Næring for trua

Jesaja spør: «Hvorfor bruker dere penger til det som ikke er brød, og lønnen (…) til slikt som ikke metter?» (Jesaja 55,2) Skal me kunne svare på det må me fyrst vite kva som verkeleg mettar, kva som er til nytte. For liksom å sirkle det inn vil eg nemne noko eg nyleg har opplevd.

Eg kjem nett frå ei fantastisk pilegrimsvandring saman med rundt 30 unge vaksne. Vandringa gjekk frå Bønsnes, Heilag Olavs oppvekststad ved Tyrifjorden, til Kapp på vestsida av Mjøsa, gode 100 kilometer med kulturlandskap prega av 1000 år med kristentru. Og sjølv om ein går gjennom høgst siviliserte område får ein verkeleg kjenne det på kroppen. Når ein vert svolten, vert ein gjerne skikkeleg svolten, og når ein endeleg set seg ned for å ete går det opp for ein kor godt eit knekkebrød med salami og majones eigentleg er. Når kvelden kjem og kroppen får kvile kjenner ein kor saliggjerande er å legge seg i soveposen på liggeunderlag i telt på eit nesten jamt underlag. Sosialt hender det at det gnissar litt undervegs, lunta vert gjerne kortare når ein pressar kroppen ut av komfortsona. Det hender ein må krype til korset, be om orsak, snakke ut, gjere noko godt att.

Å møte seg sjølv og kvarandre på godt og vondt er jo pilegrimens løyndom: alt blir forsterka, sansane vaknar, og det som er vesentleg skil seg ut. Kva som er verkeleg føde trer så tydeleg fram. Og all junk food som ein måtte ha fylt seg sjølv med kjem og fram i dagen, alt som ikkje bygger opp, alt frå manglande omsorg for eigen kropp og helse, å oppdage sine uærlege eller sjølvsentrerte sider, eller åndeleg motvilje og latskap. Pilegrimsvandringa er bøn, og det er også ein botsgang. Det er å gå eit skritt nærare seg sjølv, og møte trua og fellesskapen, men også sitt eige indre på godt og vondt.

Så kva er det som mettar? «Min mat, det er å gjøre hans vilje som har sendt meg, og utføre hans verk» (Joh 4,34) seier Jesus. Han vert næra ved sjølv å nære andre. Brødunderet er ein slik demonstrasjon av å gjere det som mettar. To fisk og fem brød nærar «5000 mann foruten kvinner og barn». Disiplane står ikkje som passive tilskodarar til dette mirakelet. Tvert i mot seier Jesus: De kan sjølv gje dei mat. I Kristus er me kalla til å la oss nære av det som mettar. Me skal stille vår hunger ved å mette andre. Me skal verte fylte ved å gje av oss sjølv, ja enda til gje oss sjølv fullt og heilt, slik vår frelsar viste ved sitt offer.

Kan me verkeleg bli mette på den måten? Kan dette stille vår indre lengsel og naud etter sjølv å bli møtt, femna, halden? Å gå pilegrimslivsvegen fordrar djup venskap med Jesus. Venskap som me finn skildra i mange helgenbiografiar. Katarina av Sienna er eit førebilete.

Tidleg i sine openberringar og visjonar møtte ho Jesus som spurde ho: «Veit du kven du er og kven eg er?» Å forstå seg sjølv var for Katarina grunninnsteget for å fatte Gud og Guds godleik. Svaret som Jesus sjølv gav kan verke nesten brutalt: «Du er den som ikkje er, og EG ER DEN SOM ER» (Thomas McDermott, Catharina of Siena, p. 119). Dette var Katarina sin måte å uttrykke at alt er nåde. Gud er den som held heile tilværet i sine hender, og menneske eig ikkje noko som ikkje er av Gud.  Denne grunnleggande erkjenninga til Katarina speglar på eit vis menneske skapt i Guds bilete.

I vårt Credo stadfestar kyrkja Jesus som «født av Faderen fra evighet», og om Anden seier me at me trur på «Den Hellige Ånd, Herre og livgiver, som utgår fra Faderen og Sønnen» Gud er i sitt vesen sjølv sjølvuttømande og overgjeven til seg sjølv. Det er i dette bilete menneske vart smidd i opphavet. Me fekk i gåve å gje oss over, slik Gud sjølv stadig skjenker av seg sjølv, til seg sjølv og til skapnaden. Vårt grunnleggande kall er å legge av frykta og våge å opne oss for Gud, oss sjølv og kvarandre. Og verkeleg tru at Gud vil gje oss av seg sjølv.

Tør me stole på dette? At Gud kjem til oss med maten som mettar? At han vil virke mirakel i våre liv? At han vil lækje våre mørke sider og synda som kjem til syne i vår kvardag og i våre inste tankar?

Å tru på Gud er også å rekne med at Han vil gje oss det me sjølv ikkje kan yte. Så lat oss starte i rett ende: Ikkje me det med ikkje kan gje, men det me faktisk kan gje. Lat oss legge vår to usle fisk og fem brød fram for Jesus. Det skal ikkje meir til for Jesus å utrette eit mirakel. Det gjeld også i våre liv.