Påskenatt med sanningssang

Det er påskefest, for grava er tom, han er ikkje der! Den unge mannen som ventar kvinnene i gravhola er full av lovnader: Han er oppstanden, de finn han i Galilea. Han ventar dykk!

Ein ville kanskje tenke at dette var ord som ville skape glede? Ikkje slik Markus skildrar det. Med angst, ute av seg, og fulle av redsle forlèt dei grava, så ute av likevekt at dei ikkje klarar å sei noko.

Bibelforskarar, og blant dei dominikanaren Fillipe Lefebvre, viser til at Markus-evangeliet har to endingar. Den kanoniske versjonen som endar med vers 20 i kapittel 16 fortel om gjensyn med Kristus og hans himmelferd. Men ein ser også for seg ein meir opprinneleg versjon, som sluttar med dei siste orda av dagens lesing i vers 8, som seier: «dei sa ikkje eit ord til nokon, for dei var redde.» «av bare redsel sa de ingenting til noen» (Mark 16,8). Det er altså det tause vitnesbyrdet som vert den fyrste forkynninga av Guds Ord i fylgje Markus. Guds frelsesgjerning trenger inn i deira indre, og fyller kvinnene med age. Dei teier ikkje fordi dei ikkje trur den unge mannen i gravhola. Dei teier fordi dei har møtt sanninga åsyn til åsyn. Gud er ikkje borte. Herren er gått frå død til liv, og er komen heilt nær.

Kvinnene gjev det same vitnesbyrd som me finn så mange stader i bibelen når Gud kjem nær: Skjelvande, med angst, og utan av stand til å tale. Det dei har sett er for stort til å gripe, for stort til å tale om. For det dei har vore vitne til endrar ikkje berre deira syn på Kristus, men også på historia, på verda, og på dei sjølve. Kristi frelsesverk er sanninga som sprenger horisontane, og som utfordrar kvinnene og alle som sidan vel å tru på Jesus Kristus som Guds Son, Ordet som både frelser og skapar.

Dei deler noko den same skjelvande stilla som prega Adam, der han sat i dødens fangenskap, då han med eitt kjente att ei velkjend stemme, og Herrens trinn. Han skalv og slo seg for brystet, men Kristus tok han ved handa og sa: «Reis deg opp, du som sov, reis deg opp frå dei døde, og eg vil glede deg med mitt ljos». «Reis deg, – ja, reis dykk alle – lat oss gå herifrå, frå døden til livet. (Epifanios av Salamis). Slik byrja Eva og Adam si siste vandring, saman med han som kallar seg Vegen, Sanninga og Livet.

Katarina av Siena seier om Kristus at han er himmelbrua som gjenreiser vegen frå Adams fall slik at sanninga vert oppfylt. Denne brua er i følge Katarina å sjå som ei vandring der me gjennom vår åndelege utvikling veks stadig nærare Jesus. Me veks i den openberra sanninga som me feirar i natt, og som me ved vår dåp og vår tru har fått del i. «Denne vegen må du halde deg til under alle tilhøve, for det finst ikkje nokon situasjon som kan forhindre deg verken frå evne eller forplikting til å gjere det.» (Dialogen 55, 110).

Det er denne sanningsvegen me feirar i natt, som får kjerubane til å juble og himmelkreftene til å skjelve! Me har fått retning og feste for vårt liv, og Guds løfte om trufast kjærleik under heile pilegrimsferda. Med Kristus på vår side skal kristenlivet bli eit Kristus-liv, eit liv som speglar Jesu gode og sannferdige gjerningar i stort og smått. «Han la i min munn en ny sang, en lovsang for vår Gud» står det i salmenes bok. (Salme 40,3)

Det er den nye songen som lyder i natt, og som skal finne sin gjenklang i våre tankar, ord og gjerningar. Det er ikkje minimumstrua me feirar i natt, men Kristus i alt og alle! Gud kallar oss ikkje berre til å gjere våre plikter, men til å ta initiativ. Gud kallar oss ikkje berre til lydnad, men til kreativitet! Me er kalla til å gå sannings veg, og slik Herren skapte noko nytt, slik skal me óg opne nye dører, oppdage nye rom, vitne om Kristi ljos ved våre liv. Dette er heile kyrkja sitt kall, grunnfest som ho er i Kristi lekam. Så lat oss gå Kristus i møte saman med alle dei heilage, for i natt ventar han oss, han kjem oss i møte innanfrå, og leier oss til bryllupsfesten med seg.

Påskenatt i Sankt Dominikus.
Foto: Magnus Nyløkken