Heilt sidan eg konverterte til Den katolske kyrkja som ung vaksen har dagens evangelium hatt ein særskild plass: Jesus seier til Peter: «du er Peter – Klippen – og på denne klippe vil jeg bygge min kirke.» Det er noko urokkeleg ved dette løftet, noko stolt og uforanderleg. Og eg er ein del av denne kyrkja som har fått slikt eit ærefullt forvaltaroppdrag. Binde- og løysemakta ligg trygt i pavemakta og biskopfellesskapen, og ingen dødskrefter kan få makt over denne Kristi brud som er vår kyrkje.

Ser me nærare på teksten ligg det likevel eit premiss for denne gåva løynd i opptrinnet til Jesu deklamasjon. Herren spør disiplane om kven folk seier han er.  Svara sprikar, det ligg ei uvisse i folkeopinionen. «Og de», spør Jesus disiplane til slutt, «kven seier de at eg er?»

Peter tek ordet, og svaret hans speglar den objektive sanninga om kven Jesus verkeleg er. Peter har fått del i openberringa om Messias som Guds sons kome til jord. Han er verken profet eller døyparen. Han er Frelsaren sjølv. Peters utsegn byggjer ikkje på subjektive følelsar eller ønsketenking. Peter står sjølv på klippa som er Guds Ord sjølv, den evige sanninga som aldri vil vike og som dødsriket aldri vil får grep om. Dette er den trygge staden me (så og sei søylefast) deler med Peter og alle dei tolv apostlane.

Jesu premiss ligg likevel ikkje berre i svaret frå disiplane, men også i spørsmålet. Den openberra sanninga som Jesus gjev disiplane del i må på eit vis bli deira eiga. «Kven seier de at eg er?» Dette er den direkte utfordringa til kvar enkelt av disiplane, og til kvar enkelt av oss. Kven seier du at eg er? Jesus utfordrar oss i dag til på nytt å ta stilling til kven han er, og kva det tyder for oss. Gjer me openberringa til vår eigen røyndom i vårt daglege liv og i våre små og store livsval? Når me seier ja til Jesus som Messias og Guds Son grip dette inn i våre liv på gjennomgripande vis. Kvar tanke, kvart ord, kvar handling vert styrt av vissa om at alt me gjer, det gjer me i og for Kristus. Opnar me fullt ut for Kristus i vår eksistens? Gjer me Kristus nærverande og til stades midt iblant oss i våre daglegliv? Jesus gjer Peter til fundamentet for den kyrkja Jesus ynskjer å byggje, og det fundamentet kviler på openberringa som Peter vedkjenner i ord og handling.

Når kyrkja skal skildre kven ho er nyttar ho gjerne mange bilete, men det sterkaste, mest intime og tydelegaste av dei alle er kyrkja som Kristi lekam. Den sanne forvaltar av kyrkja er i røynda Kristus sjølv, som er hovudet for denne lekamen. Og me er kalla til å leve ut Kristus i denne verda slik at hans nærvær vert synleg og leseleg for alle menneske. Inkludert oss sjølve(!)

Eit slikt oppdrag kallar på vår vilje til sjølvoppofring. Me vert eitt med Herren som gav sitt liv, og den same Herren kallar oss til å overgje oss heilt og fullt, og ikkje halde att i vår overgjeving. I boka «From the depths of our hearts» skreven av pave emeritus Benedikt og biskop Sarah drøftar begge presterolla i vår tid. Sarah konkluderer med kva Jesu openberring tyder:

«Jesus Kristus er ein prest. Heile hans veren er presteleg, dedikert og overgjeven. Før han ofra prestar dyr til Gud som offer. Jesus openberra for oss at den sanne prest ofrar seg sjølv. Frå no av, for å kunne vere prest, må me gå inn i dette store Kristi offer til Faderen. Me må bli eitt med Kross-offeret som det som formar heile våre liv.»

Dette gjeld den ordinerte prestestanden på eit særleg vis, gjennom einskapen med Kristus i lydnad, bøn og i sølibatet. Men det gjeld også kvar einskild kristen som er del av det allmenne presteskapet, i det me ved vår dåp er salva til prest, konge og profet.

I dette perspektivet har spørsmålet som Jesus stiller Peter endå eit aspekt: Spørsmålet: «Kven seier de at eg er?» vil samstundes utfordre oss til å ta stilling til vår aktive einskap med Kristus i hans frelsesverk. I ljos av den gåva me har fått del i ved Jesu siger over dødskreftene i verda og i våre liv, er det også ei stund for å sjå ope på oss sjølv , tre endå meir altomfattande inn i det kallet me er gjeven, og spørje oss sjølv: «Kven seier du at du er?»