Om me hadde lest inngangsversa for dagens messe hadde me høyrd desse orda:

Da alt var taust og natten var kommet midtveis i sitt løp, kom ditt allmektige Ord, Herre, fra sin kongelige trone i himmelen.

Desse orda samanfattar på sitt vis kva julehøgtida tyder for oss. Den verste romjulsstria har lagt seg no, og me får tid til å tenkje over kva me eigentleg har feira. Difor passar det også godt med dei malmfulle orda i Johannes-prologen. «Det sanne lyset, som lyser for kvart menneske, kom no til verda.» Gud trer inn i sin skapnad i løyndom med heile sitt vesen og sitt ljos, og me vert femna av ein Gud som viser sin endelege solidaritet med sin skapnad. Hans nærvær er ikkje abstrakt. Ljoset som trer inn i verda kjem til kvar av oss, eit personleg ljos, ein personleg relasjon. Slik sett er inkarnasjonsmysteriet både kosmisk og heilt intimt, ei forteljing om ei krubbe i Betlehem, og eit møte med Gud i vårt indre. Desse to hendingane er meint å stadfeste kvarandre, og slik gjere mysteriet nærverande for kvar av oss. Det er dette Augustin siktar til når han seier: Kva hjelper det at Jesus er født, om han ikkje er født i meg? Slik sett er ikkje trua trua noko, men tru som noko me tek del i. Det er eit samliv som vert mogleg ved Jesu innsteg i vår verd, og i våre hjarte.

Nyleg tok eg del i ein liturgi kalla «Korsveis fire veivisere». Ei av bønene der seier:

Å søke Jesus vil si å gi ham det dyrebare – vår oppmerksomhet. Det er å lytte etter hans stemme.

Kristendomen held alltid klårt fram kor naudsynt det er å vende seg mot vår Herre. Skal trua vår få næring og vekse treng me å opne oss for Guds nærvær, Andens vegleiing og kyrkja sitt fellesskap. Likevel er dette i røynda berre halve sanninga. Det er eit Du og eit eg i møte mellom Gud og menneske. Gud trer ikkje inn i ei aude verd der menneske er statist for hans kome. Inkarnasjonen er personleg. Det er difor Jesu frelsesverk vert skildra gjennom alle møtene og relasjonane med menneske gjennom i hans gjerning. Peter og dei tolv apostlane, Nikodemus, kvinna ved brønnen, Sakkeus, Maria Madalena, og alle enkeltmøta i det nytestamentlege materialet, alt dette står der, ikkje som ein parentes før sjølve frelsesverket når Jesu død og oppstode finn stad. Det står der som personlege skildringar av kva frelse betyr for den einskilde. For meg og deg.

Gud kjem meg i møte, slik han møter kvar enkelt i det nytestamentlege materialet. Han lyfter meg mot meg sjølv like mykje som mot Gud, og gjer meg nærverande i mitt eige liv. Ikkje som eit middel for å vere nær Gud, men som mål i seg sjølv. Gud ynskjer å gje både seg sjølv og meg i gåve. For om alt handlar om meg vil ikkje inkarnasjonen riktig kunne nå meg, og eg er avstengd frå det Gud ynskjer å gje. Men om alt handlar om Gud og kva han vil står me i fare for å utslette oss sjølve, og miste syne av den naturlege nåden me har fått ved å vere skapt slik Gud ville at akkurat eg skulle vere. For mykje meg, og Gud vert ein marionett. For mykje Gud, og eg risikerer å miste meg sjølv av syne. Då kan fort Gud verte ein despot som alltid forlangar, som kritiserer eller som fører til at eg druknar i sjølvkritikk. Då endar eg snart opp med å fornekte den Gud-gjevne gåva som livet mitt og min person er.

Det er dette Jesus kjem for å forløyse. Han vil gje oss ei fri sjel i gåve, der me evner å femne oss sjølv slik Gud femner oss, der me ser gåva me er slik Gud ser oss. Julegleda straumar frå den kjelda Gud opnar ved Guds Sons kome. Så lat oss søke oss inn til den stilla der me opnar oss for både Gud og oss sjølv, og kjenne fylden av orda frå dagens opningsvers:

Da alt var taust og natten var kommet midtveis i sitt løp, kom ditt allmektige Ord, Herre, fra sin kongelige trone i himmelen.