Anden i einskap og mangfald

Tekstar for pinsedag år A

Me feirar i dag kyrkja sin fødselsdag. I dag vert kyrkja utrusta for den lange ferda mot dei himmelske strender. Kyrkjeskipet me alle er boren av får både segl og ror, kompass og retning, ja, til og med vind i segla! Pinsefest er det store kast-loss for kyrkja og dei truande. Og det startar med ein guddommeleg pust, i det Kristus andar på apostlane og gjev dei Den Heilage Ande.

Orda i Johannesevangeliet er som ein atterklang av skapelsessoga i Det gamle testamentet: «Då forma Herren Gud mennesket av støv frå jorda og bles livspust i nasen på det, og mennesket vart ein levande skapning.» (1. Mos. 2,7) I dag er det altså andre gong at menneskeslekta vert fylt av Guds eigen ande. Den fyrste gongen fekk me livet i oss. Denne gongen er det livsens kjelde me tek i mot. Gud sjølv tek bustad i oss, og det pregar kyrkja og kvar einskild truande på særskilt vis. Den Heilage Ande leier oss ut av det ufullkomne, og møter mennesket i sine djupaste lengsler. Me kan lyfte fram tre grunnbehov som vert oppfylt ved Den Heilage Ande sitt nærvær i kyrkja.

Den fyrste spontane reaksjonen av Heilagandens kome viser seg i skildringa i Apostelgjerningane. Disiplane vert merkt av elden, og den guddommelege flammen løyser tungebanda, sprenger dei språklege skilja, slik at alle kan forstå. Gjennom mangfaldet av språk opnar det seg eit nytt språk, eit sanningsspråk der alle vert eitt. Trass alle språklege og kulturelle skilnader vert alle eitt i Andens eine tungemål. Dette er ikkje berre vage ord, men kvardagsleg røyndom, særleg i vår multinasjonale katolske kyrkje her i Noreg. Som når ein til dømes havnar på grillfest den 17. mai med presteskapet i St. Olav som er samla frå alle kantar av verda, og ein ikkje forstår verken polsk, vietnamesisk, tysk eller spansk. For ei usannsynleg samling av forskjellige menneske samla til grillfest. Og likevel er det einskap, samhald, glede og song! Anden foreinar og knytter einskapsband, i det små og i det store. Dette svarar til den djupe lengten menneske har etter å kome saman i kjærleiksfull einskap. Anden reparerer den djupe splittinga som synda drog med seg inn i verda. Ho forløyser hjarta, opnar det som skil, og lækjer våre indre sår. Heilaganden bønhøyrer Jesu eiga bøn, når han i si yppersteprestelege bøn ber om at dei alle skal bli eitt!

Ut av denne einskapen veks det fram eit blomstrande mangfald. Ved Anden vert me eitt i Kristi eine lekam, og kyrkja vert ein korpus som samhandlar i si misjonsgjerning. Kvar einskild av oss skriv seg inn i denne einskapen, men ikkje på likt vis. Kvar av oss får vår eigen, særskilde plass å fylle. Den Heilage Ande skapar eit harmonisk mangfald der kvar av oss fyller si eiga rolle. Dette får meg til å tenke på ein retrett eg leia for ei stor gruppe ungdomsskuleelevar ein gong. Me mediterte i fellesskap over bibelteksten om Sakkeus, og etterpå fekk elevane ei rekke spørsmål dei skulle svare på skriftleg og individuelt. Eit av spørsmåla var: Korleis vil du bli sett? Ein stor majoritet svarte nøyaktig det same: Eg vil bli sett som den eg er. Det er eit grunnbehov som me ofte kjempar med i vår tid. Å bli sett. Men det er nett det Den Heilage Ande gjer i våre liv. Anden ser oss som den me er. Og kallar kvar av oss ut frå vår eigenart, og vil gjere oss fullkomne slik me er skapt, unike i Guds bilete.

Ved einskap og mangfald viser Den Heilage Ande seg i ei dobbelt rørsle, både i kyrkja som heilskap, og i var einskild av oss. Anden samlar, foreinar og gjer oss til eitt. Og den same Anden lyfter fram det unike i kvar av oss. Dette gjer oss til smidige truande, og me er kalla til å øve oss i denne doble rørsla. Me er kalla til både å finne saman i Kyrkja sin store einskap, og me er kalla til å finne oss sjølve. Til hjelp har me Guds eigen Ande i vårt indre til vegleiing og trøyst. Det er denne nåden pinsefesten vitnar om. Me vert Andens medarbeidarar i det store, felles arbeidet som kyrkja er sett til å ta del i, -misjonen. For Andens gåver vert aldri gjeven berre for oss sjølv. Anden strekkjer seg alltid utover, alltid vidare, alltid mot nye lengtande sjeler som treng å få del i dei gåvene me sjølv har fått del i.

Er dette eit glansbilete av Kyrkja? Me veit jo at det ikkje alltid er like harmonisk i kyrkja sitt liv? Eller i våre eigne hjarte? Kristus kjenner våre brytningar og vår ambivalens. Vår hang til synd, våre tvil på det gode, vår fortviling og alle irrgangar i sjela sitt djup. Og midt i alt dette kjem Jesus til oss i dag, med dei orda som menneskeslekta treng meir enn alt: «Fred vere med dykk.» For dette er menneskehjarta sitt djupaste behov: Me stundar og sukkar etter fred. Me treng fred og miskunn, og Jesus skjenker oss begge delar: Han skjenker fred, sin eigen, heilage fred. Og gjev oss som kyrkje, og som einskild truande, evne til å tilgje.

Livet spring ut av desse to orda som Herren ved Den Heilage Ande skjenker sine disiplar og oss i dag: tilgjeving og fred. Anden gjev oss eit klårt blikk slik at me kan sjå sant og forstå skilnaden på rett og gale. Anden gjev oss kraft til å forløyse våre medmenneske og oss sjølve ved tilgjevinga si kraft. Og Anden trøystar oss og gjev oss håpet om vår endelege forløysing, der Guds og vårt liv ein gong vert eitt.

Andens dag er tilgjevinga sin dag. Andens dag er fredens dag. Signa pinse.