Ei brudekyrkje og ein lengtande brudgom


Kjære kristne.

Det er underleg å høyre Evangelieteksten i dag. Jesus vaskar disiplane sine føter, mens me har pakka tærne djupt ned i gamasjane og sit i ei elles tom kyrkje. Det er i sanning ei annleis påske me går inn i. Men saman skal me feire dette mysteriet, og me skal feire det med innleving og lengt etter full foreining med vår Herre og Frelsar. Og kanskje møter me påskemysteriet på ein særleg sårbar måte i år, når alt me lengtar etter, og nærværet me er så vant til er tatt frå oss. I ei slik stund kan me ta oss særleg tid til å grunne over kva plass trua har i våre liv, og korleis me kjem vår Herre i møte frå våre ufrivillige eksil frå kyrkja sitt fellesskap og frå kyrkjerommet. I kveld er me alle samla med Kristus på øvre sal.

Tekstane i dag vitnar på forskjellig vis om Guds brennande kjærleik. Israelsfolket slaktar og et påskelammet, medan den øydeleggande engelen sparer alle hus der blodet frå lammet vert smurt på dørstolpane. Dette er måltidet som skal etast i hast, før folket går gjennom vatna og døden til livet og løftets land. Heile denne hendinga er eit frampeik på den fullkomne frelsa me får del i ved lammets offer, Guds Son som gjev seg sjølv som offer for menneskeslekta og gjenreisinga av heile kosmos. Fotvasken er symbolhandlinga som gjev våre prioriteringar, val og handlingar retning, og som demonstrerer korleis me skal spegle den kjærleiken Gud skjenker oss: sjølvoppofrande, tenande og med omsorg for dei som står rundt oss.

Ja, for det er ei intens og varig kjærleikshistorie me tek del i denne stund, ei kjærleikshistorie mellom Gud og menneske, openberra i sin fylde ved han som kallar seg Menneskesonen. Jesus Kristus er eit namn med mange andlet. Vår Herre er den store lærar som underviser om Gudsriket. Samtidige av Jesus såg på han som ein rabbi som underviste folket med autoritet som dei skriftlærde ikkje hadde. Han er profeten som openberrar Guds plan. Han er Messias, han som skal kome og fullende skriftene og deira løfter. Og han er Guds Son, som ofrar seg for verdas synder. Alt dette vert skildra i skriftene. Men om me vender oss til Johannes døyparen har han eit anna svar. Når disiplane spør han om reinsinga i dei jødiske rituala, svarar Johannes: «Eg er ikkje Messias, men eg er send føre han. Den som har brura, er brudgom.» (Joh 3, 28f)

Kvar kjem dette bilete frå? Kor har Johannes døyparen brudemotivet frå? Og kva meiner Johannes då han svarar disiplane på denne måten, som slett ikkje er opplagt eller intuitivt lettfatteleg.

For å få svar må me langt tilbake i Israels historie. Etter at Israel vart fridd ut av Egypt, og folket hadde byrja på den førti år lange vandringa mot det lova landet, kom dei etter nokre veker til Sinai-fjellet. Det var her Moses fekk steintavlene med dei ti bod. Og det var her Gud, etter å ha gjeve folket både manna frå himmelen og vatn frå klippa, slutta si pakt med sitt folk.

Pakta som her vart inngått var ikkje berre eit heilagt band som vart knytt i samband med overgjevinga av dei ti bod. Det var eit Guddommeleg bryllaup mellom Gud og hans folk. Det heile gjekk slik til:

Moses byggjer eit altar ved foten av fjellet, nøye instruert av Herren sjølv. Folket ofrar brennoffer og fredsoffer, og blodet vert stenka over altaret der Gud er nær, og over folket som står omkring. Og like etter held Gud måltid med leiarskapet av Israel på toppen av fjellet. Slik knyter Herren sitt familiære band med sitt utvalde folk.

I skildringa får 2. mosebok står det riktig nok ikkje noko om ektepakt ved denne hendinga. Men når Israelsfolket ser tilbake på denne hendinga kling det av eit større mysterium som best kan verte skildra som ei ektepakt. Hjå profetane kjem dette særleg klårt fram:

Profeten Hosea seier:
«Derfor vil jeg lokke henne, føre henne ut i ørkenen og tale til hennes hjerte. (…) Der skal hun svare som i ungdomsdagene, som da hun dro opp fra Egypt.»
(Hosea 2,14f)

Og Jeremia skriv:
Herrens ord kom til meg (…) : Så sier Herren: Jeg husker din ungdoms troskap, din kjærlighet som brud, da du fulgte meg i ørkenen, i et land der ingen kan så.
(Jeremia 2, 1f)

Esekiel på si side skildrar Guds brennande kjærleik slik:
«Da jeg gikk forbi, fikk jeg se at din tid var kommet, tiden for å elske. Så bredte jeg fliken av kappen min over deg og skjulte din nakne kropp. Jeg sverget deg troskap, inngikk pakt med deg, og du ble min, sier Herren Gud.
(Esekiel 16,8)

Me høyrer korleis profatene skildrar Israel som brura som vert kalla av brudgomen til å tre inn i ektestanden med han. Herren talar ømt til ho, lokker ho og talar til hennar hjarte, for å knytte ho tett til Guds trufaste kjærleik (hesed).

Dette er eit kjærleiksspråk som langt overgår eit paktsomgrep som skulle det vere ein juridisk affære. Dette er vigslinga mellom Gud og sitt folk, mellom Herren og hans brud. Då forstår me også betre uttrykket me finn i 5. mosebok, der det står at «Gud er ein nidkjær Gud» (5. mosebok 6,15). Ordet «nidkkjær» – på hebraisk qan-na – er det same som vert nytta for det å vere sjalu.

Difor vert også synda noko anna eller meir enn eit brot på ein regel eller ei lov. Det vert åndeleg utruskap mot den heilage vigslinga mellom Gud og folket, og mellom Gud og kvar einskild. Det smertar Gud at hans utvalde vender seg frå han, med ei smerte som skjer djupt inn i kjærleiksbanda han har knytt til sitt folk.

Israelsfolket er opp gjennom historia rik på fråfall frå den intime einskapen med sin Frelsar og forløysar, Men endå meir trufast er Herren over hundreåra. Det veks fram eit løfte gjennom profetanes munn, ein dag skal renne då alt vert tilgjeve, og ektepakta verte stadfesta på nytt. Esekiels ord kling like inn i inkarnasjonens mysterium når han ropar ut Herrens løfte:
«Eg vil minnast pakta eg gjorde med deg då du var ung, og eg vil oppretta ei evig pakt med deg. (…) Når eg opprettar mi pakt med deg, då skal du kjenna at eg er Herren.»
(Esekiel 16,60)

Kjære truande. I kveld held Gud måltid med oss. I kveld stadfestar han på nytt si ektepakt med si kyrkje, «bruden står rede i snehvitt lin» i denne timen. (Åp 19, 8) Av kjærleik gjev han sitt sjølvuttømande kjærleiksoffer, seg sjølv til soning for all urett.

Me går inn i natta då all urett vert sona, natta då kvar einskild av oss vert funnen att og femna av Guds grensesprengande lengt – ei lengt så sterk at ingenting kan halde han tilbake. Brudgomen gjev seg sjølv, til soning, til næring, til einskap med seg.

Og sjølv om me ikkje alle kan dele denne stunda med Herren i hans eigen heim, har me full foreining med han i ånd og i kjærleik. Det er hjartespråket som kling på øvre sal i kveld, og som kallar på vårt tilsvar. Som kvinna som salva Jesu føter og tørka dei med sitt hår, slik skal me la vår kjærleik fløyme fritt og ope. Me skal audmjuke oss slik at Guds miskunn fyller alt i vårt indre, også dei bortgøymde stadene me helst ikkje sjølv vil sjå. Og me skal la Kristus fylle oss med mot til å ta imot dei gåvene han skjenker oss ved sitt sjølvoppofrande kjærleiksoffer:
forsoning, fridom og fred.