde makter. Sonen var der som den profetiske skuggen som heile vegen fylgde Israelsfolket. Han viste seg i teikn og under, i det store exodus frå Israel som vert vår dåp, som manna i ørkenen og som kjelda langs vegen – den gudgjevne næringa som peikar mot eukaristien. Han er der, som stemma ved profetane, og som Messias som alle venta på. Og til slutt steig han inn i vår verd, ikkje lengre som teikn, men som seg sjølv.

I dette ljoset er påskehøgtida ein maktdemostrasjon, der Herren forløyser det store Halleluja som me har halde tilbake gjennom påsketida og fram til denne natta. Gud er komen nær, i sanning og i miskunn. Det er jubeltid!

Men Kristus er meir enn ei openberring av Gud. Han speglar også noko i djupet, ikkje berre av Gud, men også i mennesket. Me høyrer klangen av dette allereie i salmenes bok, der Guds Son talar med eit menneskeleg språk, eit språk me kan kjenne oss att i. Det kunne vore deg og meg som klagar eller lovprisar i salmene. Profeten Jesaja snakkar om ein smertens mann, vel kjent med sjukdom. Den lidande tenaren. Mannen som ber den store børa… Alt eit språk som me i vekslande grad kan kjenne att frå våre eigne liv.

Og når Jesus endeleg står fram i denne verda, er det ikkje i velde, men som eit spedbarn. Han brukar ikkje verdsleg makt, og går berre inn der han vert ynskt velkomen. Når han til slutt står framom Pilatus overgjev han seg utan motstand. Pilatus ser han, det arme mennesket ironisk utkledd i purpurkappe og tornekrone, og utbryt: Ecce homo – Sjå det mennesket! Som om han vil sei: Sjå denne ringe mannen. De vil døme ein som gjer godt, ein som er mild av hjarte, audmjuk av sinn. Slik ser kan hende Pilatus på Herren. Men orda hans dekker så mykje meir, og Pilatus si profetiske tale finn si fylde i vår kristne tru! Sjå det mennesket. Sjå det fullkomne mennesket, mennesket som alle menneske er forma etter, og som alle skal strekke seg mot.

I natt ser me dette mennesket. Og i mennesket Kristus ser me noko av oss sjølve. Jesus er ein spegel der me ser vår eigen fullkomne skapning, slik me vart forma av Guds kjærleiksfulle tanke endå før me vart skapt. Og i Herren kan me kjenne vår lengt etter vår sanne person, fridd frå alt som tynger av synd, redsle og indre uro, og fylt med fred, kjærleik og i Kristi fridom. Ved mennesket Kristus forstår me at det er i han at også me lever våre liv, ikkje utan synd, men fridd frå synda si skuldebør, og med blikket retta mot det me skal bli.

Ved Herrens liv og frelse får me del i frukta av det fullkomne mennesket, Jesus Kristus. Det er han som viser oss vegen til Faderen. For «den som har sett meg, har sett Faderen» seier Jesus (Joh. 14.9) Og ved Kristus får me også kjenne korleis Faderen ser oss. For Faderen ser Sonen sin, ikkje berre etter sin guddommelege natur, men også i sin menneskelege veren. Og han ser oss med det same miskunnsame blikket som Kristus møter oss med. Gjennom Jesus møter me Faderens blikk på oss sjølve. Faderen ser oss i natt. Difor jublar me dobbelt. For me har sett Gud. Og Gud har sett oss.