Dei som er med oss

Kven er med oss, og kven er mot oss? Dagens tekstar problematiserar dette. Kva er eigentleg svaret på eit slikt spørsmål? Ein dominikanar som me kjenner ganske godt vart ein gong stoppa i eit såkalla check point. Soldaten sto der med maskingevær og spurte bryskt: «Are you with us, or are you with them?» og vår medbror svara: «Oh, I’m with us.» Soldaten blei så forfjamsa at han berre vinka han vidare utan fleire spørsmål.

Det er liknande avvæpnande svar me høyrer i dagens fyrste tekst og i Evangeliet. Når den vesle guten kjem springande til Moses og ropar: «Eldad og Medad taler profetiske ord i leiren!» – då slår ikkje Moses ned på dette, men svarar: «Eg skulle ynskje at heile Herrens folk var profetar, at Herren ville leggje sin ånd på dei!» Og Jesus er endå meir open, og vil ikkje stoppe dei som handlar og gjer mirakel i han namn, men seier tvert imot: «Den som ikkje er mot oss, er med oss.»

Det er menneskeleg å ynskje seg kontroll og orden, og å sjå verda i klårt avgrensa kategoriar. Det er naturleg, for heile skapnaden er fylt med orden, struktur og rytme. Dette speglar seg og i trusoverleveringa gjennom tidene. For Kyrkja har òg ein orden, med ein liturgi som formar vårt trusliv, med ei lære som gjev trua vår substans og motstandskraft mot alle vonde krefter, og med ein organisasjon som er hierarkisk og som skriv seg tilbake til Jesus og dei fyrste apostlane. Me er menneske. Me treng ein grad av orden. Me er skapt i Guds bilete, me er forma av Guds eige, ordnande logos. Eller som vår medbror Arnfinn svara ei skuleklasse som ikkje ville gje seg med spørsmål om kyrkja, det prestelege hierarkiet, liturgi og tradisjon: «Eg får sei som svensken: «Nån jävla ordning måste det ju va!»

Kyrkja er berar av openberringa og løfta, og med fast hand er kyrkja leia gjennom historia av Heilaganden sjølv. Men midt i alt dette vert me stadig konfrontert med innspel frå andre hald enn det me ventar oss. Stadig poppar det fram ei ny og ukjent stemme, ein arbeidarparti-profil som kjempar mot abort, ein diktator som vil slutte fredsavtale, eller ei gamal kommunistavis som vil gje rom for katolske perspektiv på samfunnsdebatten. Det er overraskinga ingen såg kome, og om me spør kven denne stemma er, svarar ho berre: I’m with us! Dette er stemma som er fylt av Den Heilaga Ande, Anden som bles dit den vil. Dette er stemma utanfrå, som likevel kjem frå Gud sjølv. Dette er lagets tolvte mann, den ukjente pilegrimen som kjem med bod, eller en uventa hjelpa når nauda er som verst. Det er det lause elektronet som kallar oss til audmjukheit, og som tvingar oss til å gje slipp på noko av kontrollen og krav til omverda. Me er kalla til å fylje Gud og hans bod, men me er også kalla til å la oss overraske.

For når det kjem til stykket er det ikkje våre teoretiske overtydingar som ber oss gjennom dette livet, men Guds nåde og plan som langt overgår våre tankar. Det fastaste punktet me kanskje har i våre liv og i vår tru er vår vilje til handling og omsorg for vår neste. Me skal late oss forme av Anden til å fylgje Guds vilje i kvar stund, og slik vere Kristi munn, hender og føter i denne verda. Me skal avstå frå freistingar og egoisme. Me skal kort og godt byrje med oss sjølv, og elles la Gud få utfalde seg for og i dei han sjølv finn det rett til kvar tid.

Søren Kierkegaard drøftar overgjevinga i Gud i ein liten tekst kalla «Liljene på marken og fuglen på himmelen». Her leier han oss inn Gudsmysteriet ved å peike på Jesu ord i Matteus-evangeliets 6. kapittel, om korleis skapnaden på fullkomen måte lever i og av Gud.

Fyrst må mennesket sjå på fuglen under himmelen og liljene på marka, som veit å tie. Dei fyller bodet om fyrst å søke Guds rike, berre ved å vere. Fyrst må ein stoppe opp, og vere til stades. Sidan må ein lyde etter Gud, for slik å bli lydhør, og i djupet sant lydig. Eller som Kirkegård sjølv skildrar det:

I Naturen er Alt ubetinget Lydighed. Vindens Susen, Skovens Gjenlyden, Bækkens Rislen, Sommerens Summen, Bladenes Hvisken, Græssets Hvislen, hver en Lyd, enhver Lyden Du hører, det er Alt Adlyden, ubetinget Lydighed, saa Du kan høre Gud deri…
(S. Kierkegaard: «Lilien paa Marken og Fuglen under Himlen» under avsnittet «Lydighet»)

Det er denne disiplinen Jesus siktar til med sine radikale og retoriske bod om å rive ut og hogge av kroppsdelar. Me må oppgje det i oss som står Gud imot, og i staden lytte til han.
Og ut frå denne lydnaden kan det fløyme noko fritt og bekymringslaust. Det er den Gudgjevne gleda som strøymer ut frå erfaringa av Guds nærvær. Sorgene skal me kaste på Gud, han som ser til djupet av oss og som kan gje trøyst i våre tunge stunder. Men Gleda, den skal me strø om oss, nett slik Gud sjølv strør om seg av alle gode gåver. Og slik vil me som lilja og som fuglen kunne kjenne ein større einskap med alt som er, slik Gud er nær i alt og alle. Og då vil kan hende også vi kunne svare, som vår dominikanarbror svara på spørsmålet ved check pointen: «Are you with us, or are you with them?» – I same lettte Ande som liljene på marka og fuglen under himmelen kan me sei: «Oh, I’m with us.»

dav