Omvending og lækjedom

Vår frue av Lourdes har sitt utspring i eit møte mellom ei fattig landsbyjente og Guds mor som valde å vise seg for henne ein iskald vinterdag ved ei grotte i Sør-Frankrike. Da Bernadette plutseleg stoppa opp for eit syn som var skjult for dei andre, men høgst levande for ho sjølv, var det ikkje fyrst og fremst ein bodskap eller formaningar som prega samværet. Bernadette vart slegen av venleiken til Maria, og av hennar milde utstråling. Tre gonger møttest dei, for det meste utan at noko vart ytra. Det var fyrst den fjerde gongen at Bernadette fekk den fyrste bodskapen,
«Bot! Du skal be for syndere. Gå og kyss bakken for omvendelse av syndere. Gå og drikk ved kilden og vask deg i den. Du skal spise de urtene som vokser der.» Ein underleg bodskap å få, sidan det slett ikkje var noko kjelde der. Men Bernadette bøygde seg ned og grov i grunnen, og plutseleg strøymde det fram ei kjelde som i tida som kom skulle vise seg å virke til mirakuløs lækjedom.

Vår frue av Lourdes talar til oss i dag, og gjev oss gjennom Bernadette sine visjonar den same bodskapen i dag: Omvending og lækjedom!

Dette er ein evig aktuell bodskap i Kyrkja gjennom tidene. Likevel har det spissa seg dramatisk dei siste tiåra, med skandaløse overgrepssaker som har gjort stor skade for så mange uskyldige. Desse vonde handlingane er i seg sjølv eit dramatisk uttrykk for fordreide strøymingar i Den katolske kyrkja. Samstundes skriv det seg inn i ein samanheng som svært alvorleg.

Under ein fagdag for katolske prestar i januar peika jesuitten Hans Zollner på problema i kyrkja, og lyfte fram at den krisa som kyrkja står i spring ut av eit tomrom, eit åndeleg vakuum som gjev grobotn for mang slags vondskap. For i tillegg til overgrepssakene finn mangel på åndeleg ankerfeste i Kristus mange andre uttrykk. Ein ser det hjå menneske, det vere seg geistlege eller andre, som vert avhengige av rusmiddel, av pornografi, av seksuelle relasjonar som ikkje nødvendigvis er kriminelle, men som bryt med kyskleiken som seksualiteten skal halde seg til. Me ser det i ynskje om makt eller pengar, eller ganske enkelt i eit egosentrisk og sjølvsentrert liv der den enkelte truande sviktar sitt misjonsoppdrag og nauda for sin neste. Kristus må vike plassen for eit tomrom som så alt for fort vert fylt av vondskap i ein eller annan form. Når me ser på kyrkja med dette ransakande blikket er vegen kort til å avdekke mangel på tru og vilje til å fylgje Gud. Kan hende finn eg dei fyrste teikna like her i mitt eige indre?
Det er nett difor me treng vår Frue av Lourdes i dag: Me treng omvending. Me treng lækjedom.

Vår Himmeldronning er mild og venleg, men ho har ei vilje av stål, ogkan vere ei kraft til tru og ein vegvisar for vårt indre, åndelege kompass. Då Israelsfolket i si tid søkte kraft i Gud tok dei med seg paktskista med lovtavlene ut i striden. Joshua vann over Jeriko ved å gå rundt byen sju gonger, og då trompetropet gjalla siste gongen falt murane rundt byen. Det var Gudsnærværet i paktens ark som var utslagsgjevande. Men for oss er ikkje Guds bod å finne ved orda i lovtavlene. Me finn hans vilje i Ordet, Logos, og den nye paktens ark, ja, det er Maria, ho som bar vår Frelsar i sitt liv, og som sidan viser oss frelsesvegen til Kristus.

Så lat oss overgje oss til Maria sin forbøn for oss, og heilhjarta be om at me ved hennar bøn må fornye vårt indre, den einaste staden me kan byrje for at kyrkja skal verte fylt med Kristus, slik at han ein dag kan bli alt i alle.