”Var det ingen andre enn denne fremmede som vende tilbake for å takke Gud? – spør Jesus i evangeliet i dag.

”Var det ingen andre enn denne fremmede..”, denne samariatanen, denne framandarta, denne oss ulike, trugande, påtrengjande…

Den framande- det er i ferd med å bli eit av dei store fiendebileta i samfunnet vårt. Vi har kanskje vore opne mot den framande, men kva har vi att for det? Vi må ikkje vere dumsnille, blir det sagt. Det fins alle salgs folk blant dei framande -som blant oss andre- men framande er i Bibelen også den som lever usikkert, som ikkje har alt på plass, som ikkje synest at alt i livet er maksimalt, tilstrekkjeleg. Vi har kanskje vent oss til å sjå på samfunnet vårt som ”den beste av alle verdner” – ”det er norsk å være best”, som kjent, og når vi er sunne, trinne, ”norske”,så og seie, og har fullt utbytte av alle samfunnsgodane, så treng vi liksom ingen ting anna. Og den store Framade i landet vårt, er etterkvart blitt Gud sjølv. Ja, kanskje er det eigentleg Kristus som kjem incognito den eine samaritanen; han som ”kom til sitt eige, men hans eigne tok ikkje i mot han”? (Joh 1).

Det menneske som ikkje er framand, som har alt på plass – det er det utakksame/det utakknemlege mennesket! Det utakksame mennesket er det motsette av det opne, det takksame mennesket; ja, vi kunne seie det eukaristiske mennesket!

Eukaristien, Takkseinga/lovprisinga/Velsigninga – det er eit av dei eldste og sterkaste namna på kyrkja si gudsteneste, på Den heilage messa! Der ber Kristus, vår evige øvsteprest, seg fram som eit sonoffer og takkoffer for Faderen – og vi får gjere oss og livet vårt til eitt med hans offer.

Men for å ta del i dette eukaristiske offeret,i messeofferet, må vi opne oss opp. Vi må kome oss ut av våre sjølvfornøgde bastionar og vise at vi treng både Gud og andre menneske; at vi lever av det å ta mot og det å gi!

Den framande spedalske gav slepp på seg sjølv, han hadde berre ein sjanse: å gjere slik Herren sa; han gjekk til templet, til presten, til plassen for soninga og tilbedinga, med sin sjukdom – og då han skjøna at han var blitt rein, vende han tilbake til Kristus, han som er det sanne Templet, for å takke, for å bere fram sin eukaristi!

Kristus ser ut over folket vårt i dag og spør: ”Var det ingen andre enn denne fremmede som vendte tilbake for å takke Gud.. Hvor er de andre ni?” ’Hvor er majoriteten?’ Er det kanskje dei som kjem utanfrå, både kristne og andre truande, som må lære det norske folket igjen å ta mot sitt liv frå Gud, å gi sitt liv tilbake til Gud, å takke Gud, å tru på Gud?

Brør og systre! Messa, Eukaristien, er meir enn eit rituale – det er ei livsform, eit livsmønster, eit kall. Vi kjem inn der bak i kyrkja – og står liksom ”langt borte og roper: Kyrie, Eleison!;”Jesus, mester, ha miskunn med oss!” Så får vi del i Krist lekedom ved altaret og så overgje oss sjølve med kropp og sjel til Gud.

Sik kan vi opne oss opp – og då vil kanskje vi også skjøne det vi lenge har gløymt: at ”det kors som har tynget vår nakke/kan blive vår kjæreste sang/Og da kan det skje vi vil takke/for det som vi gråt for en gang!”

Legg igjen en kommentar