Kyrkja feirar pinsefest, men finn liksom ikkje heilt ord for kva som hender denne dagen. Det er kanskje ikkje så rart når bror min hevdar at «Jula er for alle, påska er for mange, men pinse er berre for spesielt interesserte»? Han har i alle fall rett i at pinsedagen er spesiell!

Lukas byrjar skildringa av denne dagen med å sei: «Då pinsedagen kom». Pinse er ikkje eit særkristen fenomen. Dette var allereie ein etablert festdag for det jødiske folket, til minne om då Moses mottok Toraen, dei jødiske lovskriftene, frå Herren på Sinai. Pinsedagen vert såleis dagen då den jødiske loven vert oppfylt, slik Jesus forklarte disiplane: «Tru ikkje at eg er komen for å oppheva lova eller profetane! Eg er ikkje komen for å oppheva, men for å oppfylla.»

Alle som ein av Jesu disiplar var samla denne dagen. Kan hende hadde dei vage forventingar om at noko skulle skje denne dagen? Dei hadde allereie fått Jesu løfte om at dei skulle ta imot Den Heilage Ande, det låg forventing i lufta blant den unge disippelskaren. Likevel var ingen budd på det som skulle skje.

Når Lukas skal skildre kva som hender må han bruke bilete. Dei som var til stades høyrde «et brus i luften, lik et veldig uvær som nærmet seg». Denne lyden fylte heile huset dei var i, og «noe som lignet tunger av ild kom til syne, de delte seg og senket seg over hver enkelt av dem». Dette er Lukas sine famlade ord for å sei kva som fann stad. Det var eit brus lik uver, men det var ikkje uver. Det var noko som likna tunger av eld, men det var ikkje eld! Det som hender blant disiplane denne dagen ligg bortanfor det som let seg skildre.

Dei ikkje-truande som er vitne til dagen forstår heller ikkje kva som hender. Me er «jødar og proselyttar, kretarar og arabarar» seier dei, og nemner tretten andre identitetar knytt til dei forskjellige måla dei talar, som alle høyrer om Guds storverk. Det er det inverterte Babel dei er vitne til, og forvirringa er total.

I forlenginga av lesinga frå apostelgjerningane er det til slutt Peter som grip ordet. Peter som no til fulle er gripen Ordet sjølv. Han legg ut om profetiar og løfte, om Jesu oppstode frå dei døde og hans herrevelde. Han formanar til dåp og omvending, og til eit nytt liv i Den Heilage Ande. Dette er Peter, fiskaren, som svara på Jesu kall ved å seie: «Gå frå meg, Herre! Eg er ein syndig mann.» (Luk 5,8) Dette er kyrkjas fremste apostel, som Jesus i si tid måtte irettesette: «Vik bak meg, Satan!». Peter, som fornekta vår Herre då det gjaldt som mest. Peter som står avkledd og avmektig på ei strand og vert forsona med Jesus.

Disiplane vert fylte av det som overgår dei sjølv. Dei får del i sannings Ande, og vert forkynnarar av Guds ord med kraft frå det høge. Det er ikkje berre fenomena på pinsedagen som overgår dei fyrste truande, men også verknaden. Då disiplane sidan går ut for å forkynne høyrer me korleis mengder av folk vert døypte, og apostlane som legg hendene på dei slik at dei tek i mot Anden. Det gjeld oss alle. Me har del i Anden ved vår dåp og konfirmasjon, me er tempel for Gud sjølv, og med det er kvar av oss også stilt på eit val. Me kan fylgje oss sjølve, eller rettare det i oss sjølv som dreg ned og bort frå vårt kall til det heilage, eller me kan fylgje Anden som bur i oss. Åndens frukter, les me i galatarbrevet, er blant anna kjærleik, glede, selvbeherskelse og høysinn. Og kven vil vel ikkje ha det?

I valet ligg også at det ikkje er Gud som står som domar i våre liv. Det er i røynda me sjølv som dømer ved dei vala me gjer. Kanskje kunne me sei at me er dømt til å gripe guddommeleg storleik? Me er kalla til å sjå vårt verd og til å overgå oss sjølv. Me er vorten utstyrt med meir enn me er, for å realisere fylden av den personen Gud har utrusta oss til å vere, og slik bere vitnesbyrd om frelsesverket som me har fått del i.

Me har fått Sannings Ande i gåve. Det er ei gåve som forpliktar. For ved Anden kan me sjå sant på tilværet, og sanninga kan vere svimlande. Ser me sant på oss sjølve ser me både ljos og myrkre. Me ser våre synder, vår veikskap (som me så ofte fryktar), vår motvilje mot Gud og vår neste, og alt det som held oss tilbake frå å leve ut kjærleiken.

Men sannings Ande syner oss også storleiken i det å vere menneske. Me får sjå Gudsbilete i oss sjølv og i vår neste. Me kan sjå inn i vårt eige hjarte, der Gud sjølv bur. Det er eit grensesprengande perspektiv! Eller som vår irske dominikanske medbror i Roma, Paul Murray, sa det: Før var eg redd for myrkret i meg. No er eg vel så redd for ljoset…

Ved sannings Ande opnar heile skapnaden seg for vårt indre blikk, og når det kjem til stykket synst eg bror min har rett: Me burde vere spesielt interesserte i pinsefesten og hauste fruktene av gåvene me får. Slik vert kristentrua ikkje vaneprega og middelmåtig, men grensesprengande og overraskande, nyskapande midt i det kvardagslege, både for oss sjølv og for dei rundt oss. Eit døme på dette kan me finne i vårt eige kvardagsliv her i klosteret. Når me har kapittelmøte ca. ein gong i månaden startar prioren med ei bøn, som munnar ut i eit av versa frå salmanes bok som me har høyrd i dag.

Han seier: Du sender din Ånd og alt blir omskapt.
Og brørne svarar: Du fornyer jordens åsyn.
(Salme 104,30)

Slik påkallar me Den Heilage Ande i våre kvardagslege avgjerder, og set vår lit til at Gud viser veg i vårt fellesskapelege liv. Me kan ikkje sjå det, me kan ikkje vite det, men me trur det og erfarer det. Det er på liknande vis med messa. Messa held fram på sitt vante liturgiske vis, men Anden er den som fyller dei heilage handlingane med liv og kraft. Det er dette Elias Blix så vakkert lyfter fram i salmen me i dag har sunge, og lat oss minne oss på storleiken frå eit av versa:

Kom ned som liv i aude land!
Kom ned som glo i slokna brann!
Kom ned som sol på frosne eng!
Kom ned som ljod på tagna streng!